fredag, november 28, 2008

Skal gjennoppstå




Klubbhuset på Sveholmen ser enno ut som eit offer for ei nøytronbombe og gjengen frå MadMax. Likevel kjem det truleg til å verta stas her om eit lite år. Me satsar på å få teke ut motoren og deretter laga rommet om til kajakk- og utstyrslager. Uv-jegranes leiar Olav Jarnes melder at det skal lagast tre dusjar i underetasjen i sjølve huset, somme og benyttar. Hpk tek òg sikte på å få lagt ut ei paldebryggje utanfor inngangen vår.

torsdag, november 27, 2008

Spørjeundersøking

Jeg heter Åsta Moen, og studerer produktdesign ved Høgskolen i Akershus. Jeg ønsker å gjøre en liten spørreundersøkelse blant aktive padlere i Norge om deres behov for å ta med mer bagasje enn de har plass til i sin kajakk/kano. Det er en helt anonym undersøkelse, og ingen andre opplysninger enn svarene i undersøkelsen blir lagret.
Hilsen Åsta Moen

To nye DVD-ar på biblioteket

I løpet av nokre dagar kan alle padleinteresserte låna DVD-ane "This is the Sea 4" og "Pacific Horizons" på bibliotek ved Austevoll ungdomsskule. DVD-ane er ei gåve frå padleklubben til biblioteket.

lørdag, november 22, 2008

Til inspirasjon - til dei som ynskjer å finpussa rulla

Hmmm... Her har du altså diverse ruller, med og uten åre. Sjå og nyt, men vit samstundes at rulla som oftast ikkje er naudsynt under vanlege havpadletilhøve. Altså, vidare til YouTube.

fredag, november 21, 2008

Takk til sponsorane

Havstril pk ynskjer nok ein gong å takka sponsorane som har støtta oss i 2008. Dette har gjrot det mogleg for oss å styrka tilbodet til medlemmane i år. Me har mellom anna kjøp inn reint padleutstyr for kring 35 000 kroner (i all hovudsak ved støtte), i tillegg til anna materiell, slik som tre tørrdrakter, tryggleiksutstyr av ulik art, GPS med kart
og eitt nytt kamera (finansiert med kursinntekter og kontigent).

Liste over sponsorane finn du på heimesida, under Marstein og Drøno, som er dei to særs gode, nye kajakkane våre.

fredag, november 14, 2008

Ny demokajakk utprøvd

Rune og Trond har kjapt prøvt ut Riot Brittany, som me har hatt på utlån frå God Tur. Me har tidlegare prøvt ut Valley Nordkapp, Valley Aquanaut og Valley Avocet. Dei to sistnemnde er dei som kjem best ut av testane med tanke på innkjøp av klubbkajakkar neste år.

Dersom fleire vil prøva Britanny, er han i naustet framtil lunsjtider måndag.