fredag, mai 23, 2008

Straumane og Rostøy rundt


Fem havstrilar koste seg i det fine kveldsvêret i går. Me padla ut frå Gråsidalen, tok oss gjennom alle Straumane (to gongar gjennom hovudstraumen). Me var også innom Hyltropollen. Me tok oss vidare rundt Rostøy og studerte vraket som ligg inne i ei av vikene på Rostøy. Dette treskroget er frå ein gamal minesveipar som vart bygd om til fiskebåt. Det er mogleg å padle inn under ein del av skroget, og der oppstår det nærast ein liten katedralstemning.

Totalt padla me omlag 12,5 kilometer. På dei siste 10,5 av dei brukte med 1 time og 43 minuttar, og heldt ein gjennomsnittfart på 6,1 kilometer i timen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar