onsdag, november 29, 2006

Foreløpige kursdatoar 2007

Det ser ut til å verta introduksjonskurs i havpadling i regi av Njord den 28. mai 2007. Me vil truleg få Torbjørn Nordeide frå NPF til å halda teknikkurs for dei litt meir vidarekomande helga 9-10. juni. Er det nokon som har forslag til kursstad ta kontakt.

I løpet av våren har me òg utdanna den første aktivitetsleiaren vår, slik at me sjølve kan halda kurs for eit mindre tal austevollingar når det passar.

tirsdag, november 28, 2006

Adrenalinsuppe og tørrdrakt

Sjekk ut kajakknet si nye heimeside. Finst ein og anna godbit, mellom anna tørrdrakt til under 4.500 (introtilbod). Noko å tenkja på under labile padletilhøve. Var ute på laurdag og fekk prøvt meg med padlekameraten. På eit blunk skifta vinden og laga sjølv Heimarkpollen til ei adrenalinsuppe. Så nær velt så med så stor regularitet har eg ikkje vore ute for før. Refleksbølgjer på ein meter halvannan, kastevind. Men du verda kor kjekt det er å meistra tilhøva. Poenget er likevel at 20 minutt seinare gjekk ein av oss rundt, og om nokre veker ville dette blitt ei kald oppleving. Hugs difor trygg padling. Tørrdrakt (du må ha ei som er spesiallaga for padling) kostar frå tre-fire tusen og oppover. Eit anna alternativ kan vera våtrakt med ei ekstra padlejakke, men då stikk du ikkje langt frå land.

tirsdag, november 21, 2006

Hefte om padling


Forbundet har gitt ut dette heftet, som du kan lesa on-line. Kan vera nyttig lesing.

mandag, november 20, 2006

Ingen bassengtrening

Me fekk ein pris frå ungdomsskulen på heile 1 000,- per dag/gong me leigar symjehallen. Dersom folk ikkje er villige til å betala sjølv, er det ikkje økonomi nok i klubben til slike utlegg.

fredag, november 17, 2006

Pause i sundagspadlinga

Med mindre det ser ut til å verta skikkeleg finevêr i helgjene, innstiler me sundagspadlinga inntil vidare. SMS/E-post vil verta sendt ut dersom det ser ut til å verta retteleg flott vêr. November har i alle høve ikkje bydd på dei beste sundagane så langt.

Kort om styremøtet

I går hadde me styremøte i Havstril. Det vart sett av dato for årsmøtet: Det vert torsdag 8. februar '07. Vidare vart det bestemt at me tek ein vårtur til Kulseidkanalen, og at me planleggjer ein skikkeleg tur til Nærøyfjorden i løpet av sommaren. Ein overnattingstur i øyane er og på blokka. Ta med telt! Det vart mellom anna òg snakka om eit samarbeid med kommune for brukarar som treng spesiell tilrettelegging. Det vart diskutert eit kajakkorienteringsløp i løpet av året. Me vil òg truleg setja opp eit teknikkurs i helga 9.-10. juni. Me kjem attende dersom me får meir treningstid i bassenget på Eidsbøen.

tirsdag, november 14, 2006

DVD til låns


Sånn i forlenginga av den førre posten: Dette er ein fin informativ DVD om padling, teknikk osv. som kan vera ein inspirasjon for å prøva nye teknikkar, gjera ein betre eskimorulle etc. Kan lånast av TrH. Berre gje ein lyd, så kan han takast med når me treffast.

Nugget av ei padlebok


Eg trur at denne boka er vel verd eit innkjøp? Om du er interessert, kan me tinga henne saman, så sparar me nokre grunkar i porto. Eventuelt kan me jo tenkja på å opparbeida eit lite klubbibliotek? TrH

søndag, november 12, 2006

Gøy med grønlenderrulla



Åtte austevollingar var møtt opp for eksimorullekurs i bassenget på Eidsbøen sundag. Instruktør Einar Matre gjekk igjennom sin vri for ei suksessful rulle og gjengen gjorde sitt for å kopiera fitjarbuen etter kvart. Matre var ein morosam instruktør med fine anekdotar under vegs.

onsdag, november 08, 2006

Det vert rullekurs

Det kan no stadfestast at det er mange nok påmeldte til at kurset går av stabelen på sundag. Dermed går den tradisjonelle sundagspadlinga ut.

mandag, november 06, 2006

Tenk vintertryggleik


Skal du padla om vinteren bør du ha skikkeleg utstyr. Helst tørrdrakt, og hugs lue for varmetap frå hovudet om ulukka skulle verta eit faktum. Minimum elles er våtdrakt, ei god jakke, vasspumpe og om du padlar åleine årepose. Ein ekstra tryggleik å padla nær land og unngå opne havstykke. Nylege skrekkhistoriar frå media: Fiskaren og Tidens krav.

søndag, november 05, 2006

Vått og kaldt...

Vêret sette ein stoppar for sundagsaktiviteten vår i dag. Om me får nok påmeldte til rullekurset neste helg, går sundagspadlinga ut...

onsdag, november 01, 2006

Beinskroken på sundag

Tur frå Beinskroken klokka 11 på sundag. Meldingane viser 6 grader, sørleg og svak vind. Overskya.Vasstemperaturen ligg enno eit lite stykke over 10 grader.