mandag, juni 30, 2008

Hettegensarar og t-skjorter til sals

Minnar om Havstril sine lekre t-skjorter og hettegensarar. Me har t-skjortene i storleik s - xl og to hettegensarar i storleik medium att. T-skjortene kostar kr 200,-, hettegensarane 350,- NOK

lørdag, juni 28, 2008

Fyrste nybåt kjem til veka



Klubbens lenge etterlengta Seda Ikkuma 17 blir henta heim frå Stavanger til veka. Torsdag bør båten vera på plass i klubbbnaustet. Me vil gjerne ha forslag til namn på båten - helst ein holme eller eit skjer i Austevoll.

(Foto: Dette er slik nyebåten ser ut. Fargen på vår båt er oransje - Seda Kayaks inc.)

fredag, juni 27, 2008

Kosetur i Drønspollen



Seks stykk på tur. Padledistanse omlag fem kilometer. Gjennomsnittsfart omlag tre knop. Padla inn til Melkevikjo i drønnspollen. Det vart tid til røykjepause og å preika underveis. Hadde medvind på heimveien. Etter retur til Rostøy hjalp eg Ranveig Kolbeinsvik med trening på kamaratredning. Droppa padlerapport som rimar denne gangen.

Vind, men kjekt på introkurs




Hagenes heldt, med hjelp av Hugøy, sitt fyrste introkurs for ti deltakarar på Spissøy sist tysdag. Det var uvanleg mykje nordavind, og eit par av båtane fekk veldig mykje vindfang. Det var vanskeleg å trena på åttetalspadling (sidevegs rørsle) med vind som ville lata det øvste årebladet fungera som segl.

Dei fleste viste fin innsats og smila kom på plass under vegs.

(Foto: Eli Larsen).

onsdag, juni 25, 2008

Frå Rostøy

Møt opp ved bryggja til Rune H. (til venstre ved brua - kjør forbi slippen til eit raund lite naust) klokka 19 i morgon for fellestur. Kvar turen går kjem an på vindretning og oppmøte.

Kansellering av Nærøyfjord-tur

Då me ikkje maktar å stilla med røynd turleiar, ser me oss nøydde til å kansellera turen til Nærøyfjorden i denne omgang. Me vil prøva å få til ein tur i slutten av august i staden...

fredag, juni 20, 2008

Demokajakk i naustet

Togeir og Jarl i Aktiv har lånt oss ein Boreal Design Baffin, som mellom andre Camilla har storlikt. Båten vert liggjande i omlag ei veke, og det er ganske store moglegheiter for at me kjøpet ein slik om ikkje så lenge. Båten vert teke med på introkurset på tysdag.

Moro i kulingen



Fire havstrilar sette ut frå Vassverket i frisk sørleg bris. Vinden var ikkje noko problem og dei små bylgjene hjelpte oss med å oppnå betre fart under vegs. Me sette kursen mot Naustheller det me bisna på nokre av nausta, og leika oss mellom bøyar og skjer. Så kom vinden. Bylgjene bygde seg opp til å halvannan meter, vinden var sterk i kasta. Leiaren vart straffa for å ha padla med halvope spruttrekk og måtte i le og lensa båten før ferda heldt fram på den teknisk relativt forfordrande kyssinga over mot Heimark.

I dei velse straumane innanfor var det roleg, og etterkvart sette me kursen heimover i motvinden. Me heldt oss godt inne ved land for å unngå den verste kampen mot beinalausen. Innimellom to styrtregnbyger kom sola, og det skine ein vakker regnboge over Vassverket til Odd Brekke, Geir Bergflødt og kompani.

(Foto: Ved Naustheler før vinden tok fart - i Småstraumane med bøttevis av regn før me sette ut i vindens rike att. Må huska å fotografera i bylgjer også :-S).

torsdag, juni 19, 2008

Flytta padlestad

Grunna grisevêret og den sørlege kulingen som er varsla i kveld, flyttar me padlestaden til Vassverket i Kvednane/Kjempefaret. Klokka vert 19:15 - i fall nokon kjem til Husavik er leiaren der inntil klokka 19:05...

onsdag, juni 18, 2008

Ny klubbkajakk snart i naustet

Havstril sin nye Seda Ikkuma 17 er kome til Stavanger. Ut i naturen skal berre få lov til å henta conteineren, pakka ut kajakkane som vert leverte, og setja vår på flaggruta. Me reknar med å ha han i naustet tidleg neste veke.

Føl med på bloggen.

Me lånar òg heim ein Boreal Design Baffin, som medlemmane kan testa i nokre dagar. Den skal vera på plass i løpet av fredagen. Me vonar å få nok pengar i klassen til at ein slik båt vert kjøpt inn på ettersommaren!

Føl med på bloggen.

tirsdag, juni 17, 2008

Sjøvettsdag på Trolandshamar skule



Oddbjørn, Camilla og Trond og fire Havstril-kajakkar var å sjå saman med elevar frå Trolandshamar skule inne i pollen på Torangsvågen tysdag. Havstrilane fortalde om padling, spesielle farar, om klubben og viste mellom anna kameratredning. Det såg ut til at fleire av elevane koste seg, og nokre av dei er allereie bebuda som kursdeltakarar utover sommaren!

Husavik denne torsdagen

Sidan det ikkje vart noko tur frå Husavik førre veke prøvar me igjen (kl 19:00). Ta med pølser og noko å drikka, så kan me ta landgang i den vakre vika på Blænesøya. Hagenes tek med eingangsgrillar :-)

Takk til "Gerda Marie"

Reiarlagert "Gerda Marie" har støtta Havstril padleklubb med heile 5 000,-. Me takkar hjarteleg for støtta...

søndag, juni 15, 2008

Rapport frå Nordsjøen

Vår mann på nordsjosildfisket har sendt oss denne rapporten:

fredag, juni 13, 2008

Støtte frå Norwegian Hull Club og trelasten

Me takkar Norwegian Hull Club for støtta på 3 000,- og Austevoll trelast for 1 000 kroner.

torsdag, juni 12, 2008

Kansellert padling

Då kommunestyremøtet ser ut til å trekkja ut, og klubben ikkje kan stilla med leiar til kveldens padling, ser me oss nøydde til å kansellera i 12. time. Dette også utfrå omsynet til at den friske vinden kan føra til nokså utfordrande tilhøve for nybyrjarar.

onsdag, juni 11, 2008

Husavik på torsdag

Det er meldt ein god del nordvestleg vind i morgon. Me satsar difor på ein liten tur frå Husavik. Oppmøte er 19:30.

søndag, juni 08, 2008

Klubbrekord og kos



Ni havstrilar tok turen ut frå Nordrevågen i strålande sommarver torsdag. Ole Jan leia konvoien rundt Lunnøy, og me utforska mange spanande viker og støtte på ein og annan tjeld som sikkert var redd for reirplassen sin. Etter å ha kryssa over til Selbjørnlandet, var me innom Rabbavika og Kobbaneset fø® me staka ut kursen heimover.

På vegen fann havstrilpadlarane flaskepost frå Jeppe, som truleg har lite slektskap til herren på Bjerge.

Det blei det øving på kameratredning for to av klubbens nye medlemmar, under instruksjon av Trond.

5 000 frå Sparebanken Vest

Havstril var ein av dei hedige mottakarane av allmennyttige midlar frå Sparebanken Vest på torsdag. Etter underhalding av Havfruene delte Ragnhild Bjånesøy ut kring 150 000 kroner til austevollske prosjekt. Hpk fekk 5 000, og me takkar hjarteleg for støtta.

I fjor fekk me heile 16 500 hos banken. Som ein ekstra takk delte me ut seks flotte Havstril-t-skorter til dei tilsette i banken.

tirsdag, juni 03, 2008

Tørrdrakter på plass

Klubben har no tre tørrdrakter på plass: Ei NRS Inversion i dameutføring storleik L, to herredrakter av NRS Inversion i storleik XXL og XL. Me får inn ei i storleik L snart. Draktene kan lånast ved kontakt med leiaren - 988 74 253. Når me har skåp med lås i naustet, tek me sikte på å flytta dei ned dit...

Nøkkelen på plass hos Statoil

Då har Svein Arne fått nøkkelen. Han kan hentast ut av medlemmar som òg har med seg våttkort. Det skal skrivast under på låneavtale og kvitterast ut kvar gong ein hentar med seg nøkkelen. Unnatak for våttkortregelen er mellombels gjort for tre medlemmar. Dei veit sjølve om dette.

Frå Nordrevågen

Me tek kajakkane fett i Nordrevågen torsdag. Klokka blir 19:30 før me kjem av gardde, grunna utdeling av allmennyttige pengegåver frå Sparebanken Vest.

Nordrevågen er på Nordre Drivenes. Du kjører opp ved den gamle Doktorgarden, forbi tidlegare Fagertoppen. Når du kjem ned kneika tek du til venstre, og då ligg badevika til høgre etter omlag 250 meter.

mandag, juni 02, 2008

Kjekt symposium




Njord sitt havpadlesymposium var eit innhaldsrik evenement. Det var minst tre havstrilar som koste seg saman med likesinna ved Langøy, Møvik and beyond i helga. Malin og Camilla prøvde seg med eskimoruller ala Thygesen, medan Trond sleit og fullførte padleforbundets aktivitetsleiarkurs. Leiaren kan dermed sjølv arrangera intro- og nybyrjarkurs for vordande havstrilar.

Laurdagskvelden var det fleire interessante ting på programmet. Høgdepunktret var nok Justine C. som viste snuttar frå den komande godbiten "This is the Sea IV", både padling, naturkrefter og fauna såg særs imponerande ut på¨Sørøya på New Zealand. Filmen hennar kjem ut i november-desember, og blir heilt sikkert MINSt like inspirerande som føregjengarane.

Foto: Redningsteknikkar på aktivitetsleiarkurs, Torbjørn Nordeide - profesjonell havpadleinstruktør, Trond saman med Nigel Foster og kona til sistnemde, og sist men ikkje minst Justine Curvengen sprettar champisen ho fekk frå Eivind i Njord etter eit breathtaking føredrag.