søndag, mai 18, 2008

Kos i småregnet

Fire havstrilar sette ut frå Jutholo tordag, og vart møtte av ei serie enorme bølgjer frå eit passerande skip. Etter dette vart det langt rolegare, sjølv om det tette regnet og motstraumen gjorde padlinga noko tung. Etter Økshamaren støtte me på stadig større mengder av sjøfugl. Me var ein rask tur innom Valesvika, ei retteleg lokal badeparle.

Store flak av ærfugl tok av rett framfor oss, og på Vadlandståa padla eg ein halvmeter frå ei stor flokk med bekkasinar. Akkurat då vart det sjølvsagt slutt på batteria i kamera. Etterkvart kom me oss til Gauksheim, der me kunne studera dei knallgrøne bøane på Treet, før me sette vegen attende. Då fekk me straum og bylgjer i baken, og farten vår skaut opp. Det var til og med ørsmå tendensar til litt surf i dei pittesmå kursingane.

Me padla totalt 11,8 km, med ein snittfart på 5,1 km/t. Me var i rørsle i 2 timar og 19 minutt. Toppfarten var 9,9 km/t.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar