søndag, mars 29, 2009

Ingen torsdagspadling til veka, heller

Sidan bronkiane til aktivitetsleiaren ikkje heilt held mål, har legen bede han å ta livet med ro ei stund framover. Difor vert det ingen fellespadling på torsdag.

Minnar likevel om alle dei gode kajakkane i naustet, og at det er mogleg å låna tørrdrakt ved kontakt med klubbleiaren 988 74 253.

onsdag, mars 25, 2009

Ingen torsdagtur

Det vert ingen organisert tur torsdag 26/3, grunna annan aktivitet for klubbleiinga.

lørdag, mars 21, 2009

Dykjetur

Padlegeneral Hugøy melder om roleg dykjetur til hytto til Kjell og ein liten snartur innom Fleskeryggen på sesongens fyrste torsdagsseanse. Fire havstrilar møtte opp i fineveret.

onsdag, mars 18, 2009

Ny styressamansetting og studentmedlemsskap

Årsmøtet i Havstril pk valde fylgjande styre for 2009 måndag kveld:
Trond Hagenes - leiar
Malin Sjursen Sørvik - nestleiar
Rune Hugøy - styremedlem
Inger Uglenes - styremedlem og representant til Austevoll idrettsråd

Varamedlemmer: Eivind Møgster og Ole Bjarte Austevoll

****************

Det vart òg vedteke av studentar og skulelevar over 18 år får kontigent til halv pris, dvs 200 kroner for inneverande år.

Grønt lys for padling i morgon

Det vert sesongens fyrste padletorsdag i morgon. Rune Hugøy er leiar for ekskursjonen frå naustet i Gråsidalen klokka 18. Hugs påkledning etter sjøtemperaturen. Vil du låna tørrdrakt, gje melding innan klokka 12 torsdag til leiaren på SMS 988 74 253.

fredag, mars 13, 2009

Fyrste torsdagstur?

Viss vêret blir bra i slutten av neste veke, satar me på årets fyrste padleseanse. Oppmøte blir i Gråsidalen klokka 18, torsdag 19. mars. Sjå bloggen for stadfesting på onsdag.

onsdag, mars 11, 2009

Hugs årsmøtet

Alle medlemmar skal ha fått saksliste til årsmøtet påå måndag tilsendt. Dei som har betalt kontigenten har også fått nydesigna, plastlaminerte medlemskort i posten.

Stad og tid for årsmøtet er Bekkjarvik gjestgiveri klokka 19, måndag 16. mars.

søndag, mars 01, 2009

Hugs kontigenten

Denne veka sender me ut innkalling til årsmøte m.m. Veldig positivt om dei som enno ikkje har betalt kontigenten skundar seg med det. Slik sparar me både porto og administrasjonstid :-)