fredag, mai 02, 2008

Tur med strandhogg



video
Fem havstrilar padla frå Gråsidalen i halvsekstida 1. mai. Me tok farkostane vår rundt Austreholmen, forbi Melingsvågen og Stille, der me gjennomførte eit lite testløp som Ole Bjarte vann, Yngve blokkerte eit par av oss andre :-) Etter kvart kom me oss attende til Råtapollen, der me gjekk i land og fyrte opp stormkjøkkenet. Unge Ringdal sette til livs store mengder ris og pølse, medan me andre nøydde oss med grillpølser i lompe. Det vart sjølvsagt sett til livs kaffi, sjokolande og for leiaren sin del ein liter med amerikansk leskedrikk. Samtala gjekk kring sommarens padleeksapadar - mellom anna Nærøyfjorden, Fugløy og Fitjarøyane vart nemt. Til slutt tok me oss attende. Me la spesielt merke til kor godt vedlikeheldt Pirholmen er blitt. Her låg det måse på egg, og ein schæfer (var det gamle Canto?) gøydde på oss frå land. Innehavaren vinka til oss også. Og eit par tjeldar studerte oss før dei tok til vengjene...


12,8 kilometer padla me. Gjennomsnittfarten vår var 5,7 km/t på 2 timar 14 minutt. Stoppetida inkludert strandhogget vart 1 time og eitt minutt.

(Foto: Øvst: Yngve i fullt firsprang - som det eigentleg ikkje heiter i kajakk, men, men. Under: Malin og Camilla kosar seg ved stormkjøkkenet. Video: Snutt på nordsida av Austreholmen).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar