fredag, juli 31, 2009

torsdag, juli 30, 2009

Tyskarar bloggar om Austevoll

Utanlandske padlarar likar òg Austevoll, om me skal tru denne bloggen og leiaren sine mangelfulle tyskkunnskapar.

Kajakkane reservte tysdag

Tysdag 4. august er alle kajakkane, minus K2-en, "Eldjarnet" disponert til kurs.

tirsdag, juli 28, 2009

Kvalitetstid i gråvêret

Berre tre sjeler møtte opp ved Bekkjarvik, og sette kursen nordover. I byrjinga tok vinden i Selbjørnsfjorden eit visst tak, og laga morosame bylgjer. Etter ein kort passiar med familien Dalseide ved dei nydelege tørrmurte bryggjene sine, vende me nasen mot Litla Lunnøya. Det var heilt roleg på nordsida av Selbjørnsbrua, og dei einaste krusingane me opplevde var då John Otto tøffa forbi i sjarken sin.

Mellom Litla Lunnøya og Lunnøy, friska det på. Me fekk litt suft i hekken, og skaut fart i retning innseglinga til den beskytta hamna på øya. Det bur berre eit fåtals familiar på Lunnøy, men rorbuer har no spreidd seg òg.

Under vegs såg me mange store konsentrasjonar av glasmaneter, fleire måsungar, ein og annan tjeld og nokre terner som alltid heldt ei viss avstand til havstrilane.

Me kryssa attende til Selbjørn, og vinden spakna litt etter kvart. Me padla inn i ved Veivågen, bisna vidare på den vesle pollen ved Knut K. si hytte, før me tok vegen på innsida av Eikholmen og attende til utpadlingsplassen- Øvst på Eikholmen var det nokre store gjæss som observerte oss.

Totalt padla me 15,2 kilometer, gjennomsnittsfarten var temeleg nøyaktig 5,9 kilometer i timen. Det tok to timar og 34 minutt.

fredag, juli 24, 2009

Ingen tur til Nærøyfjorden

Det har ikkje vore ei sjel somhar vist interesse for tur til Nærøyfjorden. Difor kansellerer me denne, og satsar i staden på ein overnattingstur til øyane/holmane vest i Austevoll. Tid og stad finn du meir om på bloggen etter kvart.

torsdag, juli 23, 2009

Måndag går turen frå Bekkjarvik

Møt opp ved parkeringsplassen ved Bekkjarvik torg klokka 18:30. Enten tek me fartøya laus frå Juthola, eller viss den melde sønnavinden vert ekstra sterk, tek me kajakkane og sjøset dei ved Nordrevågen. Målet for padleturen er Lunnøy og kanskje vidare til Litlakalsøy, alt etter vêrtilhøva.

onsdag, juli 22, 2009

Røstøy - Terneskjeret

Me var tre karar som møtte opp i Rostøysundet, målet for turen var terneskjeret. Etter ein times padling i motsjø var me velberga framme ved målet. Etter ein liten drikkepause satte me kursen heim att via Røtapollen og rundt Bakholmen før me sette kursen mot Rostøysundet.

Sjølv om me ikkje var så mange som møtte opp i dag, så var me einige om att det var ein fin tur. Me fekk testa kajakkane våre litt og enkelte av deltakarane har nok lært seg å mestra litt røffare sjø enn ein vanligvis paddler. Takk for turen!

RH

tirsdag, juli 21, 2009

Kurssesongen held fram



Måndag var det åtte deltakarar på introkurs hos Havstril. Deltakarane fekk i tillegg tid et vanlege innhaldet tid og høve til å prøva seg på åreposeredning. Vêret var overraskande bra, men langt mindre vind enn forventa og opphald.

Etter planen kjører me to kurs til i år. Eitt tysdag 4. august og eitt måndag 17. august. Innan den tid bør kajakkane våre vera flytta til Spissøy.

Foto: Stig Løseth "bergar" Helge Solbakken med kameratredding (øvst), og same Solbakken prøvar seg på åreposen, i forgrunnen gjer Rune Fanastølen Tuft det same.

torsdag, juli 16, 2009

Klubbtur frå Rostøy tysdag klokka 18.30

Rune H. leiar seglasen. Oppmøte ved det raude naustet til venstre 100 meter frå brua.

Døra på plass i naustet


Tre og ein halv havstril møtte til dugnad torsdag, og klarte med intenst og fokusert innsats å ferdiggjera døra på naustet på Sveholmen. No gjenstår berre små detaljar før me flyttar kajakkane frå Gråsidalen til den nye tilhaldsstaden vår.

Stor kursinteresse

Det var fullt kurs i gråvêret på mandag. Me kunne sikkert hatt 18 stykk på kurset, men materiell og tryggleiksreglar frå NPF set ein stoggar for det. Dermed set me opp ekstrakurs fyrstkomande måndag. Det er framleis nokre ledinge plassar. Send e-post eller send SMS til 988 74 253.

lørdag, juli 11, 2009

Ingen fellestur måndag

Grunna kurs vert alle havstrilbåtane reservert på måndag. Det vert heller ikkje fellespadling/klubbtur denne veka. Veka etter, er det usikkert om det vert kurs eller fellspadling på måndagen, men me prøvar å få til eit opplegg for klubbpadling tysdag.

torsdag, juli 09, 2009

Dugnad torsdag

Torsdag 16. juli klokka 13 tek Havstril siste sprint i sin eigen dugnad på Sveholmen. Målet er å setja opp skyvedøra, og laga klart til hengjelås med meir. Møt opp!

Denne veka er det stor aktivitet på Sveholmen, og dei som er interesserte i å hjelpa til, kan kontakta Stig Storebø på mobil 95 70 13 91 for fleire detaljar.

Det nærmar seg no tidspunktet då det vert praktisk mogleg for Havstril pk å flytta flesteparten av kajakkane våre tild en nye heimen deira :-D

Foto: Undervassjegrane Andreas Risøy og Stig Storebø har slett ikkje noko i mot hjelp frå havstrilane.

Måndag er alle kajakkar reserverte!

Grunna kurs blir alle kajakkane i Havstril pk, minus K2-en "Edljarnet", reserverte frå og med klokka 18, måndag 13. juli og ut kvelden!

tirsdag, juli 07, 2009

Storkos i duskregnet


Fire havstrilar og to havstrilar in-spe tok turen frå Gråsidalen i går. Me padla nordover, under Storholmbrua, kryssa leia til Hundvåkøylandet. I Osen såg me ein stim med niser som sikkert var travle med å forsyna seg av makrellstimane i området.

Me duppa forbi Haugagut sin kai, vidare forbi Torangsvågen, i retning Skår. Mykje fin skjergard å sjå, og me merka oss alle dei pittoreske hyttene her og vidare i rundt Skårøysundet. Eigentleg hadde me tenkt oss til Ryarbåsen på Krossøy, men då klokka begynte å bli mange og einskilde litt møre hist og her etter den fyrste padleturen sin, tok me vendereis sørover att.

På vegen trefte me "Rygerstril" som laga bylgjer akkompagnert av frydefulle kvin frå nokre av oss. Totalt padla me rett i overkant av 15 kilometer på temmeleg nøyaktig tre timar.

mandag, juli 06, 2009

Teknikkurs helgja 8. - 9. august

Havstril har fått tak i ein god instruktør til teknikkurs 8.- 9. august.

Innhald:

Hovedmål
Deltakeren får en grundig gjennomgang av grenens tekniske ferdigheter, både med hensyn til teknikk og sikkerhet. Etter endt kurs kan deltakeren utføre god teknikk i rolige omgivelser.

HÅNDTERING AV KAJAKKEN
o Løfte, bære, sjøsette
o Sikring av kajakk.
o Kanting av kajakk.

FREMDRIFTSTAK
o Effektivt framdriftstak (padle rett fram over lengre distanse).
o Bakoverpadling
o 8-tallspadling fremover og bakover med kanting av kajakk.

STYRETAK
o Styretak bak.
o Baugtak.

Sideveis forflytning
o Uten fremdrift i kajakken
o I fart

STØTTETAK
o Sculling for støtte.
o Støttetak (høye og lave)

REDNINGSTEKNIKK
o Kameratredning.
o Egenredning.
o Tauing og bruk av taueline.
o Eskimoredning.

RULLE
o Deltakeren lærer det grunnleggende ved rulla. (DETTE ER EN INTRODUKSJON TIL RULLA! SÅ RULLA TRENGER IKKE SITTE!)

Krav til deltakelse
Nybegynnerkurs

Varighet
16 timer.

Organisering
Helgekurs eller kveldskurs avhengig av arrangør.
Evaluering
Må greie de respektive krav i innholdet. Ikke perfekt men en viss forståelse på påvises.

Påmelding 988 74 253 (Trond Hagenes). Påmelding er bindande!

fredag, juli 03, 2009

Frå Gråsidalen måndag

Klokka 19. Turen vil gå nordover til Skårasundet eller rundt øynane ved Rotapollen og sørover.

torsdag, juli 02, 2009

E-posten funkar att

info@havstrilpadleklubb.no er no oppe og går igjen. Beklagar viss De har forsøkt å senda oss e-post på denne adressa.

onsdag, juli 01, 2009

Finvêr til padling

Godvêret fører til auka medlemstilstrøyming og bruk av klubbkajakkane. Berre denne veka har me registrert seks nye havstril-medlemmar, slik at me no er 59 betalande medlemmar inneværande år. Dette er allereie over fasit i fjor, då me var 53 betalande havstrilar etter årets utløp.

Leiaren legg ekstra nøkkel i permen på Statoil, slik at det er mindre sjansar for at medlemmar ikkje får teke med seg nøkkelen.