onsdag, juli 30, 2008

Ingen offisiell tur

Me har ikkje turleiar til torsdagspadlinga denne veka, men oppfordrar likevel medlemmane til å møta opp på naustet klokka 19 og padla ut saman. Bruk gjerne dialogboksen til venstre for å avtala nærare.

fredag, juli 25, 2008

Vakre Horgo




Offerstaden frå gamalt er bada i sommarsol. Blå krefter frå storhavet slår med avmålte krefter kvite kaskadar over skjera utanfor. Velkomen til Horgo.

Me padlar over Møkstrafjorden der han er på det smalaste, bak oss har me Møkster og Litlakalsøy. Dei små fartøya våre handterer skvalpesjøen med utprega eleganse i det me nærmar oss innseglinga til pollen. Sjølv på ein finvêrsdag ruskar kong Neptun til sjøen på kanten til Storhavet. Eg er langt frå nokon geolog, men bergartane i knausane som ynskjer oss velkomne, minnar litt om gulna skifer som er diagonalt stabla opp på kvarandre. Så tidleg skal som i 1923 skal Kolderup ha rekna dette området som eit av Vestlandets mest særprega geologiske felt, både grunna dominansen av kalkrike bergartar og utforminga til landskapet. I fylgje semesteroppgåva til Randi Danielsen og Lilian Skjolddal ved geologisk institutt i 1983 er det gneis og granitt som dominerer denne øya, sjølv om eit heilt utrent auga synest å observera mange av dei same særtrekka frå Møkster, storebror i sør.
Hist og her har nokre hardføre gule blomar klamra seg fast og ser ut til å ha suksess med sin versjon av ekstremsport - fotosyntese der ingen skulle tru at noko kunne gro.

Sandbotn og o-skjel
Framfor oss opnar pollen seg. Dei fem kajakkane får hjelp frå sjøen som flør inn i Veslestraumen og Store Vaula. Ein skjergardsjeep er fortøydd i idyllen. Ein schäferhund vanar nøgd i det grunne vatnet. Inntil han ser kajakkane. Han gøyr på oss, samstundes som han ser ut som han gjerne vil helsa litt nærare på desse rare sjødyra med folk oppi. Under kjølen min ser eg sand, skjel i mange ulike fasongar og tilfeldige vekstar. Brita Nordstrønen sankar delikattesar til grillen. O-skjelmusklar er ein sikker vinnar på familiens sommarstad på Pirholmen. Eg vert nesten freista til å kopiera eksempelet.
Etter å ha padla frå Rostøy, via Horgetrynet, vestom Møkster og til hamna i Litlakalsøy og attende til Horgo, er me svoltne. Yngve meiner det er ei smal sak å bæra farkostane våre over til Austrevågen. Han har rett. Dessutan er det langt frå så mykje folk i vågen som me hadde rekna med. Lengst inne i vika ligg det ein liten grasflekk og ei sandstrand og ventar på oss. Det er berre å parkera kajakkane, lasta ut eingongsgrill, stormkjøken, pølser, ris i pose, tomatketchup, solkrem og ta av seg padlevest og lata sola steika kroppane. Camilla kastar seg like godt ut i den varme sommarsjøen.
Livet er herlig, dere.

