onsdag, desember 10, 2008

Blogg-lesarar over heile verda

Havstril-bloggen vert ikkje berre lest i Austevoll. Klusterkartet vårt avslører at me har ganske mange treff i områda kring Moskva, Nord-Tyskland/Danmark og New York. I fjor hadde me mange fleire treff, fordelt på fem kontinent. Typisk er det likevel at Afrika ikkje er dei mest ivrige i padleklubbsamanheng. Dei som lest Austevoll sin havpadleklubb sin bloigg i frå Langtvekkistan oppfordrast med dette å leggja inn ei lita helsing til høgre.

søndag, desember 07, 2008

North Shore med ny heimeside

Ein av verdas beste kajakkprodusentar har endeleg prioriter å laga ei skikkeleg heimeside. Sjekk ut North Shore sea kayaks si heimeside.

tirsdag, desember 02, 2008

20 000 frå DnB Nor



Havstril padleklubb blir tilgodsett med 20 000,- frå Sparebankstiftelsen/DnB Nor, som skal nyttast til å kjøpa inn ein NDK Explorer, ein av dei mest klassiske kajakkane som finst på marknaden. Me reknar med å ha nyebåten i hus utpå nyåret ein gong.

Me takkar stort for støtta frå DnB Nor.

(Foto: frå SeaKayaking UK si heimeside)

fredag, november 28, 2008

Skal gjennoppstå




Klubbhuset på Sveholmen ser enno ut som eit offer for ei nøytronbombe og gjengen frå MadMax. Likevel kjem det truleg til å verta stas her om eit lite år. Me satsar på å få teke ut motoren og deretter laga rommet om til kajakk- og utstyrslager. Uv-jegranes leiar Olav Jarnes melder at det skal lagast tre dusjar i underetasjen i sjølve huset, somme og benyttar. Hpk tek òg sikte på å få lagt ut ei paldebryggje utanfor inngangen vår.

torsdag, november 27, 2008

Spørjeundersøking

Jeg heter Åsta Moen, og studerer produktdesign ved Høgskolen i Akershus. Jeg ønsker å gjøre en liten spørreundersøkelse blant aktive padlere i Norge om deres behov for å ta med mer bagasje enn de har plass til i sin kajakk/kano. Det er en helt anonym undersøkelse, og ingen andre opplysninger enn svarene i undersøkelsen blir lagret.
Hilsen Åsta Moen

To nye DVD-ar på biblioteket

I løpet av nokre dagar kan alle padleinteresserte låna DVD-ane "This is the Sea 4" og "Pacific Horizons" på bibliotek ved Austevoll ungdomsskule. DVD-ane er ei gåve frå padleklubben til biblioteket.

lørdag, november 22, 2008

Til inspirasjon - til dei som ynskjer å finpussa rulla

Hmmm... Her har du altså diverse ruller, med og uten åre. Sjå og nyt, men vit samstundes at rulla som oftast ikkje er naudsynt under vanlege havpadletilhøve. Altså, vidare til YouTube.

fredag, november 21, 2008

Takk til sponsorane

Havstril pk ynskjer nok ein gong å takka sponsorane som har støtta oss i 2008. Dette har gjrot det mogleg for oss å styrka tilbodet til medlemmane i år. Me har mellom anna kjøp inn reint padleutstyr for kring 35 000 kroner (i all hovudsak ved støtte), i tillegg til anna materiell, slik som tre tørrdrakter, tryggleiksutstyr av ulik art, GPS med kart
og eitt nytt kamera (finansiert med kursinntekter og kontigent).

Liste over sponsorane finn du på heimesida, under Marstein og Drøno, som er dei to særs gode, nye kajakkane våre.

fredag, november 14, 2008

Ny demokajakk utprøvd

Rune og Trond har kjapt prøvt ut Riot Brittany, som me har hatt på utlån frå God Tur. Me har tidlegare prøvt ut Valley Nordkapp, Valley Aquanaut og Valley Avocet. Dei to sistnemnde er dei som kjem best ut av testane med tanke på innkjøp av klubbkajakkar neste år.

Dersom fleire vil prøva Britanny, er han i naustet framtil lunsjtider måndag.

torsdag, oktober 23, 2008

Bonanza hos God Tur

I samband med utgjevinga av "This is the Sea IV" har God Tur i Bergen ei rekkje freistande tilbod, både på generelt utstyr, klede og kajakkar.

torsdag, oktober 09, 2008

This is the Sea iv kjem snart

This is the Sea iv-trailer
Padleklubben har tinga eit eksemplar. Utgjevingsdatoen er den 18. oktober. Dei som er spesielt interesserte kan ta kontakt med leiaren for å låna, men etter nokre veker kjem nok filmen på biblioteket på Eidsbøen, slik som dei andre TITS-filmane

fredag, oktober 03, 2008

Siste torsdag for i år

I tråd med røynslene våre den siste månaden var det berre to som padla i går. Ein heilt fin tur, men mindre haustfargar og fauna å sjå enn normalt på denne årsida innover i pollane i retning Ordførarsvingen.

Det kan godt vera at me tek ein og annan helgepadling. Føl med på bloggen!

