mandag, september 25, 2006

Ute etter utfordring?

Njord arrangerer Sotra Sea Kayak Race 21. oktober. Marathon, halvmarathon og mosjoninstklassar. Noko å tenkja på for dei sprekaste av oss?

Slutt på ettermiddags-/kveldspadling for i år

Torsdagens padletur vert årets siste torsdagspadling grunna at det vert mørkt for tidleg om kveldane. I staden satsar me på ein og annan laur- eller sundagstur når vêret tillet det. Krystallklåre vinterdagar kan vera perfekte for padling òg, berre ein ein kledd for eventuelle møte med det kalde vatnet. Under slike tilhøve er det godt å kunna kameratredning - i alle høve for dei som ikkje investerer i tørrdrakt.

søndag, september 24, 2006

Padleperler i Austevoll

I løpet av våren neste år må me få trykka opp ein liten forlder om klubben vår, og ikkje minst om turforslag i Austevoll. Har du vore på ein fin tur, skriv gjerne ned nokre ord og har du fotografi er det endå betre. Send gjerne det du måtta ha digitalt til trond.hagenes@aknett.net.

lørdag, september 23, 2006

Vêret skremte vel?

Det var berre ein medlem som møtte opp i Beinskrokjen på torsdag - men det må vel vêret ta skulda for? Me forsøkjer med nytt mot frå same stad komande torsdag.

søndag, september 17, 2006

Beinskrokjen neste

Torsdag går turen frå Beinskrokjen klokka 18. Me utforskar Busepollen eller kanskje tek me Drøno rundt, alt etter kva vêret blir.

Sist var fem padlarar på ein fullstendig roleg sjø, og padla rundt Lunnøy, med utgangspunkt i Nordevågen på Selbjørn.

onsdag, september 13, 2006

Torsdag frå Nordrevågen

Kvar torsdag er det fellestur - denne ikkje noko unnatak. Turen går frå Nordrevågen på Selbjørn klokka 18. Vêrmeldingane ser fine ut.

mandag, september 11, 2006

Fin fitjartur

Berre tre austevollingar vart med på sundagens tur til Fitjar. Vêret var bra då me sette ut frå Fitjar med kursen mot nordsida Ålforo. Odd Bondevik var, som det hør og bør seg for ein tidlegare fitjarordførar, ein retteleg god guide. Me fekk oss lunsj etter eit par timar før me kom oss til Hanøya, der me gjorde strandhogg. Fascinerande lita øy, lengst ute mot havet med velheldte bygningar og beitemarker på dei øvste delane av øya. Folk må ha slete skikkeleg for å ha rydda områda for stein, og ikkje minst laga dei høge murane me kunne studera nærare. Til saman padla me i omlag seks timar, og fekk sjå mykje av øyane utan at me støytte på mange båtar under vegs.

onsdag, september 06, 2006

KL12440013

Havstril padleklubb er teken opp i Norges Idrettsforbund og Olympiske komité! Stadfestinga kom i brev frå idrettskrinsen, datert 4, september '06. Dermed vert me òg medlemmar av Norsk Padleforbund.

tirsdag, september 05, 2006

Hugs sundagstur til Fitjarøyane

Hugs fellestur til Fitjarøyane sundag. Me reiser med 9-ferja, og vert guida av lokalkjende Odd Bondevik.

Hedlaleita på torsdag

Møt opp 150 meter sør for Austevoll Trelast for å padla på torsdag. Liv Bente er kjentkvinna på turen som går frå klokka 18 og utover.

Forslag til logo



Kurt Jarnes har laga dette forslaget til logo for oss:

Husavik - Blænesøy - Gilsvågen


Rein guttetur med Yngve, Ulf, Trond og Geir H. Sistnevnte viste vegen, medan dønningane i Langenuen gav eit morosamt teppe til å leika seg på. Til saman padla me 10 kilometer på to timar med masse padleprat undervegs. Mellom anna vart idéen om å arrangera eit turløp til neste år - Huftarøy rundt - fødd. Ein distanse på 36 kilometer er i realiteten overkomleg for dei aller fleste.

I Gilsvågen trefte me på ein haug med hegrar, før me på vegen heimatt kunne beundra bårene som braut på Bleneståa i vestavinden. Kanskje noko å prøva seg på ein gong?

søndag, september 03, 2006

Kurssesongen avslutta


Ni austevollingar var med då Havstril og Njord arrangerte årets siste introkurs i padling. Opplegget var som vanleg, med fokus på tryggleik og teknikk. Instruktørar var Julie og Torbjørn frå Njord, med austevollingen Øystein som hjelpemann.

fredag, september 01, 2006

Rulle-rulle-rulle

Kva meir skal ein sei? Lett å verta svimmel?

Mandag frå Husavik

Me prøver oss med Husavik og sørover på mandag - men det er meldt vestleg liten kuling, så om dette vêret står for hardt på - padlar me i staden frå kaien på Heimark og litt rundt i pollen der.