torsdag, januar 17, 2008

Årsmøte tysdag 26. februar på Sjøtroll


Havstril inviterer til årsmøte siste tysdagen i februar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker og val av nytt styre vert det lysbileteføredrag ved Mads Hjelle frå Os internasjonale padleklubb og om ein klubbekspedisjon dei gjennomførte sist somar. Me kan sjølvsagt lova kaffi og særs gode norsk-tyske kaker! Fotoa er henta frå føredraget!

Formell innkalling vert postsendt i løpet av januar. Årsmøtet vert og annonsert i lokalavisa Marsteinen.

torsdag, januar 03, 2008

Gapahuk eller steinhytte i havgapet

Bergen hpk vil gjerne at Havstril er med og førelser ein stad på dei ytre, meir tilgjengelege øyane for ein gapahuk e.l. ly med stein e.l. Bergen og omegn friluftsråd vil gjerne vera med og. Forslag til lokalitet mottas med interesse.