fredag, juli 30, 2010

Fyrste barne- og ungdomskajakk

Havstril pk har fått støtte frå Liv og lyst - ikkje berre til å halda kurs til barn og unge, men òg til å kjøpa inn kajakkar og anna utstyr. Fyrste me har fått på plass er er Prijon Viper, med spurttrekk, som er spesielt eigna for barn og ungdom opptil 165 cm høgde og 65 kilo.

Bra kurs

Kjekt padlekurs med åtte deltakarar og ein observatør i går. Som vanleg på kursdagar litt nordavind, men denne gongen var han ikkje sterk nok til å vera sjernerande.

torsdag, juli 29, 2010

Med Havstril til Fitjarøyane?

Me har lyst til å ta ein lett overnattingtur til Fitjarøyane ein gong i august. Mest ein kosetur med ein god leirplass, men sjølvsagt òg litt padling, men ingen stor ekspedisjon. Dei som er interesserte i å bli med, kan ta kontakt med turleiar og Havstrils fitjarøy-entusiast Eivind Møgster ved å ringa eller senda SMS til 932 19 866.





(Foto: Tur i Fitjar, 2008, via Rune Hugøy)

tirsdag, juli 27, 2010

Medlemsvekst òg i 2010

Per dato har Havstril padleklubb 76 betalande medlemmar. Det betyr at me og i år vil ha vekst i medlemsmassen. Spesielt gledeleg er det at mange studentar og unge nyttar høvet og blir medlemmar i Austevoll sin padleklubb.

lørdag, juli 24, 2010

Kurs på torsdag

Fyrstkomande torsdag klokka 19 dreg me i gang nok eit introkurs frå Sveholmen. Me vonar det vert fint vêr. Har enno nokre restplassar! Ring eller send SMS på 988 74 253 viss De er interesserte.

fredag, juli 23, 2010

Jentesamling/hav - padleforbundet

14. - 15. august. Fylg linken for meir info - opent for hokjønn på alle nivå, etter det er forstår.

Pause i torsdagspadlinga neste veke

Me var berre to havstrilar på tur frå Bekkjarvik i går. Grunna den låge oppslutnaden på fellespadlingane dei to siste vekene, blir det ikkje tur neste torsdag. Hugs likevel at alle medlemmar kan henta og nytta utstyr frå Sveholmen. tekst 988 74 253 for å få koden til naustet vårt.

onsdag, juli 21, 2010

Frå Bekkjarvik i morgon

Fellespadlinga vert frå Bekkjarvik i morgon torsdag. Oppmøte klokka 19:15. Grunnen til at eikkje har padla frå Sveholmen dei siste to vekene er rett og slett sterk vind. Søre Selbjørn ligg nokolunde i le for nord-vesten som er meldt i morgon.

Kajakkar kan hentast i naustet, for dei som har takgrind på bilen har me altså slike isporadaptarar som enkelt går an å setja på, og kajakkane kviler godt på.

fredag, juli 16, 2010

Jaudå, det vart padling

Tre ivrige havstrilar padla og hadde det mykje moro på torsdag. Mest leik i Drønsstraumane. Kva det vert til neste veke, blir kunngjort på bloggen i løpet av tysdagen.

tirsdag, juli 13, 2010

Kurs sist måndag

Effektiv og flink gjeng, nokre med ein del padlerøynsle. Kurset gjekk kjempefint, og det vart mellom anna tid til å øva på åreposeredding mot slutten av seansen,

lørdag, juli 10, 2010

Frå Rostøy torsdag

Ein tek ut frå Hugøy-en si bryggja, torsdag klokka 19. Flytebryggja ligg til venstre over brua, nedanfor det raude naustet. Det er ikkje å ta feil av!

Utstyr reservert måndag kveld grunna kurs

Alt utstyr, minus K2-en, er reservert frå kl 18 - 22 måndag 12. juli.

Flott i pollen



Fem padlarar på tur. Veldig fin tur, mykje teknikktrening, godt med fauna (som markellternekyllingen på foto) og ikkje minst ein kaffi - og sjokoladeetepause hos havstrilmedlemmane Geir og May, som inviterte oss opp i hagen sin då me kika innom.

onsdag, juli 07, 2010

Frå vassverket klokka 19

Etter gamalt tek me oss ein tur i Heimarkpollen og gjennom straumane i morgon, torsdag. Oppmøte er ved Austevoll vatn og avløp BA sitt anlegg ved Kjempefaret.

Minnar om at kajakk kan hentast i naustet på Sveholmen (trengd ud kode, send sms til 988 74 253). Det er utstyr nok til at tre medlemmar som har bil med takgrind får teke med seg kajakkar (me har isoporadapterar med reimar i naustet).

fredag, juli 02, 2010

Sju på tur

Det var sju havstrilar som padla i blikkstilla frå Sveholmen til Navvågen og attende i går. Under vegs viste dei nye aktivitetsleiarane fram nokre av kunstane sine - her har det vore tydeleg progresjon å spora dei siste vekene - med mykje tid i kajakken.

Gledeleg igjen å sjå at nye andlet heng seg på klubbaktivitetane!