fredag, august 28, 2009

Takk til Norfield Offshore AS

Havstril ynskjer å retta ein hjarteleg takk til Norfield Offshore AS, som har støtta bryggeprosjektet vårt på Sveholmen med 7 000,- NOK. Dette er ein stor hjelp til å realisera ei tenleg padlebryggje for klubb og gjestande ved Sveholmen.

torsdag, august 27, 2009

10 000 kroner frå Sparebanken Vest

Prosjekt Klubbhus på Sveholmen fekk 10 000 kroner frå Sparebanken Vest under ei utdeling av allmennyttinge midlar. Olav Jarnes representerte Austevoll uv-jegarar, og Malin Sjursen Sørvik Havstril pk. Me takkar Ragnhild og resten av gjengen i banken for støtta!

onsdag, august 26, 2009

God medlemsvekst

Per i dag har Havstril pk 72 betalande medlemmar i 2009. Dette er ei eventurleg auke frå året i føreveken, me hadde 53 betalande medlemmar ved årets utgang.

Ingen fellestur på måndag

Det blir truleg ingen fellespadlingar i september, då klubbens aktivitetsleiar ikkje har høve til å ta åra fatt grunna føreståande barnefødsel. Hugs likevel at det er fritt fram for å låna kajakkar frå seglarnaustet i Gråsidalen.

Fin tur rundt Drøna

Sørausten fekk ikkje tak på vestsida av Dronø, då ein fåtalling havstrilflåte var på fellespadling måndag. Me padla limt langs land, og duppa åra i tanga stort sett heile vegen. Tjeldane fauk opp rundt oss, og på vegen fekk me ein ung ærfugl til å forsøkja å ta til vengjene. Til slutt gav han opp og dykka under havoverflata.

Me trefte på ribbemanetar under skroga våre, medan små sølvglinsande fisk hoppa rett framfor oss, skremde av årene våre eller kanskje ein skummel predator som skaut opp frå djupna.

Etterkvart vart det tid for å padla inn i Drønspollen, der det ikkje var ei sjel å sjå. Rolege tak i den tidlege haustsjøen, som enno var varm.

Til slutt padla me litt inn i Busepollen, forbi Trollholmen og innatt til Beinskrokjen, akkurat i det det var i ferd med å mørkna.

fredag, august 21, 2009

Sein innflytting på Sveholmen

Det er enno ikkje ordna med vassforsyninga på Sveholmen (datoen me fyrst vart lova av selskapet som skal ordna sisternesystemet var medio juni). Havstril si flytting nordvestover frå Gråsidalen vil dermed enno lata venta på seg nokre veker. Medlemmane får informasjon om flyttinga og dei praktiske detaljane i høve til av kajakk etc. når flyttinga finn stad.

Måndag: Padling frå Beinskrokjen

Småbåthamna i Beinkrokjen klokka 18:30 er utgangspunktet for mandagspadlinga til veka. Det er meldt temmeleg sterk vind, så me får sjå an forholda når me kjem så langt.

onsdag, august 19, 2009

Takk til P/R Haugagut

Havstril sende for ei kort tid sidan ut invitasjon til lokalt næringsliv om støtte, til hjelp i samband med kostnadane knytt til padlebryggja me skal leggja på Sveholmen. P/R Haugagut er den fyrste verksemda som har betalt inn til komntoen vår. Me takkar hjarteleg for dei 1 500 kronene.

tirsdag, august 18, 2009

Kurssesongen avslutta

Gråvêret den siste tida må nok ta noko av ansvaret for avgrensa interesse for introkurset vårt var under halvfullt i går: Berre fire padlarar møtte opp. Dette førte likevel til eit effektivt kurs, der me fekk tid til å repetisjonar på kameratredning.

søndag, august 16, 2009

Vêret viste seg med to ansikt






Foto:

Øvst: Geiter på Lunnøykalven. Dei åt tang og tare som dei reinaste japanarar, og vart ikkje særleg skremde av oss.

Inger og Eivind tek i eit tak på vegen mot Hevrøy.

Mat og drikke etter at me hadde konstatert at det ikkje var teltplassar på nokre av holmane rundt Hevrøy. Etter å ha vurdert Rosseidet for usikkert og Fugløy for utsett grunna vêrmeldinagne, enda me like godt opp inst i Kvalvågen.

Laurdagsmorgon regna det, og ute på fjorden var det både bylgjer, nokså sterk vind og regn i mot. Her er Eivind før me pakka snippyskja saman.

Siste etappe. Forbi Slåttesteinen på veg mot Fagerbakkevågen.

tirsdag, august 11, 2009

Bekkjarvik utgangspunkt for overnattingsturen

Dersom det ikkje vert store endringar i vermeldinga, startar me turen til Fugløy, der me overnattar natt til laurdag - fredagkvelden klokka 18:30. Me padlar på sørsida av Selbjørn, over Stolmasundet til Fugløy. dagen etter tek me nordsida attende til Bekkjarvik, gjerne via Hevrøy og øyane og holmane rundt.

