fredag, mai 08, 2009

Kuling og bråttsjøar


Sjølv Småstraumane kan verta utfordrane i sterk straum, kuling og store bråttsjøar. Tre røynde havstrilar hadde hendene fulle då dei padla frå Straumsøya til Rostøy. Store skavlar, sterk straum og ditto vind gjorde at det var uvanleg utfordrande gjennom den midterste straumen ut frå Heimarkpollen. Men me klarte brasane alle saman, og Eivind forsøkte seg etterpå på kite-segling med sin kjære Seda Ikkuma.

Turen byrja med formaning om at me var galne som sette ut i slik vind. Tre røynde karar let seg ikkje skremma av litt sørleg vind, sjølv om det vart ganske heftig med motvind. Me stakk innom vika innanfor Olsen sin verkstad, vidare inn den vakraste Småstraumen. Over oss leika ei stor havørn seg i vinden.

Vidare glei me med straumen og mot vinden in i Heimarkpollen,før me sleit oss av garde mot Slorkjen. Solskinet heldt lukkelevis trioen under oppsyn. Inne i Slorkjen var det ikkje ei sjel å sjå, men ein hønsehauk glei på sitt grasisøse vis over tretopane.

På vegen heimatt fekk me rett så god surf i hekken. Bylgjene følgde oss til Straumsøya, der skavlane byrja gå kvite. Akkurat her fekk leiaren problem med spruttrekket, og fekk vatn inn i cockpiten sin,men påfylgjande problem med stabiliteten. Etter pumping og forsikring av at trekket etterpå var på plass sette me i gang med eit par med særs utfordrande teknisk padling.

Men kjekt var det.

(foto: På veg mot Småstraumane frå Rostøy - ein av dei få stadane der vinden ikkje fekk tak).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar