tirsdag, februar 27, 2007

Eksimorulletrening 11. mars

Sundag 11. mars er det berre å møta opp i bassenget på Austevoll ungdomsskule. Torbjørn Nordeide kjem for å ausa av kunnskapane sine når det gjeld å gjennomføra den vidgjetne grønlenderrulla. Det vert oppmøte klokka 13, og me held det gåande nokre timar. Påmelding per sms, telefon eller e-post. Det kostar 130,- å verta med på kurset. Det er berre ope for medlemmar av Havstril.

Hasle til klubbpris

Er du framleis interessert i å eiga kajakk? For rekreasjonspadlarar som likar å vera i ein kajakk som er stødig som fjell er Arne Hasle sine produkt absolutt noko å anbefala. Me har fått til gode prisar, som gjeld levering på ferjekaien. Sjekk denne lenken for sjølve tilbodet.

Ny heimeside

Padleklubben har endeleg fått eige domene. Etterkvart vil me fylla opp med ulikt padlestoff. Har du tips om kva me skal ha på modersida til bloggen vår? Kom gjerne med tips. Nytt adressen vil venstre.

torsdag, februar 22, 2007

Finansiering av tredje klubbkajakk på plass

Me har fått nok sponsorar til å kjøpa inn nok ein kajakk. Denne gongen er det ein retteleg krembåt - ein North Shore Buccaneer, med eit skrog som liknar litt på ein klassisk grønlandskajakk - og som er utruleg kjekk å padla. Båten kjem med ror, og skal oppbevarast sentralt på Storebø til bruk for medlemmar og andre padleinteresserte.

Takk til Austevoll kraftlag BA, Flyfisk AS, Advokat Andreas Iversen AS, Hordafor AS, North Sea Shipping AS, Alfa Engineering AS, BioMega AS, PlanConsult AS og Marine Support AS for støtta til innkjøp av kajakken.

(Foto: Ut i Naturen, Arnt)

Saker til styremøte 5. mars

Har medlemmane noko som bør takast opp av Havstril-styret? Skriv ein mail eller ta ein telefon til Trond før den 27. februar. Saker som mellombels står på agendaen er konstituering av nytt styre, reglar for utleige av kajakkar (til ikkje-medlemmar - krav om våttkort etc.), open kajakk-/demodag i slutten av mai/byrjinga av juni, tilbod til unge padlarar (me har t.d. ingen medlemmar under 26 år - noko me må gjera noko med).

søndag, februar 18, 2007

To kajakkar heim til Austevoll



Havstrils to første klubbkajakkar er på plass. Det eine er ein brukt Current Designs Sirocco, kjent for mange av dei som har vore på kurs med Njord (som me òg har kjøpt kajakken vår frå). Det andre er ein Boréal Designs Inukshuk, som me har kjøpt fletta ny frå Aktiv i Bergen, med massiv rabatt. Me takkar Torgeir for tilbodet og ønskjer meir samarbeid i framtida!

Inntil vidare er kajakkane stasjonert heime i hagen til Trond, men kan lånast av alle medlemmar. Me kjem attende med pratisk informasjon i løpet av mars, då me har styremøte og òg får stadfesta kajakkparkering i Gråsidalen. Inukshuken vil uansett verta stasjonert i Bekkjarvik, gjerne hos gjestgiveriet, men me kjem attende til dette.

Båtane er innkjøpt med støtte frå næringslivet, og me vonar at dei kan vera med å stimulera ungdom, studentar og andre ut på bølhjan blå. Me kjem attende med roll of honour over hjelparane seinare, men me er uansett særs takksame for sponsinga så langt. For ja, det kjem garantert meir på dette feltet i løpet av ein liten månad.

torsdag, februar 15, 2007

Sparkjøp sponsar vestar

Me har fått seks padlevestar frå Sparkjøp, som kan nyttast av klubbens medlemmar. Havstril takkar Tom Eide Knutsen i Sparkjøp for støtta. (Foto: Sparkjøps nettkatalog).

tirsdag, februar 13, 2007

Klubbesøk 10. mai

Torbjørn Nordeide frå NPF kjem og vert med på fellespadlinga 10. mai! Set allereie no av kvelden for padletur, teknikk- og anna kajakkprat!

mandag, februar 12, 2007

Kjenn på iskanten

Tre havstrilar tok seg ein fin liten tur måndag. Gjennom strandline på Busepollen, fekk me sjå nærare på det gamle steinbrotet, og ikkje minst støte på isen inne i vikene. Denne årstida er flott å padla på - men hugs at marginane er mykje mindre dersom du skulle gå rundt. Tørrdrakt vert anbefalt av dei fleste.

lørdag, februar 10, 2007

DVD-ar på veg

Som ein lekk i å byggja opp eit lite klubbmedia-/bibliotek, har Havstril no tinga DVD-trilogien "This Is the Sea". Vert drege fram som referansestoff om den wünderschöne hobbyen (eller var det lidenskapen?) vår.

fredag, februar 09, 2007

Endå ein kajakk får grønt lys

Takka vera K. Halstensen AS med Christian i brodden får Havstril padleklubb endå ein kajakk klar før sesongstart. Dette er ein splitter nye Boreal Inukshuk med utstyr, som Aktiv i Bergen gjev oss heile 32 % rabatt på. Denne kajakken vert truleg stasjonert i Bekkjarvik - til fri bruk for klubbens medlemmar.

Endå meir fokus på tryggleik

Klubben kjem til å investera i ein del tryggleiksutstyr for endå sikrare fellespadling. I tillegg til slepeline, kompass og einskildmedlemmane sitt utstyr, kjem me til å anskaffe naudbluss, reserveårer og truleg ein gps innan kort tid. Dette var ein av tinga me diskuterte på årsmøtet på Bekkjarvik gjestgiveri.

Inspirerande om Svalbard

Dei ni andre Havstril-medlemmane som var til stede på årsmøtet vart inspirert då Ole Jan Flatråker heldt føredrag om dei to ekspedisjonane sine på Svalbard. Saman med gode kameratar har han opplevt tøffe og labile vêrtilhøve, møte med småsinte kvalrossar, glitrande landskap og mykje god padling. Om klubbturane våre ikkje innbefattar Svalbard heilt enno, har me i alle høve fått den fascinerande øygruppa på kartet. (Foto: Ole Jan Flatråker)

torsdag, februar 08, 2007

Nytt styre på plass

På kveldens årsmøte vart det valt nytt styre i Havstril padleklubb. Styremedlemmar er Nina Møgster, Rune Hugøy, Liv Bente Storebø og Trond Hagenes. Varamedlemmar er Yngve Ringdal og Nils-Ove Sørvik. Det nye styret konstituerer seg i byrjinga av neste månad.