mandag, mars 29, 2010

Betre lukke neste veke

Sludd, nordavindskuling og syngjande kraftliner gjorde at berre minken og havørna var å sjå på Sveholen i dag - saman med ein forhutla havstrilleiar, som etter å ha rydda fem minutt i naustet hasta attende til bilen sin.

Me forsøkjer padleøkt - truleg same stad, same tid, måndag om ei veke. Dog kan det ikkje utelukkast at det vert ein føremiddagspadling langfredag.

torsdag, mars 25, 2010

Padling frå Spissøy måndag klokka 18

Årets fyrste fellespadling skjer måndag frå klubbhuset på Sveholmen/Spissøy. Oppmøte er klokka 18, me padlar truleg i retning Kalve og Kalsvika viss vêrmeldingane held seg.

søndag, mars 21, 2010

Ingen fellespadling likevel

Måndag 22. mars vert likevel ikkje fellespadledag. Me prøvar med friskt mot om ei veke. Padlinga krasja med arbeidsoppgåver på jobb for klubbens aktivitets.leiar

onsdag, mars 17, 2010

BOF om padling i friluftsområde

Bergen og omland friluftsråd skriv litt om padling i medlemskommunane sine. Her nemner dei mellom anna Horgo og Sveholmen.

mandag, mars 15, 2010

Måndag 22. vêrvarsel

Langtidsvarselet til Yr melder om strålande sol og moderat nordavind 4 m/sek om ei veke, då den fyrste fellespadlinga går av stabelen. Føl med på bloggen om startstad og tidspunkt!

fredag, mars 12, 2010

Hugs tingingsfrist

Det unikt gode klubbtilbodert om fellestinging frå Up and Under er med tingingsfrist på måndag. Sjå lenger nede på bloggen kva du til dømes kan spara. E-post kan sendast,med kva du vil ha, så sender me deg eit overslag på kostnadane attende. HUGS at det britiske pundet står utruleg låhgt for augneblinken!

Nytt styre på plass

Havstrils nye styre blir i tråd med tilrådinga frå valkomiteen.
Leiar: Trond Hagenes
Nestleiar: Inger C. Uglenes
Medlem: Ingunn Berge Vik
Medlem: Rune Hugøy
Varamedlemmar: Ole Bjarte Austevoll og Eivind Møgster.

I tillegg vart HMS-plakaten vedteke, saman med rekneskap, budsjett og andre formalitetar. Protokoll vert lagt ut på heimesida i løpet av ein liten månad.

tirsdag, mars 09, 2010

Åreleiken i gang att!


Arrangørane syner til e-posten som var sendt ut i desember der dei bad om at padlarar setter av datoen allereie no: 25.-26.juni.2010 til Åreleiken 2010.
Turen vil starta i Flåm og ende opp i Gudvangen.
Laurdag vert det tradisjonen tro fest på Gudvangen Fjordtell.

mandag, mars 08, 2010

Fellespadlinga startar 22. mars

Me tek mål av oss til å starta sesongens padleturar måndag 22. mars. Stad og tid blir i oppdatert i nokre dagar i førevegen. Merk at me har skfta dag frå tidlegare, det vert med andre ord ikkje torsdagspadlingar i 2010, men derimot altså på måndagane.

fredag, mars 05, 2010

Saksliste årsmøte Havstril pk

Sakliste og sakspapirer for årsmøtet

Det vises til innkallingen til årsmøte av 3.3.10. (ny dato grunna sjukdom)

Årsmøtet avholdes på PizzaPlanet, Prestegardskjellaren, Storebø, og begynner kl. 18, torsdag 11. mars 2010

Sakliste:

1. Godkjenne de stemmeberettigede
2. Godkjenne innkallingen, sakliste og forretningsorden
3. Velge dirigent(er), sekretær(er) samt 2 representanter til å underskrive protokollen
4. Behandle idrettslagets årsmelding, herunder eventuelle gruppeårsmeldinger
5. Behandle idrettslagets regnskap i revidert stand (inkludert eventuelle grupperegnskap)
6. Behandle innkomne forslag og saker
HMS-plakat Havstril pk
7. Fastsette medlemskontingent
8. Vedta idrettslagets budsjett
9. Behandle idrettslagets organisasjonsplan
10. Foreta følgende valg
a) Leder og nestleder
b) 4 styremedlemmer og 2 varamedlemmer
c) Øvrige valg i henhold til årsmøtevedtatt organisasjonsplan
d) 2 revisorer (dersom idrettslaget har engasjert registrert eller statsautorisert revisor, skal idrettslaget i tillegg velge en kontrollkomité med minst to medlemmer)
e) Representanter til ting og møter i de organisasjoner idrettslaget er tilsluttet
f) Valgkomité med leder og 2 medlemmer og 1 varamedlem for neste årsmøte

Vedlegg vert delt ut på møtet.

Med vennlig hilsen
Styret

Polar endeleg på veg til naustet


I dag vart Havstrils nye North Shore Polar kjørt til Sveholmen. Forslagsvis gjer me han namnet "Skorpo".

Skyvedøra på naustet var heilt nedsnødd, så difor er ikkje båten tilgjengeleg før naustdøra er skufla fram. Beklagar dette, men spade/skufle er ikkje med i standardutrustinga til Havstril-leiaren.


Uansett. Her er litt info om den nye grombåten (frå importør Havpadlerns heimeside):

Polar er lillesøsteren til Buccaneer, 1 fot kortere og med mykere knekkspant og mindre volum. Veldig leken i bølger. Som alle North Shore båtene, surfer også denne veldig bra. En utrolig morsom kajakk.

Passer for medium til små padlere som vil ha en allround kajakk, eller til den litt større som vil ha en leken kajakk. Vi synes også at den er vakker! Innehavers (90kg) klare favoritt på korte turer, og lek i bølgene.

Lengde: 500 cm - Bredde: 54 cm - Volum: 350 liter - Vekt: 25 kg

torsdag, mars 04, 2010

Klubbrabatt på Padling


Padling vil gjerne gi medlemmene i alle norske padleklubber et spesialtilbud på abonnement. Prisen vi kan gi dere er kr. 398 per år. Ordinær pris er kr. 449.

Send e-post hilde@atlanticforlag.no til Hilde Moe og opplys om at du er havstril-medlem...

mandag, mars 01, 2010