Offerplassen
Eg har aldri tidlegare sett disiplanes hestar på Horgo-jord. Sjølv om eg ein gang har padla rundt henne, har det ikkje slått meg tidlegare kor fascinerande øya er. Viker og vågar har nesten lukkast i å dela øya i to. Smeltar isen på Grønland, ser det dårleg ut for einskapen til øya.
Me gnafsar i oss ostebacongrill i polarbrød, den obligatoriske ketchupen og skvalpar det heile ned med mørk leskedrikk eller kafffi. Me pratar om kva kajakk som er den beste til ulike føremål, og let sommarpulsen verkeleg søkkja til eit lågmål.
Eg vandrar opp mot det som ein gang var domenet til dei fastbuane menneska på øya. På vegen opp kneika, studerer eg dei yrande sommarlivet i Austrevågen. Kvit glasfiber og blenkande rustfritt stål minnar om eit moderne liv, medan sjøhusa og dei andre bygningane på øya ser bra ut. Eg merkar meg at det ikkje er vegar på øya. Dei talrike spraglete ullnøsta ser skeptiske på meg. Dei glitrar i auga til ein av dei før han sprett av garde på stive bein, lukkeleg uvitande om at dei smakfulle låra hans sikkert endar i ein nøgd mage om nokre få månader. Like ved Lars Erling sitt hus ligg ein grunnmur, der berre litt av eit omnsrør stikk ut.
Eg blir trekt mot havet att. Den tilsynelatande dorske sjøen gjer jobben sin mot eit av skjera like utanfor dei bratte svaberga, Skinnbrokeskaget. Gje sjøen nokre tusen år til, så er det kanskje ikkje så mykje att. I dag kunne ein ha leika seg litt med kajakken rundt der det bryt, men tida strekk ikkje til. Ein seglbåt tøffar maskinelt forbi. Marstein fyr kan skodast over berga på Skansen. Sitkagranskogen på Kalve ser merkeleg malplassert ut, som ein tupé på avvege.
I ein av tidevasspølane har eit enormt tangblad forvilla seg. Det har nok sleppt taket i styggevêret, og ligg no som eit monument over andre vêrtilhøve. Når sommarsola slepp taket og gjev etter for litt regn og kuling forsvinn nok tanga og endar sine dagar på botnen av Blåmyra.
Horgo var etter gamalt ein offerplass. Her sette ein dei mindre funksjonelle i familien ut på kanten av berget, og dytta vedkommande ut i havet med ein stokk. I fylgje ei lokalhistorisk vevplass, var det spesielt viktig at alle dei andre heldt ei hand på stokken, slik at dei vart medskuldige. Kor mykje ekstra fangst eller avling offera førte med seg, fortel historien lite om.

Fråflytta
Det er meir enn 40 år sidan Horgo vart fråflytta. Skysskaren Lars O. Horgen tok familien sin med seg til Storebø, og det siste lyset frå dei fire husa på øya vart sløkt. Ei kort stund var det eigen skule på øya, medan det tidlegare vart undervist heime i stova på eit av husa på øya.
Bergen- og omland friluftsråd disponerer eit av husa til Horgo til utleige. Det vert mykje brukt om sommaren, både av kajakkpadlarar og båtfolk. Kring juletider vert det årleg åstad for Bergen havpadleklubbs julebord. Rykta fortel òg at eit besøk på øya inspirerte ein gjeng osingar til å stifta sin eigen padleklubb. Ikkje rart, så vakkert det er her lengst ute mot Storhavet.
Ved det gamle naustet i Vestrevågen held brørne Endre og Emil kvar andre i selskap i stranda, medan pappa Kurt gjer sitt beste til å få småtassane sine til å bli med på fotograferinga mi. Mamma Ingelin solar seg på bakken like ved. Emil gjer sitt beste for å overtyda underteikna om at sjokoladekjeks er den kortaste vegen til salegdomen. Men eg er i mitt ess her ute. Eg har nok funne meg ein ny favorittstad blant dei 667 øyane, holmane og skjera.
Vikene ville inspirert I. C. Dahl til å ta fram staffeliet. For min eigen del synest eg det er trist at telt og sovepose ikkje ligg pakka om bord i kajakken. Her har eg lyst til å bruka mykje meir tid. Grilla fleire pølser, fiska frå dei gamle offersvaberga, leika meg i brenningane med kajakk.

(Denne teksten kjem òg på trykk i Marsteinen)

=============================================

Utanom Horgo, padla me fyrst vestom Møkster. Det var relativt rotete sjø, og bylgjene var såpass store at dei andre padlarane av og til ikkje var synlege der dei duppa ned i bylgjene. Dette samstundes som sola steikte, og me kunne konstatera at d et verkeleg bryt ved Helgeskjeret sjølv ein vakker sommartorsdag.

Så møtte med tidlegare Havstril-medlem Arild Sunde og koa Astrid Mehus Sunde, som viste oss idyllen kring Kuøyi, før me gjorde landgang på ein vakker holme mellom Svinakalven og Langøy. Vakker stad å ta ein pust i bakken (sjå bilde 2).

Deretter padla me langs Lanøya, innimellom Kvisholmen og Risøy i retning Litlakalsøy. Ved hamna på Litlekalsøy, gjorde me vendereis, i retning Horgo.

På vegen såg me mellom anna ei andemor (sil- eller laksand), med det talrike kullet sitt. Både tjeld og måsar var å sjå både hist og her.

Totalt padla me i underkant av 30 kilometer. Me hadde to pausar på tilsaman to timar.

onsdag, juli 23, 2008

Me padlar frå Rostøy i morgon

Oppmøte klokka 10:30 avgang så snart me er klare etter det. Estimert padledistanse for dagen 24-25 kilometer. To landgangar (minst). Ta med mat, drikke, klesskifte m.m.

mandag, juli 21, 2008

Gode vêrmeldingar

Torsdag kan bli ein retteleg fin dagstur. Her er vêrmeldinga per måndag frå yr.no "Lettskyet. Svak vind, 1,8 m/s fra sørvest. 0 mm nedbør i døgnet."

Møkstringen Arild Sunde blir med og vil gjerne visa oss nokre av perlene i skjergarden sin.

fredag, juli 18, 2008

Har takgrind men ikkje kajakkstativ?

Me har kjøpt inn tre stykk sett med isopor-kajakkstativ (i mangel av eit betre ord) til dei mange som har takgrind, men ikkje eigna oppleggg til å halda kajakkane på plass på grinda. Basic stuff, men gjer nytten inntil me har fått hengaren me drøymer om på plass... Stativa er på plass i naustet.

MeLaks/Austevoll Fiskefarm sponsar oss

Edvard Melingen melder at verksemdene hans tilgodeser padleklubben med kr 2 000,-. Me takkar hjarteleg for støtta!

Klubbavtale med God tur

Havstril pk og God tur i Bergen er blitt samde om ei klubbavtale som gjev alle medlemmane våre 10 prosent i prisrabatt. Bergensarane fører mellom anna velrenomerte Valley-kajakkar og Werner-årer.

Dagstur på torsdag

Me tenkjer ein litt lengre kosetur - dog truleg under litt meir krevjande forhold enn ein vanleg torsdagstur - vest i øyane på Litlakalsøy, Møkster og Horgo. Kva me padlar frå og starttidspunkt kjem me attende til. Føl med på bloggen. Detaljane kjem seint på tysdag eller tidleg onsdag. Oppstart truleg rundt klokka 11 :-)

Vekas åttetal




Heile ti havstrilar la ut frå Rostøy i går - alle klubbåtane minus "Skverslingen" (North Shore Buccaneer) var på sjø. Me padla den rolege Drønspollen fyrst, så utanom og rundt Busepollen før me la i veg vest av Drøno. Der me ikkje var i le fekk me relativt små, men krappe bylgjer inn frå sida. Kjekt å måtta halda tunga nokolunde beint i munnen i visse parti. Då me hadde svinga på nordvestsida av øya kunne dei som ville surfa litt på bylgjene. Heilt inne ved land var det grunt mellom nokre steinar, men tre av oss satsa på at surfen ville bæra oss over det glatte berget. Slik gjekk det og moro var det!

tirsdag, juli 15, 2008

Rostøy klokka 19

Me padlar frå Rostøy klokka 19 torsdag. Me ser an vêret. Det kan verta alt frå Drøno rundt, til ein eller fleire av dei omkring liggjande pollane... Møt opp ved naustet til Rune (evnt. sjøsetting frå slippen).

mandag, juli 14, 2008

Glimt frå introkurs




Ni nye innom introkurs med Havstril pk. (Foto: Yogaøvingar av Andreas Møgster inne i cockpiten, same unge herr Møgster går over kajakkane og til sist - like før åreposeredningane går av stabelen inne i Gråsidal-hamna).

søndag, juli 06, 2008

Ingen torsdagspadling denne veka - men kanskje dagstur på fredag

Grunna introkurs torsdag den 10. vert det ingen torsdagspadling denne veka. Alle klubbåtane minus k2-en er reservert for dette føremålet den dagen. Dersom vêrmeldingane held stikk, satsar me likevel på ein dagstur på fredag - men medbrate pølser og andre gode greier til bål/eingangsgrill etc. Stad for utpadling kjem me attende til, men målet vert enten Horgo eller Fugløy.

fredag, juli 04, 2008

Variert kosetur rundt Stolmen




17,3 kilometer langs bratte berg, lyngkledde haugar og grøne bråte torsdag. Ni havstrilar la ut frå Våge, med ei rekkje åtvarande formaningar frå gamle sjøulkar som syntest at farkostane våre såg vel skrøpelege ut sjølv om ein slik finvêrsdag. Våtdrakter og ullundertøy vart skifta ut med shorts og trøyer med korte erme for dei fleste. Ein svak trekk frå sørvest heldt oss litt avkjølte.

På vegen vestover mot Krykjevika var det litt sjø, men ikkje slik at det på nokon måte vart teknisk utfordrande. To havstrilar stakk langt ut, medan resten heldt seg meir langs land. Rune var spesielt hissig på å helsa på tang og tare og kjenna sjøsprøyten i den lyse luggen, når bylgjene braut mot knausane.

Me padla inn i eit stort flak med mette ærfuglar. Det var lite vind for dei, og dei sleit med å ta av. I staden dykka dei, og kom opp attellom båtane, ein stor feit andesteik måtta avbryta takeoff då han heldt kolisjonskurs med leiarens kajakk. Det kunne blitt litt av ein smell mellom dei to, relativt sett, tungvektarane.

Me kom oss etterkvart inn i le for det som var av sjø og trekk, og padla inn i Sørvik. Der trefte me medlemmar av Stangeland-klanen, som mellom anna Nina gjorde sitt ytterste for å rekruttera til neste vekes introkurs. Godt jobba, om ein kan sei det slik.

Medan Rune framleis leika seg med skum og sjøsprøyt, tok mange den rakaste vegen til Fugløysundet. Me padla over store bankar med tjukk tang, den som dorgar lyr over slike område er garantert fangst. Men me hadde andre ærend. Me vurderte ei stund å padla til Hevrøy då me var kome inn i ein havblikk Skoltafjord, men sidan klokka tikka mot ti, gav me oss på det.

Nokre av oss fylte vatn i Kvalvågen, slo av ein prat med legendariske Sigurd'n, og Hagenes nytta sjansen til å gratulera ein gamal kjenning med overstått 70-årsdag i Pettersen-huset. Så bar det vidare, forbi Valhammarberget der kveitene pleiar leika seg i djupna, før ein stor open dori laga gode bylgjer som forårsaka eit og anna frydefylt kvin.

Etter tre timar og nokre minutt i båtane, og 17,3 kilometer tilbakelagt steig me i land. Og eg trur ikkje det er nokon overdriving å slo fast at alle var eninge om at det hadde vore ein fin tur :-)

(bilete: Marit Møgster med ein ærfugl som ho nesten kunne ta på, Rune terga bylgjer og berg, leiaren med klubbens nye Seda Ikkuma 17).

tirsdag, juli 01, 2008

Nytt kurs 10. juli

Tips gjerne familie, vener og andre som kan vera interesserte om at me arrangerer nytt introkurs 10. juli. Framleis har me fleire ledige plassar!

Stolmen rundt?

Me tek ut frå Stolmavågen (møt opp ved kaien på Våge ti på) torsdag klokka 19. Me satsar på ein litt tøffare tur enn normalt, kanskje heilt rundt Stolmen. Det er meldt nordavind, men lettare tilhøve tidlegare på dagen.