Hugs òg at kajakkane er tilgjengelege heile vinteren. Klubben har tre tørrdrakter til disposisjon for medlemmane. Viss du vil kjøpa sjølv, har me gode rabattar hos både God Tur i C. Sundsgt (her viser du berre medlemskortet, så får du 10 prosent avslag) eller direkte gjennom klubben (då tingar me NRS drakta Inversion frå Ut i Naturen i Stavanger).

tirsdag, september 30, 2008

Haukanespollen i haustfargar

Potensiell superfin tur. Møt opp ved parkeringsplassen i brekka ned frå Bjelland i retning Austevoll vgs. Me bærer kajakkane eit stykke og sjøset dei like ved straumen som går under den vesle brua og inn i pollen. Oppmøte torsdag kl 18:00.

fredag, september 26, 2008

Gøy på Kalve

Var og testa lokalitet for rockhopping + Valleyane i dag. Kavle ER plassen. Vika nedanfor/utanfor loshytta. Me kjøper kanskje Aquanaut Club til neste år. Nordkappen treng litt for mykje tilvenning for å funka bra som klubbåt. Gløymte kamera. Ille, for det vart utruleg mykje action frå unge Hugøy i bårene rundt holmane. Og så var det ei flott havørn som kom og nesten helst på ein av oss...

onsdag, september 24, 2008

Valley på prøve



Padleklubben har denne veka ein Valley Nordkapp Enthusiast og ein Valley Aquanaut på prøve. Delvis av privat interesse, og delvis med tanke på neste års investeringar i klubbkajakkar. Dommen let enno venta på seg, men Rune synest i alle höve at dei var gode å rulla med.

mandag, september 22, 2008

Torsdagstur 2. oktober

Andre oktober vert det sesongens siste torsdagstur. Det blir då Haukanespollen i full haustskrud som står på programmet.

fredag, september 19, 2008

torsdag, september 18, 2008

Klubbhus på Sveholmen/Spissøy


Styret i Hpk har i dag vedeteke at me særs gjerne vil inngå ei avtale med Austevoll uv-jegarar om å få disponera det gamle produksjonshuset på friluftsområdet Sveholmen/Spissøy som klubbhus. Samarbeidet vil mellom anna gje oss motorrommet til lager, og me vil truleg òg få tilgang til hovudhuset til sosiale arrangement og bruk av garderobe/dusj m.m.

I hovudsak vil Havstril sine investeringar bli knytt til å setja i stand lagerplassen, produsera og leggja ut eigna kajakkflytebryggje.

Me kjem attende med fleire detaljar når me har skrive kontrakt med undervassjegarane.

(Bilete: D. M. Møgster/Marsteinen)

mandag, september 15, 2008

Bahus/Bakksund torsdag

Oppmøte klokka 18. Rune H. leiar truleg sakene, ettersom leiaren er sett ut av spel av basiluskar av verste sort...

søndag, september 14, 2008

Avlysing av rockhopping

Me fekk ikkje nok folk før avbestillingsfristen, så me såg oss nøydde til å kansellera kurset neste helg...

fredag, september 12, 2008

To veker til

Me kjører to veker til med torsdagspadling, så kuttar me ut fordi det vert for mørkt tidleg. Etter dette skal me prøva å setja opp ein og annan helgepadling for dei som er interessert å lufta på padlearmen sjølv på den kaldaste årstida.

Bilete: Haukanespollen kjem til å stå på programmet i haust. Her med utsikt til Loddo i skumringa.

Me treng fleire på rockhopping

Det er no berre tre stadfesta deltakarar på rockhopping/ bylgjeleikkurset vårt. Me treng 2-4 deltakarar ekstra for å gå i balanse. Påmelding må skje innan sundag. Ring Trond 988 74 253.

onsdag, september 10, 2008

fredag, september 05, 2008

Valley på demo

Havstril pk og God Tur i C. Sundsgt er blitt samde om at me kan får ein stykk Valley Aquanaut og ein stykk Valley Nordkapp Enthusiast på demo i omlag ei veke på slutten av september. Begge båtane i polytylen. Me ser fram til å prøva godsakene...

Det var ingen torsdagstur

Berre turleiaren møtte opp i går, så det vart ingen Hpk-tur. Me satsar truleg på ein Marstein rundt neste veke viss veret tillet.

onsdag, september 03, 2008

tirsdag, september 02, 2008

mandag, september 01, 2008

Bilete frå Fitjar-turen





Sundag morgon møtte fem havstrilar opp på idylliske Kråko i Fitjar kommune. Med nytrekt kaffi frå rorbua til Liv-Bente og kart i neven vart fyrste del av ruta lagt. Kajakkane vart lasta med godbitar og nokre av dei røynde padlarane, med erfaring frå Svalbard, Fitjarøyane og Nordsjøen, pakka ned tørrdrakta og leita fram solbriller.

Tusen øyar, tusen mogligheter, ja takk begge deler, 10.30 la me Kråko bak oss og padla forbi perler med skifer, sjøbasseng, sydenstrender og villmarkspanel med ny Drygolin Ekstrem. Etter nokre hundre padletak var det berre urørte naturperler fri for mahognicrusarar og børsjeepar å sjå så langt zoomen på kameraet rakk.

Med på turen hadde me også klubben sin relativt ferske turkamarat, Garmin GPSmap 60Cx, som avla følgende raport:

Fyrste del av turen gjekk vest om Ivarsøy, gjennom Straumøysundet, forbi Ålforet, Tranøya over nyleia, zoomen på kartet fann et trangt sund ved Vassøy, som enda i ein lagune med fire rømmningsveger frå gamleskulen og hytta til Hestad, som bur i Kolbeinsvik.

GPS’en viste ein tilbakelagt distanse på 6,5 Nm og hadde våre i vore i omlag to timar, før vart liggjande stille 0,75 meter over vassflata i omlag ein time medan batteria vart lada med medbragte godbiter og inntrykka vart lagra i langtidsminnet.

Med kaffi i koppen vart kartet studert, forslag om vestleg kurs til Shetland vart forkasta og GPS-operatøren vann fram med ruteforslaget sitt for heimturen.

Videre viste loggen at turen gjekk mot nordaust gjennom Bakkasundet, mellom Torsdagsøya og Eggøya, gjennom Kyrkjesundet, over den speilblanke Nyleia, sør om Årabrotholmen og etter å nytta zoomen vart ny rute lagt gjennom Stora Siglo og vest om Bukkholmen gjennom Ivarsøysnaget, som går mellom fureholmen og ivarsøy.