Kvar deltakar er ansvarleg for eigne forsyningar, sovepose etc. Det er greitt å avtala bruk av telt, dersom ein ikkje sjølv har med seg noko som kan passa i lasterommet på kajakken ein skal nytta.

Leik og moro til Råtapollen




Eivind er inspirert etter helgas teknikkurs, og viste mange av dei kjekke taka han fekk læra hos Morten Nyborg då me padla roleg til Råtapollen i litt motstraum og små bylgjer. Inne i den rolege pollen leika me oss ein del med ulike teknikkar før turen heldt fram i retning Melingsvågen, på nordsida av Storholmen og attende til Gråsidalen.

Foto: (Øvst) Rune padlar. Pirholmen i bakgrunnen. (Midten) Eivind visar teknikk. (Nedst): Vidleværane ved Råtapollen.

Møte med superpadlaren

Sjekk ut bloggen til James Baxter. Me møte han i går i Gråsidalen. Ein hyggeleg kar, som padlar frå Kirkenes til Oslo, etter fyrst å ha gått på ski Noreg på langs.

Baxter padlar ein TideRACE XPlore X.

mandag, august 10, 2009

Heilstøypt teknikkurs



Dei fire havstrilane som var på NPF teknikkurs i helga, har berre godord om både kurs og instruktør, Morten Nygård. Forbundets Hilde Breiskalbakken hostipterte på kurset. Når nokon kjører åtte timar ein veg for å vera med på kurs, understrekar det kvaliteten på instruktøren. Nygård er tidlegare leiar i Haugesund kajakklubb.

Ein av deltakarane sine tankar om kurset:

Refleksjoner etter eit teknikkurs:

Nøkkelord: Rotasjoner, framdriftstak, kanting, gorillaposisjon, sveip, støttetak, magemusklar, telemarksving, sculling, sidevegsforflytning, svingtak, ”go’dag”-manøver.

Hovudmål for kurset var tryggleik i kajakk og det å kunna styra kajakken utan å mista fart.

Tre basisprinsipp danna ramme for teknisk og sikker padling:
1. BOKS som eit tenkt arbeidsrom
2. FAST ÅRETAK nært opptil 90 grader i alboger
3. SJØEN ER MIN VENN

Tryggleiken var i sentrum for alle, og me trente på kameratredning, cowboy-entry, eskimoredning og bergingsaksjon med slep. Prinsipp nr 3. blei flittig brukt i øvingssekvens med introduksjon til rulle, samt då me forska på ulike padleposisjoner i og på kajakken.

Eit nyttig tips for styringsteknikkane var konkavitetsregelen. Den konkave sida av padlebladet alltid vendt inn mot skrogsida.

Det blir ofte hevda at ein sjeldan bruker meir enn ein liten prosent av det ein lærer på kurs. Men dette teknikkurset var så nyttig og lærerikt at me kjem til å få bruk for alt. Så er det berre å kaste seg på bølgjan blå så snart råd er,- ”for øving gjer meister”

Masse ros til kursleiar og dei øvrige deltakarane for ein god, trygg og sikker atmosfære, ei utfordrande og lærerik helg med trivelege folk på sjø så vel som på land.

Gullmedalje til sprek nybakt mor, Camilla som tar teknikkurs tre månader etter fødsel.
Medalje til Hilde som kjørte heilt frå Oslo til Austevoll for å vera med på kurset ute i havgapet. Medalje også til Åse og Grethe som bakte skillingsbollar og lappar til lunsjen på kaien i Kolbeinsvik. Imponerande!

Austevoll er eit perleøyrike.

(Morten Nygård demonstrerer. Instruktøren på veg ut frå kai i Kolbeinsvik. foto: Trond Hagenes)

fredag, august 07, 2009

Overnattingstur til øyane

Fredag om ei veke, altså 15. august, startar me ein overnattingstur til dei ytre øyane. Meir informasjon kjem på bloggen i løpet av neste veke, men me kunne godt tenkt oss å vitja mellom anna Fugløy.

Måndag frå Gråsidalen

Møt opp kring klokka 19. Me padlar vestover, gjerne i retning Rotapollen og beyond, alt etter vêret.

torsdag, august 06, 2009

Fellesdugnad på Sveholmen

Dei som har tid, kan godt møta opp på Sveholmen for dugnad fyrstkomande laurdagsmorgon klokka 10. Det vert sikkert arbeid på bryggjene etc. også.

onsdag, august 05, 2009

Endå eit kurs

Åtte nye personar fekk i går innføring av i padling i regi Havstril padleklubb. Dette var det nest siste padlekurset i år, etter planen.

Halv kontingent ut året

Frå og med dags dato er det halv kontingent ut 2009. Det betyr at vanlege seniormedlemmar altså betalat 200,- for medlemsskap til og med 31. desember 2009, medan studentar og ungdom og barn under 18 berre betalar 100 kroner for medlemskap i same periode.