fredag, august 31, 2007

Lite oppmøte i finevêret


Berre tre havstrilar padla litt rundtomkring på torsdag. Grunna ein litt kald nordavind skinla me planane om Drøna rundt, og koste oss i staden litt i Småstraumane, som denne gangen var langt raskare og utfordrande enn for ei veke sidan. Det går no mot slutten av torsdagspadlingane. I midten av oktober vert det for mørkt til at det er realistisk å halda fram. I staden forsøkjer me oss på ei og anna padleøkt i helgane. Neste veke vert det òg frammøte klokka 18:30.

onsdag, august 29, 2007

Huftarøy rundt

Me har framleis planar om å padla rundt øya. Akkurat no ser ikkje vêrmeldingane så ille ut. Vestleg 3 m/sek på laurdag med ein og annan regndråpe, og sundag med solgløtt og 8 m/sek vestleg vind gjer at turen skulle vera grei skuring for dei fleste. Men me treng konkret attendemelding frå dei som vil vera med innan fredag! Ring Rune H. på tlf 992 63 886

Drøno rundt?

Møt opp klokka 18:30 på torsdag. Dersom vêrmeldingane heød seg, er det nærliggjande å ta turen frå Gråsidalen og rundt Drøna. 5 sekundmeter frå sørvest og solgløtt kan kanskje få det tilø å rykkja i padlemuskelen til noko og ein kvar?

søndag, august 26, 2007

Berre to på torsdag


Me padla frå Gråsidalen til Straumane, som nekta å få fart på seg. Litt keisamt, sidan me ville leika oss litt i den sterke tidevasstraumen som ofast er å finna her. Vart litt kjapt mørkt på vegen attende - difor flyttar kme fram padlingane med ein halv time frå neste padling.

mandag, august 20, 2007

Nytt forsøk

Det skal visst bli godt vêr på torsdag. Difor forsøkjer me opss nok ein gong frå klubbhuset/seilforeningen. Det vert mørkt rundt ti, så den heilt store ekspedisjonen vert det nok ikkje...

onsdag, august 15, 2007

AVLYST! Frå klubbhuset/seilforeninga

AVLYST PGA VÊRET Møt opp i Gråsidalen klokka 19 på torsdag, Vêr og vind bestemmer kvar me tek vegen, men om sønnavinden ikkje vert for sterk kan ein liten tur langs austsida av Hundvåko.

fredag, august 10, 2007

Fem gav seg pollane i vald



Trass i einskilde vindgufs til å byrja med vart det rett så fint på Heimarkpollen torsdagskvelden. Mew tok ut ved Åmundspollen, bisna litt ved Åno før me tok ein heller slakk hovudstraum ut frå pollen. Etter å ha skotta raskt på Blænestangen gjekk me inn i dei vakre Småstraumane, som fluat som ein dorsk flod. Øyredøyvande stille, som ein padlar sa. Forbi Heimark, inn i Slorkjen, deretter kryssa me pollen og gjekk inn i den pittoreske vika ved Naustheller. Fascinerande naust, i ein litt anna byggetradisjon enn det ein ser mange andre stadar i Austevoll, kan ein påstå. Til slutt spruta me attende til utgangspunktet, med ti kilometer tilbakelagd på dei halvannan timane me var ute.

torsdag, august 09, 2007

Teknikkurset avlyst

Kurset laur- og sundag er avlyst grunna særs mange forfall. Det er mogleg me vil forsøkja å setja opp eit slikt kurs i løpet av tidleg sommar neste år.

tirsdag, august 07, 2007

Frå Søreide

Grunna nord-vest vind tør me ikkje satsa på Fugløy og dei ytste øyane på torsdag. Under mottoet betre føre var enn etter snar vert det difor oppmøte ved brua ved Eido/Søreide klokka 19. Me padlar straumane fram og attende.

fredag, august 03, 2007

Nytt introkurs i august

Me arrangerer nytt introkurs i samarbeid med Aktiv sundag 26. august. Me leggjer til litt ekstra padling og åreposeredning i høve til tidlegare Aktiv-kurs i år. Pris kjem me attende til. Påmelding til 988 74 253 eller nytt e-postadressa til venstre.

Godt oppmøte - grei tur


Seks havstrilar tok turen langs Selbjørn-landet torsdag, trass i utsikter til regn og basje vind. Trass dette vart utflukta fin, den. Me padla først inn i Fagerbakkevågen og tok gamlehuset til Olepokai i nærare augesyn, forbi Slåttevikja og inn til Kalvaneset. Mange fine vikjer og ditto naust og sjøhus å sjå. Me padla inn forbi holmane i Veivågen, der yngelen lekte seg på grunna, og vidare mot Rabbavikja. Her tok me padlataka mellom Olsen-båtane "Nordervon" og "Norderveg". Ein kajakkpadlar veit som eit lite lauv samanlikna med fiskeskip på 70 meter. Yngve fann seg ly frå regnet med å leggja kajakken under gummibåt som hengde frå davitane på ein ein lystbåt. Deretter fekk me litt meir utfordrande tilhøve. Me svinga ut frå Rabben i retning Djupavågen fekk me bølgjer frå sida og litt kraftigare vind enn tidlegare på turen. Likevel var det ingen som hadde problem med å nå turens siste mål. På vegen heimatt fekk me ein liten surf å leika oss med, ogh me avslutta turen to og ein halv time etter me starta han.

Neste veke satsar me på start frå Kvalvåg dersom det visar seg å vera havblikk. Om det vert meir baskete vêr startar me ved brua ved Eido/Søreide/Åsmundpollen. Føl med på Havstril-bloggen.

onsdag, august 01, 2007

Invitasjon til Fitarøyane

Sunnhordland Padleklubb ynskjer å invitere til ein tur i Fitjarøyane laurdag
18. - søndag 19. august. Det vert ein rundtur med ei overnatting i telt ein stad ute i øyriket. Både røynde og mindre røynde kan vere med og ein deler seg i grupper dersom
det viser seg å vere praktisk. Den som er interessert kan kontakte Odd Bondevik som er formann i klubben og vil vera kjentmann/turarrangør.
Tlf.91805525 eller e-post odd.bondevik@haugnett.no