tirsdag, oktober 16, 2007

Slutt på torsdagspadling

Når solnedgang er i 18-tida, nyttar det lite å padla på anna enn føremiddag og sjølve dagen. Me set dermed strek for torsdagspadling, men tek oppatt åra i mars neste år. I mens vert det truleg ein og annan helgetur. Føl med på bloggen!

Me vil gjerne ha innspel om korleis me kan gjera klubben betre. Send inn tips på e-post eller i boksen til venstre.

søndag, oktober 07, 2007

Heimesida oppdatert

Rune har oppdatert heimesida, mellom anna med info om "horgekalven". I samband med namnet på denne båten vurderte me ei stund å døypa K2-en om til Horgo :-)

mandag, oktober 01, 2007

Torsdag frå Beinskrokjen

Sidan veret vert bra og eit par sjeler har lyst til å padla, tek me sjansen på å bebuda padling frå Beinskrokjen klokka 18:00. Tek med nokre ekstra lanterner, sidan skumringa sikkert kjem innan me er attende. Litt sønnavind gjer at me satsar på Drøns- og Busepollen.

Nuggets på Ut i naturen

Våre gode vener i Ut i naturen i Stavanger har flytta inn i nye lokale, og har stortilbod denne veka. Sjekk ut nettstaden.