Inspirert av eigenskapane til klubbens Sirocco, vart Andreas litt for ivrig med kantinga slik at han fekk testa badetemperaturen og fekk saltvatn i luggen. Etter att Siroccoen er komen på rett kjøl går turen vidare i Skateleid mot Engesund, kor det er ei gangbru over sundet frå Skateholmen til Gassen.

Siste sjarmetappe gjekk austom Gloppholmen og me registrerte mange fantastiske campinglokalitetar på vestsida av Stora Eldøy. Med Kråko i baugen, hjelmen på høgre hand og nesten utladda batteri, så hadde det våre kjekt om nye kanalen gjennom Kråko som er nesten ferdig, hadde våre open, slik att me kunne tatt ein liten snarvei og ikkje behøvd å padla ein einaste distanse for andre gang.

Då me kom inn att i Hellandsstraumen og var tilbake til utgangspungtet, viste loggen at me hadde tilbakelagt 14 Nm, våre på tur i fem og ein halv time, med 1 time og 15 minuttar stopptid og ein snittfart på 3,2 knop.

Takk for ein kjempetur!

lørdag, august 30, 2008

Ikkje rullekurs

Det har vist seg at gode Eileert Winther har dobbbelbooka seg til den 6. september. Kurset utgår, men dei som er interessert i eskimorulla bør likevel ta kontakt. Eilert og Jarl seier dei kan stilla opp på kort varsel seinare i haust, eller til våren når folk er meir på hogget for den slags...

Padling i Ut i naturen

NRK-programmet Ut i Naturen på tysdag har vore med havpadleguru Lars Verket på tur. Her er det berre å nyta sofagristilveret! :-)

fredag, august 29, 2008

Vasseidet - Krossøy rundt



Sju havstrilar møtte opp ved Vasseidet og padla nordover, over nordre del av Hundvåkosen til Skårasundet. Heile Hundvåkøyflåten såg enno ut til å vera fortøyde i hamna i Torangsvågen. I idylliske Skårasundet koste me oss, før me sette kursen nordover til Korsfjorden. Nokre tok turen ut til eit skjer nordvest for Krossøy, medan resten av oss koste oss med den moderate surfen og utforska livet i fjøra. Seinare padla me roleg til Krosshamnsundet, der me etter kvart fekk kosebyglgjer frå to katamaransnøggbåtar. Me var sjølvsagt også innom Krosshamn, der Eivind delte ut kaffi til kvar og ein. På vegen attende byrja mulmen og det var bra at me hadde diodelys på oss. Nøyaktig to og ein halv time etter at me byrja turen, var me attende i Vasseidet.

torsdag, august 28, 2008

Fint Fitjar-vêr

Meldingane er svak vind frå sør, delvis skya opphald. Dermed er det berre å pakka utstyret i bilen, kajakken på taket og ta ferja som går sørover klokka 09:00 sundag morgon.

tirsdag, august 26, 2008

Minnar om kurs

6. sept: Rullekurs med Eilert Winther kr 500,- Stad: Spissøy
21. sept: Rockhopping/Bylgjeleik med instr. frå Njord kr 900,- Stad: Kalve
Påmelding SMS til 988 74 253 eller e-post til info@havstrilpadleklubb.no

mandag, august 25, 2008

Heimesida oppdatert

Rune, vår in-house nettdesignar, har oppdatert morsida til bloggen. Ny info om båtar, fleire reportasjar m. m. er på plass. Godt jobba, unge mann! :-)

Detaljar om Fitjarøyaneturen

Avgang sundag med niferja frå Husavik. Her er instruksjonar og ein liten beskrivelse:

Oppmøtestaden blir Skjeret på Kråko. Kjør forbi Fitjar sentrum og byggefeltet på Vestbøstad. Sving av ned mot Fitjarlaks, ta så til høgre mot Kråko Sjøhytteområde, deretter fyrste (og einaste) veg til venstre. Kjør forbi kanalen som dei held på å bygga og sving av fyrste vei til venstre. Hald til venstre ned mot rorbuene. Kan vera litt trangt om parkeringsplasser, man kjør ned og sett av båtane, så kan me parkera bilane litt lenger opp i veien etterpå.

LivBente er mest kjent i nærområda rundt Kråko, mange fine plassar me kan stikka innom. Brukar å ta en ca. to timarstur nordover på forkjellige ruter, der er me innaksjærs og utrulig fint. Er me innom dei plassene ho er kjent går det fort tre - fire timar. Viss det er interesse for det og verrtilhøva er bra kan me sjølvsagt setja mot vest, der er ho ikkje meir kjent enn dei andre, men kart har me jo, så det er ikke noe problem.

Det blir garantert ein fin tur.

søndag, august 24, 2008

Vasseidet på torsdag

Etter ein del padleseansar med utgangspunkt sør i kommunen, tek me utgangspunkt lenger nord denne gangen. Det finst ei rekke interessante øyar nord for Hufthamar. Kanskje endar em opp i Ryarbåsen på Krossøy eller i Skårasundet? Oppmøte blir klokka 18:30, sidan det mørknar ganske fort for tida.

fredag, august 22, 2008

Utstyr skal vaskast av

Etter å ha funne eit par kajakkar som ikkje var skikkeleg skylt reine for saltvatn, sand og skit etter bruk, minnar me om at alt utstyr skal spylast med ferskvatn etter bruk. Slange finst på framsida av naustet.

I same slengen minnar me om at alt De syt for at alt utstyr vert teke inn i naustet etter bruk. Leiaren fann ei halv Canon-åre på sleng ute på ein kai sist veke, og det er dumt at klubben må fornya utstyr på grunn av slike ting.

Gratulerer med OL-sølvet

Me gratulerer Eirik Verås Larsen med sølvplassen i dagens 1 000 for K1. Ein spanande løp (sjølv for oss havpadlemosjonistar), der nordmannen tok sølvet på dei siste metrane.

Åtte havstrilar på tur



Husavik - rundt Blænesøy - Gilsvågen - Husavik. 11,9 km padling. Gjennomsnittsfart: 5,2 km/h - Tok to timar og nitten minutt.

torsdag, august 21, 2008

Fitjarturen utsett

Pga basje meldingar til sundag, utset me fitjarturen bebuda til sundag 24. august med ei veke. Detaljar kjem på bloggen tors- eller fredag neste veke.

søndag, august 17, 2008

Fitjarturen> Avventar vermeldinga

Enno ser neste sundag, den 24., ikkje bra ut. På tidagarsvarselet fortel dei om 7 m/sek i vind. Dette kan fort bli heftig på opne strekk. Laurdagen ser betre ut. Reknar med å gjera ei avgjerd om det vert padling sundag eller laurdag på torsdag når det nærmar seg.

Husavik på torsdag

Me padlar frå Husavik klokka 19. Satsar på ein padletur sørover mot Gilsvågen og rundt Blænesøya. Kanskje verdt eit lite strandhogg, men det kjem me attende til...

mandag, august 11, 2008

Ingen torsdagspadling grunna kurs

Alle båtar minus K2-en er reservert til introkurs fyrstkomande torsdag. Me oppfordrar likevel til at medlemmane tek åra i eige hand og padlar. Avtale gjerne ved bruk av dialogboksen til venstre.

fredag, august 08, 2008

Fire på tur

Det var berre fire havstrilar som sette ut frå Jutholo torsdag. Etter litt diskusjon enda me opp med å padla til Gauksheim. Me gjekk inn i alle viker og vågar på vegen og slo av ein prat med kunstnar Arne M og kompani i Grasdalssjøen. Det var ein OK tur, men på vegen heimatt tok den friske brisen godt i.

tirsdag, august 05, 2008

Frå Jutholo

Det er meldt temmeleg mykje vind på torsdag, sidan den er nordleg og kring 10 m/ sek kan Jutholo ved Bekkjarvik vera ein grei plass på padla ut frå. Det kan godt vera at me tek oss til Hotvik eller Vindkreften på Selbjørn, eller kyrssar Hjartholmosen og bisnar litt inn Kalsund og Gilsvågen. Oppmøte: Klokka 18:30.

onsdag, juli 30, 2008

Ingen offisiell tur

Me har ikkje turleiar til torsdagspadlinga denne veka, men oppfordrar likevel medlemmane til å møta opp på naustet klokka 19 og padla ut saman. Bruk gjerne dialogboksen til venstre for å avtala nærare.

fredag, juli 25, 2008

Vakre Horgo




Offerstaden frå gamalt er bada i sommarsol. Blå krefter frå storhavet slår med avmålte krefter kvite kaskadar over skjera utanfor. Velkomen til Horgo.

Me padlar over Møkstrafjorden der han er på det smalaste, bak oss har me Møkster og Litlakalsøy. Dei små fartøya våre handterer skvalpesjøen med utprega eleganse i det me nærmar oss innseglinga til pollen. Sjølv på ein finvêrsdag ruskar kong Neptun til sjøen på kanten til Storhavet. Eg er langt frå nokon geolog, men bergartane i knausane som ynskjer oss velkomne, minnar litt om gulna skifer som er diagonalt stabla opp på kvarandre. Så tidleg skal som i 1923 skal Kolderup ha rekna dette området som eit av Vestlandets mest særprega geologiske felt, både grunna dominansen av kalkrike bergartar og utforminga til landskapet. I fylgje semesteroppgåva til Randi Danielsen og Lilian Skjolddal ved geologisk institutt i 1983 er det gneis og granitt som dominerer denne øya, sjølv om eit heilt utrent auga synest å observera mange av dei same særtrekka frå Møkster, storebror i sør.
Hist og her har nokre hardføre gule blomar klamra seg fast og ser ut til å ha suksess med sin versjon av ekstremsport - fotosyntese der ingen skulle tru at noko kunne gro.

Sandbotn og o-skjel
Framfor oss opnar pollen seg. Dei fem kajakkane får hjelp frå sjøen som flør inn i Veslestraumen og Store Vaula. Ein skjergardsjeep er fortøydd i idyllen. Ein schäferhund vanar nøgd i det grunne vatnet. Inntil han ser kajakkane. Han gøyr på oss, samstundes som han ser ut som han gjerne vil helsa litt nærare på desse rare sjødyra med folk oppi. Under kjølen min ser eg sand, skjel i mange ulike fasongar og tilfeldige vekstar. Brita Nordstrønen sankar delikattesar til grillen. O-skjelmusklar er ein sikker vinnar på familiens sommarstad på Pirholmen. Eg vert nesten freista til å kopiera eksempelet.
Etter å ha padla frå Rostøy, via Horgetrynet, vestom Møkster og til hamna i Litlakalsøy og attende til Horgo, er me svoltne. Yngve meiner det er ei smal sak å bæra farkostane våre over til Austrevågen. Han har rett. Dessutan er det langt frå så mykje folk i vågen som me hadde rekna med. Lengst inne i vika ligg det ein liten grasflekk og ei sandstrand og ventar på oss. Det er berre å parkera kajakkane, lasta ut eingongsgrill, stormkjøken, pølser, ris i pose, tomatketchup, solkrem og ta av seg padlevest og lata sola steika kroppane. Camilla kastar seg like godt ut i den varme sommarsjøen.
Livet er herlig, dere.

Offerplassen
Eg har aldri tidlegare sett disiplanes hestar på Horgo-jord. Sjølv om eg ein gang har padla rundt henne, har det ikkje slått meg tidlegare kor fascinerande øya er. Viker og vågar har nesten lukkast i å dela øya i to. Smeltar isen på Grønland, ser det dårleg ut for einskapen til øya.
Me gnafsar i oss ostebacongrill i polarbrød, den obligatoriske ketchupen og skvalpar det heile ned med mørk leskedrikk eller kafffi. Me pratar om kva kajakk som er den beste til ulike føremål, og let sommarpulsen verkeleg søkkja til eit lågmål.
Eg vandrar opp mot det som ein gang var domenet til dei fastbuane menneska på øya. På vegen opp kneika, studerer eg dei yrande sommarlivet i Austrevågen. Kvit glasfiber og blenkande rustfritt stål minnar om eit moderne liv, medan sjøhusa og dei andre bygningane på øya ser bra ut. Eg merkar meg at det ikkje er vegar på øya. Dei talrike spraglete ullnøsta ser skeptiske på meg. Dei glitrar i auga til ein av dei før han sprett av garde på stive bein, lukkeleg uvitande om at dei smakfulle låra hans sikkert endar i ein nøgd mage om nokre få månader. Like ved Lars Erling sitt hus ligg ein grunnmur, der berre litt av eit omnsrør stikk ut.
Eg blir trekt mot havet att. Den tilsynelatande dorske sjøen gjer jobben sin mot eit av skjera like utanfor dei bratte svaberga, Skinnbrokeskaget. Gje sjøen nokre tusen år til, så er det kanskje ikkje så mykje att. I dag kunne ein ha leika seg litt med kajakken rundt der det bryt, men tida strekk ikkje til. Ein seglbåt tøffar maskinelt forbi. Marstein fyr kan skodast over berga på Skansen. Sitkagranskogen på Kalve ser merkeleg malplassert ut, som ein tupé på avvege.
I ein av tidevasspølane har eit enormt tangblad forvilla seg. Det har nok sleppt taket i styggevêret, og ligg no som eit monument over andre vêrtilhøve. Når sommarsola slepp taket og gjev etter for litt regn og kuling forsvinn nok tanga og endar sine dagar på botnen av Blåmyra.
Horgo var etter gamalt ein offerplass. Her sette ein dei mindre funksjonelle i familien ut på kanten av berget, og dytta vedkommande ut i havet med ein stokk. I fylgje ei lokalhistorisk vevplass, var det spesielt viktig at alle dei andre heldt ei hand på stokken, slik at dei vart medskuldige. Kor mykje ekstra fangst eller avling offera førte med seg, fortel historien lite om.

Fråflytta
Det er meir enn 40 år sidan Horgo vart fråflytta. Skysskaren Lars O. Horgen tok familien sin med seg til Storebø, og det siste lyset frå dei fire husa på øya vart sløkt. Ei kort stund var det eigen skule på øya, medan det tidlegare vart undervist heime i stova på eit av husa på øya.
Bergen- og omland friluftsråd disponerer eit av husa til Horgo til utleige. Det vert mykje brukt om sommaren, både av kajakkpadlarar og båtfolk. Kring juletider vert det årleg åstad for Bergen havpadleklubbs julebord. Rykta fortel òg at eit besøk på øya inspirerte ein gjeng osingar til å stifta sin eigen padleklubb. Ikkje rart, så vakkert det er her lengst ute mot Storhavet.
Ved det gamle naustet i Vestrevågen held brørne Endre og Emil kvar andre i selskap i stranda, medan pappa Kurt gjer sitt beste til å få småtassane sine til å bli med på fotograferinga mi. Mamma Ingelin solar seg på bakken like ved. Emil gjer sitt beste for å overtyda underteikna om at sjokoladekjeks er den kortaste vegen til salegdomen. Men eg er i mitt ess her ute. Eg har nok funne meg ein ny favorittstad blant dei 667 øyane, holmane og skjera.
Vikene ville inspirert I. C. Dahl til å ta fram staffeliet. For min eigen del synest eg det er trist at telt og sovepose ikkje ligg pakka om bord i kajakken. Her har eg lyst til å bruka mykje meir tid. Grilla fleire pølser, fiska frå dei gamle offersvaberga, leika meg i brenningane med kajakk.

(Denne teksten kjem òg på trykk i Marsteinen)

=============================================

Utanom Horgo, padla me fyrst vestom Møkster. Det var relativt rotete sjø, og bylgjene var såpass store at dei andre padlarane av og til ikkje var synlege der dei duppa ned i bylgjene. Dette samstundes som sola steikte, og me kunne konstatera at d et verkeleg bryt ved Helgeskjeret sjølv ein vakker sommartorsdag.

Så møtte med tidlegare Havstril-medlem Arild Sunde og koa Astrid Mehus Sunde, som viste oss idyllen kring Kuøyi, før me gjorde landgang på ein vakker holme mellom Svinakalven og Langøy. Vakker stad å ta ein pust i bakken (sjå bilde 2).

Deretter padla me langs Lanøya, innimellom Kvisholmen og Risøy i retning Litlakalsøy. Ved hamna på Litlekalsøy, gjorde me vendereis, i retning Horgo.

På vegen såg me mellom anna ei andemor (sil- eller laksand), med det talrike kullet sitt. Både tjeld og måsar var å sjå både hist og her.

Totalt padla me i underkant av 30 kilometer. Me hadde to pausar på tilsaman to timar.

onsdag, juli 23, 2008

Me padlar frå Rostøy i morgon

Oppmøte klokka 10:30 avgang så snart me er klare etter det. Estimert padledistanse for dagen 24-25 kilometer. To landgangar (minst). Ta med mat, drikke, klesskifte m.m.

mandag, juli 21, 2008

Gode vêrmeldingar

Torsdag kan bli ein retteleg fin dagstur. Her er vêrmeldinga per måndag frå yr.no "Lettskyet. Svak vind, 1,8 m/s fra sørvest. 0 mm nedbør i døgnet."

Møkstringen Arild Sunde blir med og vil gjerne visa oss nokre av perlene i skjergarden sin.

fredag, juli 18, 2008

Har takgrind men ikkje kajakkstativ?

Me har kjøpt inn tre stykk sett med isopor-kajakkstativ (i mangel av eit betre ord) til dei mange som har takgrind, men ikkje eigna oppleggg til å halda kajakkane på plass på grinda. Basic stuff, men gjer nytten inntil me har fått hengaren me drøymer om på plass... Stativa er på plass i naustet.

MeLaks/Austevoll Fiskefarm sponsar oss

Edvard Melingen melder at verksemdene hans tilgodeser padleklubben med kr 2 000,-. Me takkar hjarteleg for støtta!

Klubbavtale med God tur

Havstril pk og God tur i Bergen er blitt samde om ei klubbavtale som gjev alle medlemmane våre 10 prosent i prisrabatt. Bergensarane fører mellom anna velrenomerte Valley-kajakkar og Werner-årer.

Dagstur på torsdag

Me tenkjer ein litt lengre kosetur - dog truleg under litt meir krevjande forhold enn ein vanleg torsdagstur - vest i øyane på Litlakalsøy, Møkster og Horgo. Kva me padlar frå og starttidspunkt kjem me attende til. Føl med på bloggen. Detaljane kjem seint på tysdag eller tidleg onsdag. Oppstart truleg rundt klokka 11 :-)

Vekas åttetal




Heile ti havstrilar la ut frå Rostøy i går - alle klubbåtane minus "Skverslingen" (North Shore Buccaneer) var på sjø. Me padla den rolege Drønspollen fyrst, så utanom og rundt Busepollen før me la i veg vest av Drøno. Der me ikkje var i le fekk me relativt små, men krappe bylgjer inn frå sida. Kjekt å måtta halda tunga nokolunde beint i munnen i visse parti. Då me hadde svinga på nordvestsida av øya kunne dei som ville surfa litt på bylgjene. Heilt inne ved land var det grunt mellom nokre steinar, men tre av oss satsa på at surfen ville bæra oss over det glatte berget. Slik gjekk det og moro var det!

tirsdag, juli 15, 2008

Rostøy klokka 19

Me padlar frå Rostøy klokka 19 torsdag. Me ser an vêret. Det kan verta alt frå Drøno rundt, til ein eller fleire av dei omkring liggjande pollane... Møt opp ved naustet til Rune (evnt. sjøsetting frå slippen).

mandag, juli 14, 2008

Glimt frå introkurs




Ni nye innom introkurs med Havstril pk. (Foto: Yogaøvingar av Andreas Møgster inne i cockpiten, same unge herr Møgster går over kajakkane og til sist - like før åreposeredningane går av stabelen inne i Gråsidal-hamna).

søndag, juli 06, 2008

Ingen torsdagspadling denne veka - men kanskje dagstur på fredag

Grunna introkurs torsdag den 10. vert det ingen torsdagspadling denne veka. Alle klubbåtane minus k2-en er reservert for dette føremålet den dagen. Dersom vêrmeldingane held stikk, satsar me likevel på ein dagstur på fredag - men medbrate pølser og andre gode greier til bål/eingangsgrill etc. Stad for utpadling kjem me attende til, men målet vert enten Horgo eller Fugløy.

fredag, juli 04, 2008

Variert kosetur rundt Stolmen




17,3 kilometer langs bratte berg, lyngkledde haugar og grøne bråte torsdag. Ni havstrilar la ut frå Våge, med ei rekkje åtvarande formaningar frå gamle sjøulkar som syntest at farkostane våre såg vel skrøpelege ut sjølv om ein slik finvêrsdag. Våtdrakter og ullundertøy vart skifta ut med shorts og trøyer med korte erme for dei fleste. Ein svak trekk frå sørvest heldt oss litt avkjølte.

På vegen vestover mot Krykjevika var det litt sjø, men ikkje slik at det på nokon måte vart teknisk utfordrande. To havstrilar stakk langt ut, medan resten heldt seg meir langs land. Rune var spesielt hissig på å helsa på tang og tare og kjenna sjøsprøyten i den lyse luggen, når bylgjene braut mot knausane.

Me padla inn i eit stort flak med mette ærfuglar. Det var lite vind for dei, og dei sleit med å ta av. I staden dykka dei, og kom opp attellom båtane, ein stor feit andesteik måtta avbryta takeoff då han heldt kolisjonskurs med leiarens kajakk. Det kunne blitt litt av ein smell mellom dei to, relativt sett, tungvektarane.

Me kom oss etterkvart inn i le for det som var av sjø og trekk, og padla inn i Sørvik. Der trefte me medlemmar av Stangeland-klanen, som mellom anna Nina gjorde sitt ytterste for å rekruttera til neste vekes introkurs. Godt jobba, om ein kan sei det slik.

Medan Rune framleis leika seg med skum og sjøsprøyt, tok mange den rakaste vegen til Fugløysundet. Me padla over store bankar med tjukk tang, den som dorgar lyr over slike område er garantert fangst. Men me hadde andre ærend. Me vurderte ei stund å padla til Hevrøy då me var kome inn i ein havblikk Skoltafjord, men sidan klokka tikka mot ti, gav me oss på det.

Nokre av oss fylte vatn i Kvalvågen, slo av ein prat med legendariske Sigurd'n, og Hagenes nytta sjansen til å gratulera ein gamal kjenning med overstått 70-årsdag i Pettersen-huset. Så bar det vidare, forbi Valhammarberget der kveitene pleiar leika seg i djupna, før ein stor open dori laga gode bylgjer som forårsaka eit og anna frydefylt kvin.

Etter tre timar og nokre minutt i båtane, og 17,3 kilometer tilbakelagt steig me i land. Og eg trur ikkje det er nokon overdriving å slo fast at alle var eninge om at det hadde vore ein fin tur :-)

(bilete: Marit Møgster med ein ærfugl som ho nesten kunne ta på, Rune terga bylgjer og berg, leiaren med klubbens nye Seda Ikkuma 17).

tirsdag, juli 01, 2008

Nytt kurs 10. juli

Tips gjerne familie, vener og andre som kan vera interesserte om at me arrangerer nytt introkurs 10. juli. Framleis har me fleire ledige plassar!

Stolmen rundt?

Me tek ut frå Stolmavågen (møt opp ved kaien på Våge ti på) torsdag klokka 19. Me satsar på ein litt tøffare tur enn normalt, kanskje heilt rundt Stolmen. Det er meldt nordavind, men lettare tilhøve tidlegare på dagen.

mandag, juni 30, 2008

Hettegensarar og t-skjorter til sals

Minnar om Havstril sine lekre t-skjorter og hettegensarar. Me har t-skjortene i storleik s - xl og to hettegensarar i storleik medium att. T-skjortene kostar kr 200,-, hettegensarane 350,- NOK

lørdag, juni 28, 2008

Fyrste nybåt kjem til veka



Klubbens lenge etterlengta Seda Ikkuma 17 blir henta heim frå Stavanger til veka. Torsdag bør båten vera på plass i klubbbnaustet. Me vil gjerne ha forslag til namn på båten - helst ein holme eller eit skjer i Austevoll.

(Foto: Dette er slik nyebåten ser ut. Fargen på vår båt er oransje - Seda Kayaks inc.)

fredag, juni 27, 2008

Kosetur i Drønspollen



Seks stykk på tur. Padledistanse omlag fem kilometer. Gjennomsnittsfart omlag tre knop. Padla inn til Melkevikjo i drønnspollen. Det vart tid til røykjepause og å preika underveis. Hadde medvind på heimveien. Etter retur til Rostøy hjalp eg Ranveig Kolbeinsvik med trening på kamaratredning. Droppa padlerapport som rimar denne gangen.

Vind, men kjekt på introkurs




Hagenes heldt, med hjelp av Hugøy, sitt fyrste introkurs for ti deltakarar på Spissøy sist tysdag. Det var uvanleg mykje nordavind, og eit par av båtane fekk veldig mykje vindfang. Det var vanskeleg å trena på åttetalspadling (sidevegs rørsle) med vind som ville lata det øvste årebladet fungera som segl.

Dei fleste viste fin innsats og smila kom på plass under vegs.

(Foto: Eli Larsen).

onsdag, juni 25, 2008

Frå Rostøy

Møt opp ved bryggja til Rune H. (til venstre ved brua - kjør forbi slippen til eit raund lite naust) klokka 19 i morgon for fellestur. Kvar turen går kjem an på vindretning og oppmøte.

Kansellering av Nærøyfjord-tur

Då me ikkje maktar å stilla med røynd turleiar, ser me oss nøydde til å kansellera turen til Nærøyfjorden i denne omgang. Me vil prøva å få til ein tur i slutten av august i staden...

fredag, juni 20, 2008

Demokajakk i naustet

Togeir og Jarl i Aktiv har lånt oss ein Boreal Design Baffin, som mellom andre Camilla har storlikt. Båten vert liggjande i omlag ei veke, og det er ganske store moglegheiter for at me kjøpet ein slik om ikkje så lenge. Båten vert teke med på introkurset på tysdag.

Moro i kulingen



Fire havstrilar sette ut frå Vassverket i frisk sørleg bris. Vinden var ikkje noko problem og dei små bylgjene hjelpte oss med å oppnå betre fart under vegs. Me sette kursen mot Naustheller det me bisna på nokre av nausta, og leika oss mellom bøyar og skjer. Så kom vinden. Bylgjene bygde seg opp til å halvannan meter, vinden var sterk i kasta. Leiaren vart straffa for å ha padla med halvope spruttrekk og måtte i le og lensa båten før ferda heldt fram på den teknisk relativt forfordrande kyssinga over mot Heimark.

I dei velse straumane innanfor var det roleg, og etterkvart sette me kursen heimover i motvinden. Me heldt oss godt inne ved land for å unngå den verste kampen mot beinalausen. Innimellom to styrtregnbyger kom sola, og det skine ein vakker regnboge over Vassverket til Odd Brekke, Geir Bergflødt og kompani.

(Foto: Ved Naustheler før vinden tok fart - i Småstraumane med bøttevis av regn før me sette ut i vindens rike att. Må huska å fotografera i bylgjer også :-S).

torsdag, juni 19, 2008

Flytta padlestad

Grunna grisevêret og den sørlege kulingen som er varsla i kveld, flyttar me padlestaden til Vassverket i Kvednane/Kjempefaret. Klokka vert 19:15 - i fall nokon kjem til Husavik er leiaren der inntil klokka 19:05...

onsdag, juni 18, 2008

Ny klubbkajakk snart i naustet

Havstril sin nye Seda Ikkuma 17 er kome til Stavanger. Ut i naturen skal berre få lov til å henta conteineren, pakka ut kajakkane som vert leverte, og setja vår på flaggruta. Me reknar med å ha han i naustet tidleg neste veke.

Føl med på bloggen.

