fredag, august 03, 2007

Godt oppmøte - grei tur


Seks havstrilar tok turen langs Selbjørn-landet torsdag, trass i utsikter til regn og basje vind. Trass dette vart utflukta fin, den. Me padla først inn i Fagerbakkevågen og tok gamlehuset til Olepokai i nærare augesyn, forbi Slåttevikja og inn til Kalvaneset. Mange fine vikjer og ditto naust og sjøhus å sjå. Me padla inn forbi holmane i Veivågen, der yngelen lekte seg på grunna, og vidare mot Rabbavikja. Her tok me padlataka mellom Olsen-båtane "Nordervon" og "Norderveg". Ein kajakkpadlar veit som eit lite lauv samanlikna med fiskeskip på 70 meter. Yngve fann seg ly frå regnet med å leggja kajakken under gummibåt som hengde frå davitane på ein ein lystbåt. Deretter fekk me litt meir utfordrande tilhøve. Me svinga ut frå Rabben i retning Djupavågen fekk me bølgjer frå sida og litt kraftigare vind enn tidlegare på turen. Likevel var det ingen som hadde problem med å nå turens siste mål. På vegen heimatt fekk me ein liten surf å leika oss med, ogh me avslutta turen to og ein halv time etter me starta han.

Neste veke satsar me på start frå Kvalvåg dersom det visar seg å vera havblikk. Om det vert meir baskete vêr startar me ved brua ved Eido/Søreide/Åsmundpollen. Føl med på Havstril-bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar