mandag, april 16, 2007

Kjempeflott på Bømlo





Fem havstrilar storkosa seg med 23 milometer padling - tilbakelagt på i underkant av fire timar, pause ekskludert. Me sjøsette farkostane våre ved Spissøy, og tok dei få åretaka mot Røyksundkanalen. I sundet kunne me i og for seg hengt oss på ei bryggje som var under slep. Allereie litt etter klokka ti var det varmt å padla. Vårsola hadde teke eit solid tak om oss, og vart følgjesven heile dagen.

Røyksundkanalen låg stille som det blankaste, nypussa speglet. Me observerte godt med velvaksne blåskjel under floa, som var på veg ned, og dermed gav oss litt hjelp vestover. Me passerte eit aude badeland og den gamle handelsstaden like ved utlaupet av kanalen.

Så bar det langs kysten av bømlolandet, som viste seg rikt på sjøfugl og ender. Mange fiskeender var å sjå, sjølv om dei vart skremte opp så langt unna at ein måtte ha særs god kontroll over ornitologien for å artsbestemma dei. Tjelden var meir samarbeidsviljug og me kom retteleg nært fleire par, som sikkert er i ferd med å laga reirplassane ferdig for ruging og ungeproduksjon.

Etter kvart kom me nærare Kuleseidkanalen, på vegen observerte me eit byggverk som sikkert har vore reist av nokre unggutar eller styvingar. Skal tru om dei har innhenta byggjeløyve? For om ho ikkje akkurat var vinterisolert, ruva ho med sine tre-fire kvadratmeter på den vesle holmen der ho var sett opp.

Etter nesten halvannan time var me endeleg i Kuleseidkanalen. Fascinerande å sjå korleis dei i gamle dager løyste problem, med å sprengja ut og laga nye farleier. Om dei to kanalane ikkje akkurat er Suez- eller Panamakanalen, er det likevel påminningar om oppfinnsame menneske før om åra. På vegen forbi gjestebryggja utveksla me høflegheitsfraser med dei som sola seg om bord i båtane der inne. Heldigvis ikkje så mange børsfiffar som briska seg på flybrigden denne tidlege vårdagen.

Me vart raskt kaffetørste då det gjekk opp for oss at me var komne til enden av kanalen. Me spurde ein familiekar som me traff i ein Boreal Inukshuk om gode plassar for å rasta (han drog faktisk opp ein liten lyr med fiskestonga då me trefte han), ogt me enda opp med å grilla pølser og eta nista ved ein flott lita trebryggje med ditto båthus.

Etter kos og påfyll av drivstoff sette me vegen attende. Me tok same ruta, og kunne mellom anna observera alle dei flotte, raudeaktige anemonane som har klort seg fast lange kanalveggane. I Røyksundkanalen var vasstanden meir enn ein meter lågare enn då me padla inn.

Så tidleg i sesongen kan det i alle høve ikkje stikkast under ein stol at einskilde av dei som var ute og padla kjende seg retteleg slitne etter dei fire timane og 23 kilometrane me hadde tilbakelagt.

Tekst: Trond Foto: Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar