fredag, august 10, 2007

Fem gav seg pollane i vald



Trass i einskilde vindgufs til å byrja med vart det rett så fint på Heimarkpollen torsdagskvelden. Mew tok ut ved Åmundspollen, bisna litt ved Åno før me tok ein heller slakk hovudstraum ut frå pollen. Etter å ha skotta raskt på Blænestangen gjekk me inn i dei vakre Småstraumane, som fluat som ein dorsk flod. Øyredøyvande stille, som ein padlar sa. Forbi Heimark, inn i Slorkjen, deretter kryssa me pollen og gjekk inn i den pittoreske vika ved Naustheller. Fascinerande naust, i ein litt anna byggetradisjon enn det ein ser mange andre stadar i Austevoll, kan ein påstå. Til slutt spruta me attende til utgangspunktet, med ti kilometer tilbakelagd på dei halvannan timane me var ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar