torsdag, mai 22, 2008

Aktivitetskalender Havstril pk, sommar/haust 2008

24. mai, kl 15:45 til ca kl 20:00: Eskimorullekurs ved Spissøy. Instuktør er uforlignelige Eilert Winther. Enno ledige plassar.
14-15. juni: Teknikkurs, andre trinn på padleforbundets kursstige. Her lærer du alt hjarta kan begjæra når det gjeld padleteknikk: støtte- og styretak etc. Også fokus på tryggleik. Instruktør er BSIs Hallvard Torp. Dette er eit kjekt kurs! Meld dykk på!
28.-29. juni: Me satsar på telt, stormkjøken, og fjellsko når me padlar frå Gudvangen og ut Nærøyfjorden. Overnatting evt. på Steigen gard. Meir info om Steigen finn du på:
Atterhald om vêrmeldingar. Blir det storm og torden og lyn kansellerer me på torsdagen.
5. juli: Bryggefest etter uformell padletur på Møkstrafjorden dersom vêret slår til. Meir info kjem på bloggen etterkvart.

I august vert det kanskje plass til ein fitjartur. Liv Bente er vorten lommekjent der nede.

Me legg til at me satsar meir på sosiale padleturar i år. Strandhogg skjer på ein og annan torsdagstur, og av og til vert det òg ein laurdagstur på havstrilane. Som alltid gjeld det å sjekka bloggen for å halda seg oppdatert om kva som skjer på bølgjan blå.

Også fleire lengre turar i heimkommunen vonar me å få til. Kanskje blir det overnatting, eller helgetur til destinasjonar som Fugløy og Horgo dersom tid og vêr spelar på lag med den lokale austevollske padleklubben? Småøyane ved Møkster bør me kunna fiksa på ein litt lengre torsdagstur

Bloggen er i hovudsak måten me kommuniserer med medlemmane. For dei som ikkje har tilgang til verdsveven, kan me senda SMS føre turar utanfor kommunen. Ta kontakt, så kan me setja deg på lista.

Me må få minna om at me har fem kajakkar plasserte i seglforeiningas naust. Desse er til fri bruk for medlemmane. Frå desse dagar vert nøkkel å henta ut mot namnetrekk i perm hos Svein Arne "Fastfood-kongen" Kalvenes på Statoil. Du finn og vestar, årer og trykkleiksutstyr i naustet. Meir kjem:

Av anna utstyr er me mellom anna i ferd med å få på plass assorterte tørrdrakter, slik at forlenging av sesongen skal vera mogleg for dei fleste. Så langt har me ei NRS Inversion XXL og ein damemodell av NRS Inversion i størrelse L.

Me har og ein Garmin GPSMap 60Cx med bluechart som kan disponerast av medlemane. Denne kan lånast ved direkte kontakt med leiaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar