fredag, august 29, 2008

Vasseidet - Krossøy rundt



Sju havstrilar møtte opp ved Vasseidet og padla nordover, over nordre del av Hundvåkosen til Skårasundet. Heile Hundvåkøyflåten såg enno ut til å vera fortøyde i hamna i Torangsvågen. I idylliske Skårasundet koste me oss, før me sette kursen nordover til Korsfjorden. Nokre tok turen ut til eit skjer nordvest for Krossøy, medan resten av oss koste oss med den moderate surfen og utforska livet i fjøra. Seinare padla me roleg til Krosshamnsundet, der me etter kvart fekk kosebyglgjer frå to katamaransnøggbåtar. Me var sjølvsagt også innom Krosshamn, der Eivind delte ut kaffi til kvar og ein. På vegen attende byrja mulmen og det var bra at me hadde diodelys på oss. Nøyaktig to og ein halv time etter at me byrja turen, var me attende i Vasseidet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar