fredag, april 27, 2007

Frå Rostøy klokka 19

Neste torsdag (3. mai), satsar me på å padla frå Rostøy klokka 19 (dette vert fast tidspunkt for torsdagspadlingane vidare). Dei som vil nytta klubbkajakkane må melda frå om det på førehand, slik at dei kan hentast i Gråsidalen. Trond kan ta med seg ein ekstra kajakk på taket av bilen sin, dersom det er ønskje om det.

Jomfrutur med "Eldjarnet"


Etter at tåka letta på torsdag var det fine tilhøve då fire havstrilar tok turen frå Gråsidalen, via Hyltropollen gjennom straumane og attende til Storebø. Inne i den nedlagte oppdrettspollen støytte me på ei lita siland som spelte skadd for å trekkja merksemda bort frå reiret sitt som nok var like i nærleiken. Fleire andre stadar skremde me opp dykkender, så det er tydeleg at det ikkje står så ille til med den lokale hekkebestaden. Før øvrig er det gamle huset på den vesle holmen inne i Hytropollen framleis utstyrt med elektrisitet, så kanskje me kunne laga klubbkontor der inne? Uansett er det ingen dre farkostar som kjem seg forbi dei smale sperringane i enden av pollen. Men rydda opp etter seg burde Havforskingsinstituttet gjort.

Rune og Trond padla "Eldjarnet" på turen etter at me hadde fotografert førstnemde og Nina i fullt driv for den kommande heimesida til Havstril (sjå bilete). Trass i at båten er brei og så fjellstø at du knapt merkar bølgjene får du opp dampen når du padlar på litt. Dei to herrane hadde ingen problem med å leggja k1-ane i kjølvatnet då dei måtte skunda seg attende til Gråsidalen for å rekkja dei respektive avtalane sine seinare på kvelden.

tirsdag, april 24, 2007

Gratulerer Malin og Nils Ove!

Padleklubben vil senda ein varm gratulasjon til Malin og Nils Ove som fekk seg ei velskapt dotter i går. Me kryssar fingrane for ein havpadlar in-spe! :-)

mandag, april 23, 2007

Nok eit forsøk frå Gråsidalen

Vêr og andre hindringar har sett stoppar for det store oppmøtet på torsdagspadlingane dei to siste vekene. Me vonar på betre forhold enn fire årstider på tre minuttar denne veka. Møt opp klokka seks i Gråsidalen om du vil vera med. Me har parkert dei aller fleste klubbkajakkane i seglarnaustet, og dei kan nyttast dersom det er interesse for det. Fleire ulike interessante eigenskapar hos kvar båt. Leiaren har dog reservert "Furen" (altså Inkushuk-en), som han har lyst til å endeleg få prøvt litt.

fredag, april 20, 2007

"Eldjarnet" parkért i naustet


Etter å ha støva ned hos Aktiv i C. Sundsgate i Bergen kom til slutt Boreal Designs Esperanto-en vår. Båten har mellom anna fått strålande kritikk frå magasinet "Padling", og bærer all mogleg preg av å vera ein solid farkost. Båten er likevel så tung at det trengst to personar for å få han på vatnet eller opp på biltaket.

tirsdag, april 17, 2007

Flytta torsdagspadling

Grunna fryktelege vêrmeldingar flyttar me torsdagspadlinga til Haukanespollen. Start klokka 18.00. Me bærer kajakkane frå parkeringsplassen like ovanfor brua ved innlaupet.

Ny økt frå Gråsidalen

Sist torsdag var det særs dårleg oppmøte for torsdagspadlinga. Mange sparte seg sikkert til sundagens langtur. Difor tek me sen turen me då hadde planlagt, med utgangspunkt i Gråsidalen. Me padlar innover mot straumane og Eido. Vêrmeldingane fortel om regn, men det bør ikkje setja ein stoggar for iveren når vårvarmen er komen.

mandag, april 16, 2007

Kjempeflott på Bømlo





Fem havstrilar storkosa seg med 23 milometer padling - tilbakelagt på i underkant av fire timar, pause ekskludert. Me sjøsette farkostane våre ved Spissøy, og tok dei få åretaka mot Røyksundkanalen. I sundet kunne me i og for seg hengt oss på ei bryggje som var under slep. Allereie litt etter klokka ti var det varmt å padla. Vårsola hadde teke eit solid tak om oss, og vart følgjesven heile dagen.

Røyksundkanalen låg stille som det blankaste, nypussa speglet. Me observerte godt med velvaksne blåskjel under floa, som var på veg ned, og dermed gav oss litt hjelp vestover. Me passerte eit aude badeland og den gamle handelsstaden like ved utlaupet av kanalen.

Så bar det langs kysten av bømlolandet, som viste seg rikt på sjøfugl og ender. Mange fiskeender var å sjå, sjølv om dei vart skremte opp så langt unna at ein måtte ha særs god kontroll over ornitologien for å artsbestemma dei. Tjelden var meir samarbeidsviljug og me kom retteleg nært fleire par, som sikkert er i ferd med å laga reirplassane ferdig for ruging og ungeproduksjon.

