fredag, februar 15, 2008

Årsmelding

Årsmøte vart i 2007 haldt medio februar. Interimstyret vart erstatta av eit styre beståande av Trond Hagenes (leiar), Nina Møgster (nestleiar), Liv Bente Storebø (kasserar) og Rune Hugøy (styremedlem). Varamedlemmar var Nils Ove Sørvik og Yngve Ringdal. Det vart i løpet av året arrangert fire styremøter.

I løpet av året vart medlemstalet meir enn fordobla. Ved utgangen av 2006 hadde klubben 18 medlemmar. Ved årsskiftet 2007/08 var talet 38.

Klubbens aktivitetar vart dokument på bloggen http://havstril.blogspot.com. Me hadde i underkant av 5 000 treff på bloggen i løpet av året. Seinare fekk me klubbens eigne heimeside oppe og gjekk. Her ligg meir generell informasjon om klubb, medlemsskap, materiell m.m.

2007 var det fyrste heile kalenderåret klubben har vore i drift. Sesongen starta friskt med torsdagstur rundt bruene holmane utanfor Storebø, ein tur på kring 15 kilometer alt i alt. Gjennom heile padlesesongen var torsdagspadlingane kjerneaktiviteten vår. Høgdepunktet var då åtte-ni medlemmar tok turen frå Rostøy og rundt Horgo.

Me hadde òg relativt godt oppmøte på kanalturen til 15. April til Bømlo. Seks havstrilar koste seg med kjempevêr og interessant kulturlandskap.

I 2007 arrangerte me to introkurs i havpadling i samarbeid med Aktiv. Me hadde til saman 19 deltakarar på desse kursa. I utgangspunktet skulle Havstril i løpet av fjoråret stilt med eigen aktivitetsleiar som kunne gje slike kurs, men grunna sjukdom på den aktuelle kursdatoen, trekte dette ut. I løpet av tidleg vår 2008 skal likevel dei naudsynte godkjenningane for sjølv å gje interesserte grunnleggjande innblikk i havpadlingas kunstar føreliggja.

Me hadde i 2007 planar om å arrangera eit todagars teknikkurs i havpadling. I tolvte time rente avboda inn i slikt monn at me vart nøydde til å avlysa kurset. Ein av dei andre planlagde aktivitetane me ikkje fekk gjennomført var Huftarøy rundt, som me flytta til 1. September. Heftig regn og ufyselege tilhøve sytte for at turen måtte avlysast. Likevel melder fleire medlemmar at Huftarøya er godt mogleg på ein finvêrsdag – sjølv med innlagt bålkos og rasting.

Me var til stades under maijubileet til Bekkjarvik torg, der både unge og eldre forsøkte seg som mannskap i K2-en vår, ”Eldjarnet”. Me delte ut informasjon om klubben og padleforbundet utan at responsen vart overveldande. Havstril forsøkte òg å organisera ein sjøspotdag i Gråsidalen, men berre eitt av dei andre laga stilte. For vår del falt datoen saman med det andre introkurset, men det var få eller ingen som var interessert i demo-utstyret som Torgeir Toppe hadde med seg.

Fyrste halvår vart vellukka med tanke på innhenting av sponsorkroner. Med store pengegåver frå mellom andre Møgster Management, Østerbris AS, Austevoll kraftlag BA og K. Halstensen, fekk me kjøpt inn fire kajakkar til klubben. Ein femte kom òg til etter tildeling av allmennyttige kroner frå Sparebanken Vest. Sparkjøp gav oss òg seks flytevester. I tillegg har Vital sponsa klubbens digitalkamera.

Av anna utstyr kjøpte klubben inn fire redningspakkar med åreposer og pumper, der ein vart stelt frå klubbhuset. Me disponerer fleire par årer, der dei fleste er kjøpt inn saman med kajakkane.

Mellombels kan det sjå ut som me treng å gjera utlån av kajakkane våre betre kjent for publikum. I utgangspunktet burde båtane kunna vera med å stimulera til auka innmelding av yngre medlemmar, noko som berre i noko utstrekking har funne stad. Det er òg truleg at det nokså ufyselege seinsommarvêret kan ha torpedert padleplanane til mange austevollingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar