tirsdag, april 28, 2009

1. maipadling

Me stasar på ein litt lengre tur, gjerne med ein liten grillstogg under vegs. Oppmøte blir i Nordrevågen på Selbjørn klokka 18:00, fredag 1. mai.

fredag, april 24, 2009

Fint ved Storekalsøy



Fire ivrige havstrilar sette ut frå Spissøy, i nordleg kurs, inn straumen mellom Kvaløy og Storekalsøy, der det på fjøra var endå grunnare enn vanleg. Me padla forbi butikken på Bahus (bilete), forbi eit par av dei styggaste fabrikkbygga i kommunen. På vegen traff me på ein av dei lokale hekkebestandane av grågås, som overraska med å komma seg kjapt i lufta trass i dei store, tunge skrottane sine.

Me tok eit gamalt tørrmura båtdrag i augesyn i Hillevika, før me padla stilt og roleg i livda til Kalve. Me forsøkta å komma oss igjennom to små straumar for å sjå på storhavet, men vasstanden var for låg.

Dermed padla me attende tvers over Kalsvika, og tok denne gongen vegen forbi det gamle kremmarleiet Bakkasund, og heimatt til Spissøy rundt sørsida av øya, der det var litt rotete sjø.

onsdag, april 15, 2009

Neste torsdagspadling

Neste torsdagspadling vert torsdag 23. april. Utgangspunktet vert Spissøy/Sveholmen, og oppmøte er klokka 18:30. Denne veka utgår torsdagpadlinga grunna aktivitetsleiaren si forretningsreise.

tirsdag, april 14, 2009

Storebø - Råtapollen - Storebø


Berre tre padlarar møtte opp i det storslagne vårvêret andre påskedag. Me padla forbi vraket ved Rostøy, Pirholmen, Bakholmen til den vesle pollen utanfor Melingsvågen. Totalt padla me 10,2 kilometer, padla i 1 time og 58 minutt. Gjennomsnittsfart 5,2 km/t.

søndag, april 12, 2009

onsdag, april 08, 2009

Fleire tippemidlar

-Klubben fekk til slutt 8 500,- i tippemidlar, ei auke på 1 500,' i høve til den fyrste meldinga frå forbundet. Dette kjem godt med når me skal søkja om og leggja ut flytebrygge ved Sveholmen!

Heimesida oppdatert

Mellom anna med oversikt over klubbens kajakkar. Grunna nettverkstrøbbel er ikkje alt ship shape enno, men det er like rundt hjørna!

søndag, april 05, 2009

Påskepadling

Viss nokon er interesserte i fellespadling skjærstordag, send ei meling på 988 74 253. Ved finevær, kan ein tur frå Vasseidet eller Gråsidalen. Me satsar på padling klokka 18 andre påskedag, måndag 13. april klokka 18. Stad kjem me attende til.