tirsdag, september 18, 2007

Live-chat om padling

Sjå til venstre. Her kan me kommunisera meir direkte med kvarandre. Eg har t.d. lyst til å padla Haukanespollen no som haustfargane er på veg.

torsdag, september 13, 2007

Interesse for torsdagspadling

Kveldane ver5t kortare, lauva fell av trea, og det vert kaldarer i både luft og sjø. Hausten kan vera ei fin tid å padla på, men skal me halda fram med torsdagspadlingane i nokre veker til, må me starta klokka 18:00. I dag kom det ingen, bortsett frå leiaren, som hadde seg ein liten rundtur inne i Storebøvika etter å ha kostatert at sønnavinden friska på. Viss det ikkje kjem indikasjonar om at folk ønsker tilbodet om fellespadligar på kvardagar så seint i sesongen, skrinleggjer me dei fram til neste sesong, og satsar i staden på ein og annan føremiddagshelgetur når vêrmeldingane er glitrande. Skriv gjerne ei melding under om du har innspel, eller send ein e-post til info@havstrilpadleklubb.no

mandag, september 10, 2007

Ein del utstyr teke bort

Grunna svinn frå klubbhuset, tek me ein del av utstyret bort derifrå inntil vidare. Vestar, årer og kajakkar blir framleis å finna der, og me merkar utstyret retteleg godt så lenge.

Frå Gråsidalen

Det vert endå tidlegare mørkt, og me får difor satsa på avpadling klokka 18.00 på torsdag. Det er meldt sønnavind, men det kan sjølvsagt endra seg. Alt etter tilhøva, padlar me gjerne gjennom Drønspollen til Busepollen og heim att (vestom Drøno viss sønnavinden er moderat).

Diodelanterner til sals


Me har nokre lanterner til bruk på båt/vest etc. til sals til sjølvkost. Kr 110 per stykk. Me har dei i raudt og kvitt. Dei veg nokre få gram og er synlege på opptil 1,5 kilometers avstand.

onsdag, september 05, 2007

Padling viss interesse

Dersom nokon er interesserte i å padla på torsdag - gje ei melding i form av sms, telefon eller e-post så finn me på noko. Det har vore skrøpeleg oppmøte i det siste, men dersom noko vil ut går det sjølvsagt kjempe.

mandag, september 03, 2007

Etterlysing!

Me saknar eitt stykk pumpe og ein årepose frå naustet. Har du ufråverande teke dei med deg? Gje oss melding om dette snarast :-)

Ingen Huftarøy Rundt

Grunna det ofseleg lite padlevekkjande vêret på laurdag vart det ikkje noko av turen rundt Huftarøy. Til neste sesong kjem me truleg til å ta slike turar meir på sparket i staden for å setja ein dato der ein er prisgitt godt vêr. Difor bør ein følgja ekstra godt med på denne ringe sida.