Etter kvart kom me nærare Kuleseidkanalen, på vegen observerte me eit byggverk som sikkert har vore reist av nokre unggutar eller styvingar. Skal tru om dei har innhenta byggjeløyve? For om ho ikkje akkurat var vinterisolert, ruva ho med sine tre-fire kvadratmeter på den vesle holmen der ho var sett opp.

Etter nesten halvannan time var me endeleg i Kuleseidkanalen. Fascinerande å sjå korleis dei i gamle dager løyste problem, med å sprengja ut og laga nye farleier. Om dei to kanalane ikkje akkurat er Suez- eller Panamakanalen, er det likevel påminningar om oppfinnsame menneske før om åra. På vegen forbi gjestebryggja utveksla me høflegheitsfraser med dei som sola seg om bord i båtane der inne. Heldigvis ikkje så mange børsfiffar som briska seg på flybrigden denne tidlege vårdagen.

Me vart raskt kaffetørste då det gjekk opp for oss at me var komne til enden av kanalen. Me spurde ein familiekar som me traff i ein Boreal Inukshuk om gode plassar for å rasta (han drog faktisk opp ein liten lyr med fiskestonga då me trefte han), ogt me enda opp med å grilla pølser og eta nista ved ein flott lita trebryggje med ditto båthus.

Etter kos og påfyll av drivstoff sette me vegen attende. Me tok same ruta, og kunne mellom anna observera alle dei flotte, raudeaktige anemonane som har klort seg fast lange kanalveggane. I Røyksundkanalen var vasstanden meir enn ein meter lågare enn då me padla inn.

Så tidleg i sesongen kan det i alle høve ikkje stikkast under ein stol at einskilde av dei som var ute og padla kjende seg retteleg slitne etter dei fire timane og 23 kilometrane me hadde tilbakelagt.

Tekst: Trond Foto: Rune

fredag, april 13, 2007

Klar til sundag og k2 på plass

Det er seks påmeldte til Bømlo-turen sundag. Møt opp og vert med på vårens morosamaste padletur i kanalriket sørom oss.

Me har fått inn pengestøtte på heile 16 000 kroner frå Østervold Management på Austevollshella og kan endeleg henta heim k2-en vår. "Eldjarnet" skal denne båten heita, og trekkjer dermed ein slags tråd til fiskeriverksemda til familien Østervold. Me er særs takksame for den massive støtta frå Olav H. og resten av familien.

Tandemkajakken er av typen Boreal Design Esperanto, som har fått gode meldingar, mellom anna i bladet Padling.

mandag, april 09, 2007

Torsdag frå Gråsidalen

Bli med og padla Heimarkpollen på torsdag. Det er meldt regn og sørleg vind, men me kryssar fingrane for gode padleforhold. Klokka 18 er oppmøtetidspunkt.

fredag, april 06, 2007

Tid for å melda seg på Njord-Symposium

Første helga i juni er det grunn til å kryssa av på kalenderen. Då går Njord sitt havpadlesymposium av stabelen på Sotra, nærare bestemt Langøy kystkultursenter. Mykje moro, frå testing av klassiske eskimokajakkar, til møte med den levande legenda Nigel Foster. Fleire importørar av kajakk er til stades med demoar, og det vert høve til å ta fleire ulike NPF_ og Njord-kurs. Minst ein havstril er allereie påmeld!

torsdag, april 05, 2007

Tynt i rekkene

Berre to styremøtemedlemmar møtte opp for å padla frå Beinskrokjen i dag. I grått vêr var ikkje Busepollen den aller finaste, spesielt sidan det av og til var små kastevindar, men dei kom alltid frå nord, så det var aldri noko problem. Pollen er full av blåskjell, så her er det nok mykje godt å henta både for sjømathungrige og tjelden på lavvatn. Me kom oss inn att etter halvannan time, etter ein grei tur utan store hendingar. Dog var det ein del sjøfuglar å sjå, men det er nok ikkje så lett å jakta frå kajakk, med mindre du klarar å komma opp med vinden, slik at dykkendene er tvunge til å ta av i retningen din.

tirsdag, april 03, 2007

Hugs Bømlo-turen

Still opp på ferjekaien på Husavik sundag klokka 0900 den 15. april og vert med på å padla Røyksund- og Kuleseid- kanalane på Bømlo. Me kjører over brua frå Stord og kan byrja padla nesten med ein gong. Ta med god niste (gjerne noko grillkol, pølser etc) for pause under vegs. Med mindre det vert ofseleg sterk sønnavind er dette som ein rein kosetur å rekna. Me legg opp til at du anten kan padla litt over ni kilometer, eller to timar i moderat padletempo, eller det dobbelte om du vil. Dei som padlar ni kilometer tek drosje attende for å henta bilane sine ved Spissøya. Klubbkajakkane er tilgjengeleg for dei som ønskjer å nytta dei. Me har sikkert avgrensa takstativplass, men Trond har i alle høve plass til ein ekstra kajakk på taket. (kart: faksimilie frå http://kart.kystverket.no)