fredag, mai 28, 2010

5 000 frå Barneidrettsfondet

Havstril er tildet 5 000 frå Barneidrettsfondet. Pengane vil gå til innkjøp av barnekajakk, og dekker om lag halvparten av kostnaden ved ein slik.

Gøy med Trolandshamar skule

Fjerde- og femteklasse ved Trolandshamar skule var og koste seg på Spissøy i dag, og fekk på slutten av dagen besøkt av Trond H. og Eivind M. som viste dei ørlite om padling, før elevane storma ut i kajakkane dei fekk låna.

– Dei var kjempeflinke, kommenterte havstrilmedlem Eivind etter å ha vist dei unge elevane frå Hundvåkøy korleis dei skulle padla.

Kjempefin og koselig liten seanse på Sveholmen, som me ynskjer oss mange fleire av i åra som kjem.

mandag, mai 24, 2010

Padling kansellert

Vinden konspirerer nok ein gong slik at me ser oss nøydde til å kansellera måndagspadlinga. Frå og med neste veke vert det atter padling på torsdagar.

fredag, mai 21, 2010

Skifting av padledag

Me har registrert ein ganske stor reduksjon i deltakinga på fellespadlinga etter at me skifta dag frå måndag til torsdag. Dette gjer me noko med i juni og utover og slyttar difor padledagen attende til torsdag. Siste faste måndagspadling vert då fyrstkommande. Deretter vert det padling torsdagar frå og med 3. juni.

Frå Beinskrokjen måndag

Det er nok ein gong meldt frisk vind måndagen. Me satsar på Drønspollen, og viss det ikkje r for gale med bylgjer på vestsida, ein tur med bylgjene i hekken på vegen heimatt. Alternativt, ser me oss om inne i Busepollen. Oppmøte klokka 19:00, småbåthamna i Beinskrokjen.

onsdag, mai 19, 2010

Ikkje full fjord

17.maipadlinga gav ikkje storinnrykk på fjorden utanfor Blænes. Havstrilleiaren og K2-en "Eldjarnet" med to blad Uglenes i fekk seg allikevel ein fin tur,med relativt mykje vind, ditto bylgjer og for einmannskajakken ganske krevjande forhold der det var surf på bylgjene (kombinert med store hekkbylgjer frå ein passerande sjark, fekk leiaren årets fyrste ufrivillige bad).

Me tok ein kort grillpause på Kalsund, før me padla attende, denne gongen i sterk motvind.

fredag, mai 14, 2010

Frå Uglenes 17. mai

Møt opp kl 18:00 på kaien ved Uglenes og bli med på padletur rundt Blænesøya og med stranghogg og grilling. Ta med eigen mat og drikke (og evnt eingongsgrill).

For å nå kaien kjører du ned vegen skilta til Uglenes (som i seg sjølv er nedanfor Vikkrysset), men i staden for å kjøra opp på toppen, tek du grusvegen ned til stranda og kaien.

fredag, mai 07, 2010

17.mai-padling med grilling

Det blir padling på sjølvaste 17. mai! Oppmøte blir turleg Husavik, klokka 18, og me satsar på grilling ved Kalsundsholmen, dersom vêret vert brukande. Meir info kjem etterkvart.

Aktivitetsleiarkurs i slutten av juni

Har du teknikkurs og vil gå vidare på kursstigen? Då arrangerer Havstril aktivitetsleiarkurs med BSIs Lidun Hareide helga 26. - 27. juni. Kostnaden for ikkje-havstrilar er moderate 1.500 NOK for to dagar. Påmelding/info ved kontakt til Trond Hagenes, 988 74 253 (mobil).

torsdag, mai 06, 2010

Ingen aktivitetsleiar på måndag

Aktivitetsleiaren til Havstril kan ikkje møta måndag, men medlemmane kan likevel sjølvsagt møtast og padla fro Sveholmen eller andre stadar. Kjekt om dei som vil, legg att ei melding under...

mandag, mai 03, 2010

Ingen padling

Meldingar på opptil 14 sekundmeter nordvest gjer at me står over padlinga i kveld.

søndag, mai 02, 2010

Inspirerande til dugnad

Undervassjegarane har på eiga hand gjort store framsteg med dugnad på Sveholmen. Fleire havstrilar kan godt ta turen til holmen og ta i eit tak. Det vil bli gjort ferdig gangbru, dusj- og garderobe til klubbane, og handicaptoalett til gjestane.

Tidspunkt for oppmøte er tysdagar og torsdagar rundt klokka 18...

lørdag, mai 01, 2010

Kanskje padling måndag

Det er meldt opptil stiv nordvestlig kuling frå nordvest. Held desse meldingane sine, blir det ingen padling måndag. Sjekk bloggen rundt kl 12 måndag, då tek me avgjerda om vinden set ein stoggar for oss, eller ikkje.

Sisternetankfundamentet støypt

Under leiing av arbeidsformann Eivind Møgster fiksa ein knapp handfull havstrilar ein sementfundament på fem kvadratmeter til den store vasstanken som skal stå bak klubbhuset på Sveholmen. Me tok oss gode pausar, og nytte den gode kaka Inger U. hadde laga, godt akkompagnmert av god kaffi eller brus.

Me punkterte ei trillebår og mista sementblanderen midt i arbeidet, men kunne ikkje gje opp. Godt trøytte, kunne me avslutta arbeidet etter nærare seks timars hardt arbeid.