fredag, juli 04, 2008

Variert kosetur rundt Stolmen




17,3 kilometer langs bratte berg, lyngkledde haugar og grøne bråte torsdag. Ni havstrilar la ut frå Våge, med ei rekkje åtvarande formaningar frå gamle sjøulkar som syntest at farkostane våre såg vel skrøpelege ut sjølv om ein slik finvêrsdag. Våtdrakter og ullundertøy vart skifta ut med shorts og trøyer med korte erme for dei fleste. Ein svak trekk frå sørvest heldt oss litt avkjølte.

På vegen vestover mot Krykjevika var det litt sjø, men ikkje slik at det på nokon måte vart teknisk utfordrande. To havstrilar stakk langt ut, medan resten heldt seg meir langs land. Rune var spesielt hissig på å helsa på tang og tare og kjenna sjøsprøyten i den lyse luggen, når bylgjene braut mot knausane.

Me padla inn i eit stort flak med mette ærfuglar. Det var lite vind for dei, og dei sleit med å ta av. I staden dykka dei, og kom opp attellom båtane, ein stor feit andesteik måtta avbryta takeoff då han heldt kolisjonskurs med leiarens kajakk. Det kunne blitt litt av ein smell mellom dei to, relativt sett, tungvektarane.

Me kom oss etterkvart inn i le for det som var av sjø og trekk, og padla inn i Sørvik. Der trefte me medlemmar av Stangeland-klanen, som mellom anna Nina gjorde sitt ytterste for å rekruttera til neste vekes introkurs. Godt jobba, om ein kan sei det slik.

Medan Rune framleis leika seg med skum og sjøsprøyt, tok mange den rakaste vegen til Fugløysundet. Me padla over store bankar med tjukk tang, den som dorgar lyr over slike område er garantert fangst. Men me hadde andre ærend. Me vurderte ei stund å padla til Hevrøy då me var kome inn i ein havblikk Skoltafjord, men sidan klokka tikka mot ti, gav me oss på det.

Nokre av oss fylte vatn i Kvalvågen, slo av ein prat med legendariske Sigurd'n, og Hagenes nytta sjansen til å gratulera ein gamal kjenning med overstått 70-årsdag i Pettersen-huset. Så bar det vidare, forbi Valhammarberget der kveitene pleiar leika seg i djupna, før ein stor open dori laga gode bylgjer som forårsaka eit og anna frydefylt kvin.

Etter tre timar og nokre minutt i båtane, og 17,3 kilometer tilbakelagt steig me i land. Og eg trur ikkje det er nokon overdriving å slo fast at alle var eninge om at det hadde vore ein fin tur :-)

(bilete: Marit Møgster med ein ærfugl som ho nesten kunne ta på, Rune terga bylgjer og berg, leiaren med klubbens nye Seda Ikkuma 17).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar