fredag, mai 29, 2009

"Austevoll Seafood" på plass

I dag var me og henta klubbens nye juvel, "Austevoll Seafood", på Krokeide. Båten vart levert av importør Thomas Nicolson hos Bølgen og meg. Den nye båten er ein TideRACE Xplore. Kajakken har eit utruleg fartspotensiale, men er likevel rett så leiken.

I tillegg har båten ei rekkje flotte detaljar og utruleg fin finish.

Neoprentrekk sit utruleg godt fast kring cockpitkanten på denne kajakken, så me rådar medlemmar som vil prøve han å nytta vanleg spruttrekk.

"Austevoll Seafood" er kjøpt inn som ein del av samarbeidsavtala Havstril padleklubb har med konsernet Austevoll Seafood. Me er stolte over å kunna assosiera oss med eit verdsomspennande fiskerikonsern som bærer namnet til heimkommunen vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar