fredag, desember 31, 2010

Godt nyttår

Godt nytt padleår til alle havstrilar. Frå og med 1. januar 2011 vert bloggen flytta til heimesida vår. Denne adressen vert liggjande som arkiv for dei fyrste fem åra med padleklubb i Austevoll.

lørdag, desember 25, 2010

Ingen romjulspadling

Dårlege meldingar ons- og torsdag. Ordtaket carpe diem gjeld visst framleis ;-) Me forsøkjer ved finevêrsdagar i januar i staden.

mandag, desember 20, 2010

3. februar 2011, Årsmøtedatoen

Bekkjarvik gjestgiveri let oss òg i 2011 helda årsmøte hos seg, utan kostnad for klubben. Det seg me storleg pris på. Møtet går av stabelen 3. februar 2011 kl 19:30.

Me har invitert føredragshaldar, og vartar nok oppmed nokre kaker og gjerne ein skvett kaffi.

lørdag, desember 11, 2010

Snart ferdig padleguide

Havstril manglar berre siste finpussen på trykksaken "Padleturar i Austevoll". Han får 12 sider, og er meint som ei miniinspriasjonskjelde for turistar og padlarar som ynskjer å utforska øyane våre med kajakk. Guiden vert trykt opp i noko avgrensa opplag, distribuert til medlemmane tidleg på nyåret, og vert i tillegg lagt ut på strategiske stadar i kommunen. Vidare vert han tilgjengeleg til å lasta ned som PDF på heimesida.

fredag, desember 10, 2010

Landgangen på plass

Då var landgangen på plass. Dermed har me ei retteleg turvande bryggje på plass. Nok ein gong takk til Sjøtroll havbruk for flytebryggja!

Dugnadskongen Rune Hevrøy fornekta seg ikkje, og tok også denne dagen turen frå Sandsli for å kosa seg med handverk i kulda. Eivind M., Rune Hevrøy og kluren av ein leiar deltok òg på sjølve bryggjedugnaden, medan Olav J. arbeidde godt og har fått inn ei terrase/skyvedør i eine enden av huset.

Variasjon over eit tema

Blir aldri lei av denne holmen, Praktfullt heile året.