onsdag, april 30, 2008

Oppmøte Gråsidalen

Me padlar frå Gråsidalen klokka fem i morgon, og tek sikte på eit strandhogg, gjerne ved Råtapollen, etter kvart. Turen vert truleg noko lengre og vil ta meir tid enn ein vanlege torsdagstur.

søndag, april 27, 2008

Invitasjon frå våre vener i sør:

Kenneth Fagerbakk har sendt oss denne invitasjonen per e-post:

"Sunnhordland Padleklubb skal arrangera tur, med guide, i Fitjarøyane 13.-15.06.08

Me ynskjer i den anledning og invitera med oss andre likesinna padlevenner til denne turen. Er dette noko du eller medlemmer i din kajakk-klubb ynskjer å delta på, så send ein mail til kennefag@online.no for påmelding. Husk å oppgje frå kva for klubb ein kjem frå. Turen er gratis for dei som ynskjer å delta. Pr. idag har me berre fastsatt dato, men følg med på Sunnhordland Padleklubb sine heimesider. Her vil det komma meir info etter kvart. Men skulle du ha spørsmål alt no, er det berre og ta kontakt anten på mail eller telefon 90519237, så skal eg svara så langt det let seg gjera."

fredag, april 25, 2008

Utsending medlemskort

Dei som har betalt kontigenten får i løpet av omlag ei veke tilsendt dei nye medlemskorta sine. Havstril ber om at dei som enno ikkje har fornya kontigenten sin gjer det snarast, slik at me ikkje nyttar for mykje tid på reine administrative oppgåver.

Nye medlemmar får òg korta sine snart. Saman med jakkemerke med klubblogoen.

Minnar òg om at det snart er råd å kjøpa klubb-t-skjorte og hettegenser om kort tid.

Fin apriltur

Fire havstrilar møtte opp til padling frå Vasseidet i går. Eit nytt, ferskt medlem var med, så me bestemte oss for å padla roleg innover mot Paraket slik at nykommaren skulle få litt kjenning med klubbkajakken "Horgekalven". Lengst inne i Paraket heldt ein stor rovfugl oss under oppsyn. Mest truleg var det snakk om ein hønsehauk som har reir i trea i nærleiken.

Etter å ha leika oss der inne, bestemte me oss for å prøva oss i Nuen, sjølv om vinden var ganske sterk og bylgjene tiltakande. Sidan me ville vera forsiktige gav me oss på prosjektet, og gjekk innatt. Etter at eit par av oss øvde ei kameratreding, såg det ut som det var dags for å gje seg, men akkurat då gav vinden seg litt, og me tok i staden å padla ei times tid ekstra. Turen gjekk sørover til øyane utanfor Birkeland.

Neste veke tek me sikte på ein litt lengre ekskursjon. Føl med på bloggen!

(Foto: Innanfor var det havblikk)

onsdag, april 23, 2008

Kjøper inn tørrdrakter

Klubbens nye styre ynskjer å konsolidera klubben og trekkja til seg fleire medlemmar og forlenga padlesesongen og for dei som ikkje sjølv har tørrdrakter. Me kjem difor til å gå til innkjøp av 3-5 billege modellar som kan nyttast av klubbens medlemmar. Draktene vert å finna i naustet, så snart me får kjøpt oss skap med lås.

Lengre tur 1. mai

Viss det vert godever på 1. mai tek me sikte på ein litt lengre tur med innlagt rasting - grilling, kanskje? Oppmøte vert rundt klokka 17:00. Kvar turen går, kjem an på vertilhøva. Meir kjem tysdag pa havstrilbloggen.

Oppmøte Vasseidet

Møt opp på Vasseidet for fellespadling i morgon torsdag. Avgang kring klokka 19:00. Turen går gjerne sørover mot Notnes og Austre Storebøvik.

torsdag, april 17, 2008

Ingen organisert padling

Leiaren kan ikkje stilla på padling torsdag, men oppfordrar alle medlemmar til å møta opp i Gråsidalen klokka 18:30 for å padla.

tirsdag, april 08, 2008

Saker til styremøte

Skulle medlemmane lura på noko, eller vi ha saker handsama av styret, bed me dykk om å senda oss saker innan fyrstkomande fredag.

søndag, april 06, 2008

Ingen torsdagspadling

Det vert ingen offisiell havstrilseanse på torsdag. Bruk likevel dialogen til venstre dersom De er padlelystne. Avtal tid og stad sjølve.

fredag, april 04, 2008

Straumane rundt

Berre to møtte opp til torsdagspadlinga i går. Me tok straumane, som var uvanleg sterke medan det flødde. Resultatet vart ein aldri så liten velt, men med kameratredning og godt utstyr var det aldri i nærleiken av dramatisk. Me kom oss velberga både fram og attende frå Heimarkpollen.

Fyrstkomande torsdag er det usikkert om det vert fellespadling. Me kjem attende med meir info på tysdag uansett.

torsdag, april 03, 2008

Sel brukt Halse Explorer

Ein av medlemmane våre vil selgja ein brukt Halse Explorer for ein særs billeg penge. Ta kontakt med oss, så formidlar me kontakt vidare.

Luftslott avr aprilsprøk

Sikkert ikkje så mange som gjekk på han, men det vert altså ikkje nytt klubbhus i Gråsidalen. Aprilspøken er vel å rekna som eit luftslott. :-)

tirsdag, april 01, 2008

Opplett og lite vind på torsdag

Oppstart klokka 18:30 frå Gråsidalen. Me ser an kven som kjem. Det kan verta alt frå Rostøy, Småtraumaane eller Melingsvågen, Stille og Råtapollen.

Investor gjev klubbhus

Ein anonym padleven har gitt oss tilsegn om at han vil gje 400 000 til padleklubben. Pengane vert saman med tippemidlar brukt til å finansiera klubbhus på kommunal grunn i Gråsidalen. Me kjem attende med planteikningar om kort tid.