mandag, september 01, 2008

Bilete frå Fitjar-turen





Sundag morgon møtte fem havstrilar opp på idylliske Kråko i Fitjar kommune. Med nytrekt kaffi frå rorbua til Liv-Bente og kart i neven vart fyrste del av ruta lagt. Kajakkane vart lasta med godbitar og nokre av dei røynde padlarane, med erfaring frå Svalbard, Fitjarøyane og Nordsjøen, pakka ned tørrdrakta og leita fram solbriller.

Tusen øyar, tusen mogligheter, ja takk begge deler, 10.30 la me Kråko bak oss og padla forbi perler med skifer, sjøbasseng, sydenstrender og villmarkspanel med ny Drygolin Ekstrem. Etter nokre hundre padletak var det berre urørte naturperler fri for mahognicrusarar og børsjeepar å sjå så langt zoomen på kameraet rakk.

Med på turen hadde me også klubben sin relativt ferske turkamarat, Garmin GPSmap 60Cx, som avla følgende raport:

Fyrste del av turen gjekk vest om Ivarsøy, gjennom Straumøysundet, forbi Ålforet, Tranøya over nyleia, zoomen på kartet fann et trangt sund ved Vassøy, som enda i ein lagune med fire rømmningsveger frå gamleskulen og hytta til Hestad, som bur i Kolbeinsvik.

GPS’en viste ein tilbakelagt distanse på 6,5 Nm og hadde våre i vore i omlag to timar, før vart liggjande stille 0,75 meter over vassflata i omlag ein time medan batteria vart lada med medbragte godbiter og inntrykka vart lagra i langtidsminnet.

Med kaffi i koppen vart kartet studert, forslag om vestleg kurs til Shetland vart forkasta og GPS-operatøren vann fram med ruteforslaget sitt for heimturen.

Videre viste loggen at turen gjekk mot nordaust gjennom Bakkasundet, mellom Torsdagsøya og Eggøya, gjennom Kyrkjesundet, over den speilblanke Nyleia, sør om Årabrotholmen og etter å nytta zoomen vart ny rute lagt gjennom Stora Siglo og vest om Bukkholmen gjennom Ivarsøysnaget, som går mellom fureholmen og ivarsøy.

Inspirert av eigenskapane til klubbens Sirocco, vart Andreas litt for ivrig med kantinga slik at han fekk testa badetemperaturen og fekk saltvatn i luggen. Etter att Siroccoen er komen på rett kjøl går turen vidare i Skateleid mot Engesund, kor det er ei gangbru over sundet frå Skateholmen til Gassen.

Siste sjarmetappe gjekk austom Gloppholmen og me registrerte mange fantastiske campinglokalitetar på vestsida av Stora Eldøy. Med Kråko i baugen, hjelmen på høgre hand og nesten utladda batteri, så hadde det våre kjekt om nye kanalen gjennom Kråko som er nesten ferdig, hadde våre open, slik att me kunne tatt ein liten snarvei og ikkje behøvd å padla ein einaste distanse for andre gang.

Då me kom inn att i Hellandsstraumen og var tilbake til utgangspungtet, viste loggen at me hadde tilbakelagt 14 Nm, våre på tur i fem og ein halv time, med 1 time og 15 minuttar stopptid og ein snittfart på 3,2 knop.

Takk for ein kjempetur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar