tirsdag, januar 26, 2010

Årsmelding 2009

Havstril-styret har i 2009 bestått av Trond Hagenes (leiar), Malin Sjursen Sørvik (nestleiar), Inger C. Uglenes (medlem og repr. til Austevoll idrettsråd) og Rune Hugøy. Det vart avheldt fire styremøter, og referat frå desse vart i hovudsak lagt ut på heimesida havstrilpadleklubb.no kort tid etter møta hadde funne stad.

Medlemsmassen auka til 73 betalande medlemmar ved utgangen av året. Det er ei auke på 20 frå 2008. Storparten av medlemsauka skriv seg frå den nordre delen av Austevoll, og frå utflytta austevollingar som gjerne nyttar klubbtilboda når dei er heime på fri/ferie. Me har få medlemmar under 18 år, og opplevde ein liten reduksjon på dette området, då to medlemmar i ungdomsskulealder ikkje fornya medlemsskapet sitt i 2009.

Den viktigaste hendinga i 2009 var inngått avtale med Austevoll undervassjegarar om felles disponering av klubbhus på Sveholmen ved Bakkasundsbrua. For vår klubb betyr det i hovudtrekk at me får disponera motorrommet til lagring av kajakkar og utstyr. Sjølve flyttinga fann ikkje stad før i november, men staden er ein fenomenal base for kurs, turar med meir.

Så langt har me investert i ein aluminiumslandgang og bygd stativ frå eigen lomme, medan me frå fellesmidlar med UV-jegarane (gåver frå Sparebanken Vest og Austevoll kommune) har fått på plass mellom anna dør til motorrommet vårt og innlagd straum. Kraftlaget sponsa oss med tilknytinga, noko som normalt ville kosta 8 500,- Austevoll kommune gav oss og gebyrfritak for søknad om utlegging av flytebryggje. Dette er ei innsparing på om lag 5 500 kroner.

Inntektene i 2009 vart moneleg større enn budsjettert. Dette skriv seg i fyrste rekke frå meir støtte frå næringslivet. Mellom anna er Havstril særs nøgd med ei avtale med Austevoll Seafood, som sikra oss ein splitter ny kajakk, mot eit par fordelar for tilsette i AUSS-konsernet. I tillegg vart med sponsa med ein ny kajakk av DnB Nor-Sparebankstiftelsen, og 7 000 kroner av Norfield Offshore på Austevollshella og 1 500 frå P/R Haugagut.

Det vart i tillegg til dei to kajakkane som vart kjøpt innfor midlar frå næringslivet, anskaffa endå ein kajakk. Dette var i utgangspunktet ein Valley Aquanaut HD, som me bytta med ein nesten ubrukt Valley Avocet etter kort tid. Det vart kjøpt inn ein god del anna utstyr også, slik som spruttrekk, kajakktralle, årer etc.

Hovudaktiviteten vår var torsdags- og seinare måndagspadlingane. Oppmøtet var ikkje like gode på desse padlingane som året i førevegen. Dette skuldast heilt sikkert at mange av dei mest aktive kvinnelege havstrilane var gravide, eller nettopp hadde fått barn. Dessutan hadde to av dei mest ivrige padlarane frå 2008 flytta frå kommunen. I tillegg vart aktivitetsleiaren pappa i september, så aktiviteten på padlefronten stogga noko tidlegare enn han elles hadde gjort. Året vart uansett avslutta 29. desember med fantastisk romjulspadling med seks deltakarar.

Det vart arrangert ein overnattingstur, som var prega av ekstrem endring av vêrtilhøve. Aktivitetsleiaren tok mange titals menneske gjennom introkurs i havpadling, noko som i tillegg til å vera viktig for klubbøkonomien, òg er ein viktig rekrutteringsaktivitet.

Klubben arrangerte teknikkurs i august. Berre fire medlemmar var med på dette, men kurset var ein suksess – skryt til intruktør Morten Nyborg er på sin plass – og er uansett ein viktig del i å få på plass fleire, sårt tiltrende aktivitetsleiarar.

Besøk på skular med kajakkvisning og prøving vart det ikkje tid til i 2009.

Bruk av klubbutstyr utanom dei organiserte aktivitetane viste ein liten oppgang i 2009, men er likevel noko lågt, ser ein dette i samanheng med det unikt gode tilbodet klubben gjev på dette tidspunktet.

Me gav tre nye DVD-ar til Austevoll folkebibliotek og sponsa i tillegg abonnement på bladet Padling.

Valkomiteen for 2010 består av Camilla Solbakken tlf 932 69 435 og Oddbjørn Drivenes 957 68 059.

mandag, januar 25, 2010

Dato for årsmøte

Havstril padleklubb arrangerer årsmøte - tysdag 23. februar 2010 klokka 19 på Bekkjarvik gjestgiveri. Det vert val av styre, framlegging av årsmelding og elles vanlege årsmøtesaker.

onsdag, januar 13, 2010

Austevoll kraftlag BA sponsa innlegging av straum

Leiinga i Austevoll krfatlag har bestemt seg for at innlegginga av straum på Sveholmen i sin heilskap vert gratis for Havstril pk/Austevoll undervassjegarar. Normalt er dette ein kostnad på 8 500,- NOK. Me takkar storleg for støtta frå kraftlaget.

onsdag, januar 06, 2010

Klubbskilt til holmen

Dei to respektive klubbane på Sveholmen har no flotte, nye PVC-skilt til å hengja opp på klubbhuset. Vakkert, blir det der ute etterkvart.