Me lånar òg heim ein Boreal Design Baffin, som medlemmane kan testa i nokre dagar. Den skal vera på plass i løpet av fredagen. Me vonar å få nok pengar i klassen til at ein slik båt vert kjøpt inn på ettersommaren!

Føl med på bloggen.

tirsdag, juni 17, 2008

Sjøvettsdag på Trolandshamar skule



Oddbjørn, Camilla og Trond og fire Havstril-kajakkar var å sjå saman med elevar frå Trolandshamar skule inne i pollen på Torangsvågen tysdag. Havstrilane fortalde om padling, spesielle farar, om klubben og viste mellom anna kameratredning. Det såg ut til at fleire av elevane koste seg, og nokre av dei er allereie bebuda som kursdeltakarar utover sommaren!

Husavik denne torsdagen

Sidan det ikkje vart noko tur frå Husavik førre veke prøvar me igjen (kl 19:00). Ta med pølser og noko å drikka, så kan me ta landgang i den vakre vika på Blænesøya. Hagenes tek med eingangsgrillar :-)

Takk til "Gerda Marie"

Reiarlagert "Gerda Marie" har støtta Havstril padleklubb med heile 5 000,-. Me takkar hjarteleg for støtta...

søndag, juni 15, 2008

Rapport frå Nordsjøen

Vår mann på nordsjosildfisket har sendt oss denne rapporten:

fredag, juni 13, 2008

Støtte frå Norwegian Hull Club og trelasten

Me takkar Norwegian Hull Club for støtta på 3 000,- og Austevoll trelast for 1 000 kroner.

torsdag, juni 12, 2008

Kansellert padling

Då kommunestyremøtet ser ut til å trekkja ut, og klubben ikkje kan stilla med leiar til kveldens padling, ser me oss nøydde til å kansellera i 12. time. Dette også utfrå omsynet til at den friske vinden kan føra til nokså utfordrande tilhøve for nybyrjarar.

onsdag, juni 11, 2008

Husavik på torsdag

Det er meldt ein god del nordvestleg vind i morgon. Me satsar difor på ein liten tur frå Husavik. Oppmøte er 19:30.

søndag, juni 08, 2008

Klubbrekord og kos



Ni havstrilar tok turen ut frå Nordrevågen i strålande sommarver torsdag. Ole Jan leia konvoien rundt Lunnøy, og me utforska mange spanande viker og støtte på ein og annan tjeld som sikkert var redd for reirplassen sin. Etter å ha kryssa over til Selbjørnlandet, var me innom Rabbavika og Kobbaneset fø® me staka ut kursen heimover.

På vegen fann havstrilpadlarane flaskepost frå Jeppe, som truleg har lite slektskap til herren på Bjerge.

Det blei det øving på kameratredning for to av klubbens nye medlemmar, under instruksjon av Trond.

5 000 frå Sparebanken Vest

Havstril var ein av dei hedige mottakarane av allmennyttige midlar frå Sparebanken Vest på torsdag. Etter underhalding av Havfruene delte Ragnhild Bjånesøy ut kring 150 000 kroner til austevollske prosjekt. Hpk fekk 5 000, og me takkar hjarteleg for støtta.

I fjor fekk me heile 16 500 hos banken. Som ein ekstra takk delte me ut seks flotte Havstril-t-skorter til dei tilsette i banken.

tirsdag, juni 03, 2008

Tørrdrakter på plass

Klubben har no tre tørrdrakter på plass: Ei NRS Inversion i dameutføring storleik L, to herredrakter av NRS Inversion i storleik XXL og XL. Me får inn ei i storleik L snart. Draktene kan lånast ved kontakt med leiaren - 988 74 253. Når me har skåp med lås i naustet, tek me sikte på å flytta dei ned dit...

Nøkkelen på plass hos Statoil

Då har Svein Arne fått nøkkelen. Han kan hentast ut av medlemmar som òg har med seg våttkort. Det skal skrivast under på låneavtale og kvitterast ut kvar gong ein hentar med seg nøkkelen. Unnatak for våttkortregelen er mellombels gjort for tre medlemmar. Dei veit sjølve om dette.

Frå Nordrevågen

Me tek kajakkane fett i Nordrevågen torsdag. Klokka blir 19:30 før me kjem av gardde, grunna utdeling av allmennyttige pengegåver frå Sparebanken Vest.

Nordrevågen er på Nordre Drivenes. Du kjører opp ved den gamle Doktorgarden, forbi tidlegare Fagertoppen. Når du kjem ned kneika tek du til venstre, og då ligg badevika til høgre etter omlag 250 meter.

mandag, juni 02, 2008

Kjekt symposium




Njord sitt havpadlesymposium var eit innhaldsrik evenement. Det var minst tre havstrilar som koste seg saman med likesinna ved Langøy, Møvik and beyond i helga. Malin og Camilla prøvde seg med eskimoruller ala Thygesen, medan Trond sleit og fullførte padleforbundets aktivitetsleiarkurs. Leiaren kan dermed sjølv arrangera intro- og nybyrjarkurs for vordande havstrilar.

Laurdagskvelden var det fleire interessante ting på programmet. Høgdepunktret var nok Justine C. som viste snuttar frå den komande godbiten "This is the Sea IV", både padling, naturkrefter og fauna såg særs imponerande ut på¨Sørøya på New Zealand. Filmen hennar kjem ut i november-desember, og blir heilt sikkert MINSt like inspirerande som føregjengarane.

Foto: Redningsteknikkar på aktivitetsleiarkurs, Torbjørn Nordeide - profesjonell havpadleinstruktør, Trond saman med Nigel Foster og kona til sistnemde, og sist men ikkje minst Justine Curvengen sprettar champisen ho fekk frå Eivind i Njord etter eit breathtaking føredrag.