lørdag, januar 31, 2009

Årsmelding 2008

Havstril padleklubb

Styret i Havstril padleklubb bestod i 2008 av Trond Hagenes (leiar), Camilla Solbakken (nestleiar), Rune Hugøy (styremedlem/internettansvarleg) og Malin Sjursen Sørvik. Det var avheldt to styremøte, og elles hadde styret kontakt per e-post, telefon eller SMS når noko skulle avgjerast. Havstril sin representant til Austevoll idrettsråd var tidlegare styremedlem Liv Bente Storebø.

Ved utgangen av 2008 hadde me 53 betalande medlemmar. Dette er ein betydeleg frå året i førevegen (38). Likevel hadde me stor avskalling av medlemmar. 10 personar som var medlemmar i 2007 fornya ikkje kontingenten sin i fjor.

Hovudaktiviteten til padleklubben var som i tidlegare år torsdagspadlingane. Spesielt i sommarmånadane var det mange som var med, både ti og tolv medlemmar. Gledeleg var det også at svært mange av klubbkajakkane var i bruk ved mange av desse høva. Havstril arrangerte to lengre dagsturar utanom desse turane. Den eine var ein tur til dei ytre øyane med utspring på Rostøy, medan den andre var ein tur til Fitjarøyane. Alle desse aktivitetane er dokumentert på klubbens blogg.

Nytt i 2008 var at Havstril fekk sin fyrste eigne aktivitesleiar. Dette var ein ubetinga suksess, og har resultert i auk inntekter til klubben, høgare nyrekruttering og positive attendemeldingar frå dei som var med på kursa. Kurs er blitt enklare å koordinera, og me slepp dei store kostnadane med eksterne kurshaldarar. På kurssida prøvde me for andre året på rad å arrangera teknikkurs. Det tok lang tid å få ein stadfesta dato på plass, og det kan vera noko til grunnen til at nesten ingen var interesserte. Kurset måtte difor utgå. Det same skjedde med rockhoppingkurset me planla på hausten, men har var interessen større. Kanskje noko å prøva på ved eit seinare høve. Eskimorullekurs med Eilert Winther vart ein suksess i mai.

Me var òg å besøkte Trolandshamar skule før sommarferien, med fleire kajakkar. Dette fekk me særs positive attendemeldingar på. Truleg resulterte besøket vårt i innmelding av to nye medlemmar i den yngste aldersgruppa.

På materiellsida gjekk me til innkjøp av to nye kajakkar. Ein Boreal Design Baffin og ein Seda Ikkuma 17. Spesielt sistnemte har falt i smak hos medlemmane, der to av dei aller ivrigaste har kjøpt seg same modellen. Av anna utstyr har me kjøpt inn fleire spruttrekk av gode kvalitet, fem par årer i ulik kvalitet, isoporadapter til takgrind (tre stykk), to hjelmar, GPS med bluechart for vårt område, slepeliner og anna tryggleiksutstyr og tre tørrdrakter av typen NRS. Desse har ikkje vore nok utlånt, trass i at dei er eit godt tilbod for folk flest til å forlenga sesongen utan å måtta investera mange tusenlappar.

I løpet av året inngjekk me klubbavtale med God Tur i Bergen. Dei fører mellom anna Valley og Riot. Medlemmane vår får 10 prosent i bonus ved kjøp av utstyr. Eit godt tilbod. Fleire medlemmar nytta seg òg av å kjøpa tørrdrakt gjennom klubben til ein redusert penge.
Utanom klubbturane, vart det registrert 25 uttak av klubbkajakkar i andre halvår. Det vart òg utleigd kajakkar til ikkje-medlemmar for nærare 1 500 kroner i fjoråret.

Klubben trykte på ei rekkje hettegensarar og t-skjorter med klubbemblem og teikning av Lena Haukanes. Me har selt ut nesten alle gensrane, men har framleis att t-skjorter. Me har òg delt ut ein del t-skjorter i marknadsføringssamanheng. Dette gjeld t.d. til Sparebanken Vest, God Tur, Ut i Naturen og Aktiv i Bergen.

På hausten gjekk me inn i eit uformelt samarbeid med Austevoll uv-jegarar om å pussa opp og drifta huset ved badeplassen på Sveholmen/Spissøy. Leiar Hagenes hadde møte med Bergen og omland friluftsråd ved Åge Landro, Austevoll kommune ved Karl Johan Haugland og undervassjegarane ved Olav Jarnes og Stig Storebø. Det resulterte i ei sterk oppmoding frå BOF om å inngå eit samarbeid. På eit seinare arbeidsmøte var felles idear mellom dei to laga diskutert. Ved årsskifte hadde Uv-jegare skrive kontrakt med BOF, men ikkje med Havstril pk. Truleg kjem Hpk til å disponera motorrommet til utstyret sitt og ha tilgang til dujsa i hovudhuset. Staden er òg særleg eiga til sosiale samankomstar på sommarstid og midt i blinken for ulike kurssituasjonar.

Padlebloggen vår hadde omlag 1 600 treff i fjoråret. Me har ikkje statistikk for heimesida.

Valnemnda for nytt styre i 2009 er Liv Bente Storebø 91 66 10 20 og Margrethe Østervold 91 66 10 71.

torsdag, januar 29, 2009

Explorer-en på plass

Torsdag var leiaren til Dokken-terminalen og henta Nigel Dennis Kayaks Explorer-en vår, som er kjøpt inn av gåvepengar frå DnB Nor/Sparebankstiftelsen. Enn så lenge er dekket grått, men me kjem til å lakkera det i mango-/oransje-farge eller liknande. Exploreren er ein utmerkt kajakk for lengre turar, men er leiken og fin likevel.

fredag, januar 23, 2009

"Ocean Paddler" tilgjengeleg i naustet


Padleklubben har abonnement på det geniale padlemagasinet "Ocean Paddler". Inntil vidare blir blada oppbevart i den bakre luka av K-2en, i ein dertil eigna plastpose. Ta med godt lesestoff etter padleturen!

Klubbhus inn på kommunal prioriteringsliste

Formannskapet vil ha Havstril pk og Austevoll uv-jegarar sitt felles klubbhus inn på den kommunale prioriteringslista for idretts- og kulturanlegg. Dette gjev oss moglegheit til å bli prioriterte ved tildeling av tippemidlar.

Her er vedtaket:
"Vedtak:
Austevoll formannskap vedtek å sende planframlegget på høyring til idrettsråd, idrettslag, friluftsrådet, velforeninger og lag med høyringsfrist 1. februar slik at kommunestyret kan vedta planen 2. februar.

Austevoll formannskap er ikkje samd med rådmannen at prosjekt som er komen inn på lista som nokon arbeider med skal takast ut av lista. Austevoll formannskap legger desse inn att på lista då det kun er positivt at lista er lang og ønskja til anlegg til glede for innbyggjarane er mange.

Austevoll formannskap legg desse nye tiltaka inn på lista:
-Rehabilitering av kulturbygg:
Opprustning av bygdahus Vinnes

- Ymse:
Laghus i tilknytning til friluftsområde Sveholmen
Hall i tilknytning til hestesportsenter Selbjørn
Motorcrossbane i Austevoll
Hall over ballbingen i Kolbeinsvik

Austevoll formannskap ønskjer å føra til på pkt. 6 at utviding til 25 meters basseng og må vurderast dersom det let seg gjera å finansiera det."

tirsdag, januar 20, 2009

Årsmøtet blir 16. mars

Grunna stort fråvær til fiskefelta, utset me i år årsmøtet vårt til mars månad. Det blir heldt på Bekkjarvik gjestgiver måndag 16. mars klokka 19. Har du saker du vil at me skal ta opp? Ta kontakt med klubben. Saksliste og papir blir sendt ut i førevegen. Årsmelding blir sendt i posten og lagt ut på nettsida.

søndag, januar 18, 2009

Fleire aktivitetsleiarar?

Nokon som er interesserte i å kursa seg til aktivitetsleiarar? Klubben må konsolidera drifta si, og for å minka belastninga på einskildpersonar treng me fleire som kan ta seg av kursing, turar m.m. Klubben vil kunna betala for dei aktuelle kursa, då me får støtte til gjenomføring via idrettsrådet.

Interessert? Taa kontakt med Trond 988 74 253.

torsdag, januar 15, 2009

Ny klubbkajakk på plass

Hpk har investert i ein ny kajakk. Det var eit spesielt klubbtilbod frå God Tur / Valley, som var for godt til å seia nei til. Båten er ein Valley Aquanaut HD, i raud utføring. Elles er det berre å minna om at klubben framleis har tørrdrakter til laans for dei som har lyst til å bruka fine vinterdagar til å padla.

Av dei Valley-kajakkane me har testa, er Aquanaut den me har likt best med tanke paa klubbruk, saman med Avocet. Den står framleis på ynskjelista vår.