fredag, juni 26, 2009

Kosetur rundt Drøno


Seks padlarar koste seg rundt Drøno med korte ermer, sol og flat sjø.

torsdag, juni 25, 2009

Fellespadlingar får ny dag

Frå den andre veka i juli vert fellespadlinga flytta frå torsdag til måndag. Dette vert ei permanent løysing ut sesongen.

Alt utstyr minus K2'en "Edljarnet¨reservert mandag

Grunna introkurs er alt utstyr reservert måndag 29. juni. Det vert ikkje klubbpadling torsdag.

mandag, juni 22, 2009

Padling frå Rostøy

Torsdag satsar me på tur frå nyebryggja til Rune på Rostøy. Destinasjon kan vera Terneskjeret ved Møkster eller andre kjekke holmar sør for Hundvåkøy. Mykje fint å sjå på denne turen. Oppmøte klokka 18:45.

Mellombels endring av e-post

Me har problem med servaren me normalt nyttar. I ein periode ber me kontatar nytta havstril@gmail.com i staden for info@havstrilpadleklubb.no-adressa me normalt brukar.

torsdag, juni 18, 2009

Ingen fellespadling

Grunna stor interesse, blir det arrangert kurs i kveld. Det er meldt nokså ufyseleg ver, så me har valt å ikke kjøra vanleg klubbpadling i kveld.

fredag, juni 12, 2009

Vind og iskrem

Det vart ein kortare padletur enn planlagd torsdag. Sterk vind og attgløymde spruttrekk resulterte i ein kort seanse frå Juthola til omkring Økshamaren, retur til Bekkjarvik som vart krona med ein tur på kroa og ein god iskrem (hagebær vert herved anbefalt).

tirsdag, juni 09, 2009

Torsdag klokka 19 i Jutholo

Me padlar frå Jutholo, ved Bekkjarvik klokka 19 på torsdag. Turen går nok over fjorden til Vinnesvågen og vidare langs land til Kalsundsholmen.

mandag, juni 08, 2009

God Tur har Nigel Dennis-kajakkar

Samarbeidspartnaren vår God Tur i C. Sundsgt har fått agentur på dei legendariske Nigel Dennis-kajakkane. Dermed bør havstrilar ha endå ein god grunn til å ta turen innom Ronny og kompani ute på Nordnes. Husk at ved kjøp av utstyr hos God Tur får du ti prosent i bonus. Me merkar oss og at Ronny sel båtane fleire hakk billegare enn tidlegare importør Nomekajakk!

tirsdag, juni 02, 2009

Ingen torsdagspadling

Det er meldt stiv kuling på torsdag. Det blir for ekstremt for vanleg torsdagspadling, og me trekkjer inn årene for denne veka.