fredag, mai 30, 2008

Fem på tur



Det var tre havstilar og to nykommarar som la ut frå gråsidalen i går. Turen gjekk til Sandsund, under nyebrua til Austevollshella og strake veien til Hauglandsvågen før me enda opp med bading ved seilforeninga etter at nyutdanna eskimorullarar prøvde ut nyerverva kunnskap. Det må nok meir trening til for vår del, medan nykommarane såg ut til å trivast med åre i neve på bøljan blå.

onsdag, mai 28, 2008

Endring av padlestad

Grunna at Ole Bjarte likevel ikkje er padleguru i på torsdag, endrar me utpadlingsstad til naustet i Gråsidalen. Tidspunktet vert likevel kl 19. Rune er ansvarleg.

tirsdag, mai 27, 2008

Kansellering av teknikkurs

Det vert ikkje noko av teknikkurset 14. - 15. juni. Me har ikkje hatt nokon interesse for kurset, og ser oss difor nøydde til å avlysa. Dei som er interesserte kan til dømes kontakta BSI eller Njord/god tur.

Winther instruerer eskimorulle

Video av Rune Hugøy.

Spissøy på torsdag

Vakre Spissøy vert utgangspunkt for tordagspadlinga. Ole Bjarte Austevoll er padlesjef denne kvelden... Oppmøte kl 19:00.

mandag, mai 26, 2008

Alle klarte rulla



Eilert Winther klarte å føra alle dei seks deltakarane på årets fyrste rullekurs gjennom grønlenderrulla. Me kjem attende med meir om kurset etterkvart. Begge foto er tekne av Dorthea M. Møgster, Marsteinen

Me har ei von om å gjenta suksessen ut på hausten ein gong.

fredag, mai 23, 2008

Straumane og Rostøy rundt


Fem havstrilar koste seg i det fine kveldsvêret i går. Me padla ut frå Gråsidalen, tok oss gjennom alle Straumane (to gongar gjennom hovudstraumen). Me var også innom Hyltropollen. Me tok oss vidare rundt Rostøy og studerte vraket som ligg inne i ei av vikene på Rostøy. Dette treskroget er frå ein gamal minesveipar som vart bygd om til fiskebåt. Det er mogleg å padle inn under ein del av skroget, og der oppstår det nærast ein liten katedralstemning.

Totalt padla me omlag 12,5 kilometer. På dei siste 10,5 av dei brukte med 1 time og 43 minuttar, og heldt ein gjennomsnittfart på 6,1 kilometer i timen.

torsdag, mai 22, 2008

Aktivitetskalender Havstril pk, sommar/haust 2008

24. mai, kl 15:45 til ca kl 20:00: Eskimorullekurs ved Spissøy. Instuktør er uforlignelige Eilert Winther. Enno ledige plassar.
14-15. juni: Teknikkurs, andre trinn på padleforbundets kursstige. Her lærer du alt hjarta kan begjæra når det gjeld padleteknikk: støtte- og styretak etc. Også fokus på tryggleik. Instruktør er BSIs Hallvard Torp. Dette er eit kjekt kurs! Meld dykk på!
28.-29. juni: Me satsar på telt, stormkjøken, og fjellsko når me padlar frå Gudvangen og ut Nærøyfjorden. Overnatting evt. på Steigen gard. Meir info om Steigen finn du på:
Atterhald om vêrmeldingar. Blir det storm og torden og lyn kansellerer me på torsdagen.
5. juli: Bryggefest etter uformell padletur på Møkstrafjorden dersom vêret slår til. Meir info kjem på bloggen etterkvart.

I august vert det kanskje plass til ein fitjartur. Liv Bente er vorten lommekjent der nede.

Me legg til at me satsar meir på sosiale padleturar i år. Strandhogg skjer på ein og annan torsdagstur, og av og til vert det òg ein laurdagstur på havstrilane. Som alltid gjeld det å sjekka bloggen for å halda seg oppdatert om kva som skjer på bølgjan blå.

Også fleire lengre turar i heimkommunen vonar me å få til. Kanskje blir det overnatting, eller helgetur til destinasjonar som Fugløy og Horgo dersom tid og vêr spelar på lag med den lokale austevollske padleklubben? Småøyane ved Møkster bør me kunna fiksa på ein litt lengre torsdagstur

Bloggen er i hovudsak måten me kommuniserer med medlemmane. For dei som ikkje har tilgang til verdsveven, kan me senda SMS føre turar utanfor kommunen. Ta kontakt, så kan me setja deg på lista.

Me må få minna om at me har fem kajakkar plasserte i seglforeiningas naust. Desse er til fri bruk for medlemmane. Frå desse dagar vert nøkkel å henta ut mot namnetrekk i perm hos Svein Arne "Fastfood-kongen" Kalvenes på Statoil. Du finn og vestar, årer og trykkleiksutstyr i naustet. Meir kjem:

Av anna utstyr er me mellom anna i ferd med å få på plass assorterte tørrdrakter, slik at forlenging av sesongen skal vera mogleg for dei fleste. Så langt har me ei NRS Inversion XXL og ein damemodell av NRS Inversion i størrelse L.

Me har og ein Garmin GPSMap 60Cx med bluechart som kan disponerast av medlemane. Denne kan lånast ved direkte kontakt med leiaren.

onsdag, mai 21, 2008

tirsdag, mai 20, 2008

Vestlandet får fokus i internasjonal padlefilm

Fra pressemelding:

Den britiske ekspedisjonspadleren og filmskaperen Justine Cungerven kommer til Njord Havpadlesymposium 30. mai - for å filme kajakkpadling på Vestlandet. Hun vil også arrangere workshops for deltakerne på symposiumet.

– En skikkelig gladnyhet, både for symposiumet og for Norge som reisemål for kajakkentusiaster, sier Eivind Nordeide i Njord AS.
Cungerven er kvinnen bak verdens mest solgte filmserie for kajakkpadlere - This is The Sea. Hun har også produsert prisvinnende dokumentarserier - og levert tv-produksjoner til tv-stasjoner som BBC, National Geographic Channel og Sky Sports Channel. I løpet av symposiumet blir det også europapremiere på noen ferske klipp fra den neste filmen i serien.

Njord havpadlesymposium på Sotra utenfor Bergen helgen 30. mai - 1. juni. Dermed blir det enda mer å oppleve på årets symposium, hvor ikke bare padling, men også klatring står i fokus. Bergen Klatreklubb har valgt å legge sin årlig Sotrasamling til Langøy kystkultursenter denne helgen, og det er ventet stort innrykk av friluftsfolk til Sotra. I området rundt symposiumcampen ligger flere av de flotteste klatreklippene og buldreområdene vest for Bergen
– Det blir tilbudt masse kurs og workshops i løpet av helgen, og landets beste forhandlere av kajakker viser frem årets nyheter, sier Eivind Nordeide. For de aller yngste friluftsentusiastene blir det ansiktsmaling, barnepadling og verdens beste skillingsboller på Langøy. Og på kveldstid blir det fest.

søndag, mai 18, 2008

Teknikkurs 14. og 15. juni

Me har seks plassar til teknikkurs som går over to dagar 14. og 15. juni i år. Les meir om kursinnhald på padleforbundet si heimeside. Instruktør ver BSIs Hallvard Torp.

Vurderer fredagstur i staden for torsdag

Er det nokon som har innsigelsar på at me flyttar torsdagspadlinga til fredag kommande veke? Det er generalforsamling i kraftlaget torsdagen, og den skal sikkert mange medlemmar på :-S

T-skorter og hettegensarar komne!

Me har no et utal havstril-t-skjorter og hettegensarar på lager. Prima kvalitet med artwork av Lena Haukanes og litt tekstdandering av vår eigen Rune H. Prisen for godsakene er 200,- per t-skjorte og 350,- per hettegenser :-) Tingast på 988 74 253 eller info@havstrilpadleklubb.no

Symposium på Sotra

Kanskje noko å vurdera for havstrilar også?

Kos i småregnet

Fire havstrilar sette ut frå Jutholo tordag, og vart møtte av ei serie enorme bølgjer frå eit passerande skip. Etter dette vart det langt rolegare, sjølv om det tette regnet og motstraumen gjorde padlinga noko tung. Etter Økshamaren støtte me på stadig større mengder av sjøfugl. Me var ein rask tur innom Valesvika, ei retteleg lokal badeparle.

Store flak av ærfugl tok av rett framfor oss, og på Vadlandståa padla eg ein halvmeter frå ei stor flokk med bekkasinar. Akkurat då vart det sjølvsagt slutt på batteria i kamera. Etterkvart kom me oss til Gauksheim, der me kunne studera dei knallgrøne bøane på Treet, før me sette vegen attende. Då fekk me straum og bylgjer i baken, og farten vår skaut opp. Det var til og med ørsmå tendensar til litt surf i dei pittesmå kursingane.

Me padla totalt 11,8 km, med ein snittfart på 5,1 km/t. Me var i rørsle i 2 timar og 19 minutt. Toppfarten var 9,9 km/t.

tirsdag, mai 13, 2008

Frå Jutholo

Me satsar på sørleg avgang denne veka. Kanskje vert det tur sørover til Hotvik, eller kanskje me kryssar over til Søre Huftarøy. Møt opp klokka 19:00.

tirsdag, mai 06, 2008

Føl med på bloggen

Det er mogleg det vert ein laurdagstur i regi av padleklubben. Føl med på bloggen - i dialogboksen til høgre viss du er interessert å verta med.

Spissøy klokka 19

Møt opp klokka 19 på torsdag på Spissøy. Ole Bjarte Austevoll er padlegeneral denne dagen.

fredag, mai 02, 2008

Invitasjonar frå Bergen hpk

Ærede padlere!
Fra Bergen Havpadleklubbs turliste for 2008 ønsker vi å ha med andre klubber/padlere til følgende arrangementer:
- Lørdag 30 august møtes vi til teltleir/grillaften på Slottet nordvest i Bømlos øyrike. Felles padling til og fra avtales akkurat som det passer for de forskjellige.
- Lørdag 22 november blir det julebord på øyen Horgo i Austevoll. Det er på Bergen & omlands Friluftsråds hus som kan ta i mot ca 20 stk til overnatting. Gode ferjeforbindelser for de som vil padle deler av veien. Fjorårets julebord var meget vellykket.
Ytterligere info/praktiske detaljer vil bli gitt på forespørsel.
Med vennlig hilsen
Bergen Havpadleklubb
Hans Ove Galtung
tlf 9021 7705

Tur med strandhogg




Fem havstrilar padla frå Gråsidalen i halvsekstida 1. mai. Me tok farkostane vår rundt Austreholmen, forbi Melingsvågen og Stille, der me gjennomførte eit lite testløp som Ole Bjarte vann, Yngve blokkerte eit par av oss andre :-) Etter kvart kom me oss attende til Råtapollen, der me gjekk i land og fyrte opp stormkjøkkenet. Unge Ringdal sette til livs store mengder ris og pølse, medan me andre nøydde oss med grillpølser i lompe. Det vart sjølvsagt sett til livs kaffi, sjokolande og for leiaren sin del ein liter med amerikansk leskedrikk. Samtala gjekk kring sommarens padleeksapadar - mellom anna Nærøyfjorden, Fugløy og Fitjarøyane vart nemt. Til slutt tok me oss attende. Me la spesielt merke til kor godt vedlikeheldt Pirholmen er blitt. Her låg det måse på egg, og ein schæfer (var det gamle Canto?) gøydde på oss frå land. Innehavaren vinka til oss også. Og eit par tjeldar studerte oss før dei tok til vengjene...


12,8 kilometer padla me. Gjennomsnittfarten vår var 5,7 km/t på 2 timar 14 minutt. Stoppetida inkludert strandhogget vart 1 time og eitt minutt.

(Foto: Øvst: Yngve i fullt firsprang - som det eigentleg ikkje heiter i kajakk, men, men. Under: Malin og Camilla kosar seg ved stormkjøkkenet. Video: Snutt på nordsida av Austreholmen).