onsdag, februar 27, 2008

Nytt styre på plass

Havstril hadde eit hyggeleg årsmøte med Mats Hjelle sitt føredrag om padle- og fjelltur i Sogn og i Møre og Romsdal som høgdepunkt. I tillegg vart det mellom anna valt nytt styre, som rett etter møtet konstituerte seg. Leiar er Trond Hagenes. Nestleiar er Camilla Solbakken. Styremedlemmer er Malin Sjursen Sørvik og Rune Hugøy. Fyrste vararepresentant er Ole Bjarte Austevoll, medan andre varamedlem er Nina Møgster. (Bilete: God stemning under Mats Hjelle sitt føredrag).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar