onsdag, juni 30, 2010

Stor dugnadsframgong

Dei siste dagane er det gjort stor framgang på Sveholmen. Mellom anna er gangbrua nesten gjort ferdig, og dei har vore opptil ni personar på dugnad. Torsdag er det fri frå dugnaden. For meir info om dugnaden, ta kontakt med Stig Storebø, undervassjegarane 95 70 13 91 viss du har tid og lyst til å vera med.

Nye aktivitetsleiarar i Havstril padleklubb

Fem deltakarar, fire av dei frå Havstril padleklubb, deltok på aktivitetsleiarkurs med instruktør Lidun Hareide frå Bergensstudentenes idrettslag, BSI, i Austevoll førre helg.

Resultatet vart mykje lærling, moro og teljande resultat i form av at padleklubben fekk fleire aktivitetsleiarar.

Me gratulerer!

Foto: Lidun Hareide.

Sveholmen klokka 19 torsdag

Me padlar frå Sveholmen torsdag klokka 19. Det er meldt strålande ver.

mandag, juni 28, 2010

Dugnad på Sveholmen

Det er dugnad på Sveholmen, saman med undervassjegarane. I morgon startar dugnaden klokka 10. Vil du ha meir info, kontakt gjerne Stig Storebø på mobil 95 70 13 91.

fredag, juni 25, 2010

Vêrfast aktivitetsleiar utan internett

Beklagar vioss nokon møtte opp i går. Aktivitetsleiaren sat verfast på Marstein, og kunne ikkje koma seg derifrå. Uansett var tåka så tjukk at det er eit ope spørsmål om det var tilrådeleg å padla.

tirsdag, juni 22, 2010

Sveholmen torsdag kl 19

Me padlar i retning Skår på Hundvåkøy og ser kor langt me kjem, via Navvågen på nordsida. Bli med, bli med :-)

mandag, juni 21, 2010

Bylgjemoro

Havstril pk avslutta den mest aktive veka i klubbens historie med lit meir avanserte øvringar i bylgjene saman med instruktør Morten Nyborg. Her nokre foto teke av Morten sjølv:

Liv og Lyst og pågangsmot

Ni ungdommer i alderen elleve til sytten år møtte opp til introkurs med selveste Morten Nyborg i stiv kuling på Sveholmen.

Dessverre ble kurset noe amputert på grunn av vær- og sjøforhold, deltakerne måtte holde seg høyst ti meter fra stranden, og utsendt havstril som skulle hjelpe dem som kom for langt ut hadde et svære strev med å komme seg inn til land igjen. Men ungdommene lot seg ikke skremme av været og viste en utrolig entusiasme. Noen var litt redde på forhånd for det å velte og sa fra at det ville de ikke prøve på, men da det kom til stykket og under Morten Nyborgs trygge ledelse så var det disse som var mest ivrige, ja de var nesten ikke å få opp av sjøen på slutten.

Alle lot seg imponere av Morten som stod i kajakken og padlet, og flere av de yngste fant ut at det måtte de få til de også. Det ble trent på å dreie båten, og under de gjeldende sjøforholdene så var det en bragd å få til. Å komme seg inni kajakken og utav var også populær å øve på. Det ble dessverre ikke anledning til å ta seg noe lengre padletur, men ellers fikk ungdommene gjennomført alle momenter i anledning våttkort.

Etter klesskift og koselig grilling med (litt brente) pølser og sjokoladekake, var det høytidelig utdeling av våttkort, intervju for lokalavisen Marsteinen og informasjon om padleklubben. Forhåpentligvis ga kurset mersmak, flere sa de var interessert i å bli medlem eller leie kajakker når de skulle på ferie.

Håper alle vil benytte anledningen til å prøve en padletur under normale forhold med oss en gang og oppleve sjøens ro og ikke bare sjøens villskap.

fredag, juni 18, 2010

Takk til Austevoll brann- og redningsteneste

Brannmeister John Levi Weløy kjøre fleire tusen liter vatn til å fylla sisternetanken vår på Sveholmen. Storleg takk, John Levi!

No har me altså vatn til å spyla kajakkane og anna utstyr med. Etterkvart får me skifta renner, kopla dei på tanken og sett opp eit partikkelfilter!

Kjekt med kurs for svaksynte


Me heldt fyrste delen av introkurs med våttkort for fire svaksynte damer med fylgje. Det var ein særs lærerik affære for klubbens instruktør, som vart retteleg imponert av pågangsmotet og ynskjet om å erobra nye fritidsarenaar.

Fleire av deltakarane viste prov på særs god balansekontroll på kajakken, og me fekk alle nokre gode hint om korleis me kan leggja endå betre til rette før neste bolk med kursing.

Ein særs kjekk seanse i kajakken.

onsdag, juni 16, 2010

Ingen torsdagspadling

Kansellert grunna anna aktivitet i klubbregi. Nokre få klubbkajakkar er ledige for dei som vil ha seg ein tur.

Elles minnar me om Moro med Morten på sundag. Fokus på teknikk og kanskje litt moro og ferdigheiter i bylgjer, dersom tiøhøve tillet det. Send SMS på 988 74 253 viss du vil vera med.

mandag, juni 14, 2010

Stint på introkurs


Ein gjeng særs flinke austevollingar inntok havstrilkajakkane måndagskvelden. Introkurset var fullteikna, og trass i den særs sterke nordavinden, som tok godt  tak sjølv inne i den skjerma vika ved Spissøy / Sveholmen, hadde gjengen etterkvat flott kontroll på fartøya og smila på plass.

fredag, juni 11, 2010

Reservasjon av alt utstyr neste veke

Alt havstrilutstyr er reservert MÅNDAG 14., TORSDAG 17. og LAURDAG 19 grunna ulike kursaktivitetar.

Til Kalve og nesten Marstein


Eit halvt dusin havstrilar koste seg i finevêret i går. Me padla frå stranda på Spissøy, kryssa Kalsvika til skjera utanfor Indreøya, og gjekk sørvestom Ytterøy og følgde vikane langs Storekaløy heilt tilme runda Håneset. Her kom havsdønningane rusande inn, og me hadde flott utstikt til Marstein fyr medan me vurderte om me skulle leika oss rundt øya, eller ta den reine koseturen via ein kanal mellom Ytreøya og Kalvelandet. Me valde det siste, og fekk flott surf i hekken innover mot Sveneset, som ligg rett i nærleiken av loshytta på Kalve.

Så fekk me på nytt helsa på det to flotte hangeitene på den fyrste holmen innanfor Ytreøya. Dei er så sosiale at du får klappa dei, og det var på nippet til at dei hoppa om bord i eit par av kajakkane. Me padla vidare over Kalsvika att, forbi Bahus, Bakksund og sørsida av Spissøy.

Me padla totalt 13,2 kilometer, og bevega oss i to timar og 36 minuttar. Det gjev då ein bedageleg gjennomsnittsfart på i overkant av fem kilometer i timen.

Nok ein kjempeflott klubbtur, og det var ekstra kjekt å sjå nye andlet på denne aktiviteten.

mandag, juni 07, 2010

Har du huska kontigenten

I dag sender me ut påminningar til dei havstrilane som enno ikkje har betalt kontigent for 2010. Akkurat dei 400 (eller 200 viss du er student) finst det vel ikkje betre føremål å bruka ein bitteliten del av feriepengane på :-)

søndag, juni 06, 2010

Strålande sommarvêr

Vêrmeldinga fortel om glitrande sommarvêr i veka som kjem. Me minnar om at alt utstyr i naustet kan nyttast fritt av medlemmar av Havstril pk. Send SMS eller ring 988 74 253 viss du vil ha koden til nøkkelskåpet, som heng ved inngangen.

Torsdag padlar me òg frå Sveholmen, kanskje i retning Kalve og stordønningane utanfor, som me kan terga litt viss dei frammøtte følar for det. Tidspunkt for oppmøte er kl 19.

torsdag, juni 03, 2010

Moro i refleksdønningane


Fem havstrilar på tur langs Hundvåkøy- landet. Med padla langs land og fekk smaka på dei relativt dorske havdønningane som rulla inn Horgefjorden, og slo opp langs den forrevne klippekysten utanfor Arholmen og Vikene ved Øklandsvågen, der me òg padla inn. Rundt oss jakta makrellternene etter mat, og på fleire utstikkarar var det tjeld på jakt etter mat, sidan det var sterk fjøre.

Så sette me kursen heimover att, og kunne gå i land etter ein kort, men kjekk tur i dynamiske omgjevnadar (takk til refleksbylgjene, og surfen inn i vikene). Me padla 7,5 kilometer på litt under halvannan time.

(Foto: Lengst inne i Øklandsvågen var det heilt stille - slik er det nok ikkje alltid i den vestvende vika).

tirsdag, juni 01, 2010

Padlekurs, juni 2010

NPF Introkurs, hav - Måndag 14. juni kl 19:00
Instr. Trond Hagenes, Havstril pk. Kostnad: 600

Gratis NPF ungdomskurs - laurdag 19. juni kl 10:00
Instr. rettleiar Morten Nygård, Haugesund kk
Støtta av Liv og Lyst

Moro med Morten
- sundag 20. juni kl 11:00
Uformell gøy og leik med ein av Noregs beste havpadlarar, Morten Nygård
Kostnad: 400

NPF Aktivitetsleiarkurs
- laurdag 26. og sundag 27. juni
Krev avlagt teknikkurs. Instr: Lidun Hareide, BSI - padlegruppa
Kostnad: 1 500

Me vil setja opp fleire introkurs ved stor interesse. I løpet av sommaren kjem me òg attende med eskimorullekurs og truleg rockhoppingkurs på hausten.

Påmelding/info til Trond Hagenes på tlf 988 74 253 eller e-post til info@havstrilpadleklubb.no.

Spissøy torsdag kl 19

Me padlar frå Spissøy torsdag kl 19. Enten går turen nordover eller sørover langs Hundvåkøy-landet. Det er meldt relativt lite vind, og delvis skya/sol.