tirsdag, april 03, 2007

Hugs Bømlo-turen

Still opp på ferjekaien på Husavik sundag klokka 0900 den 15. april og vert med på å padla Røyksund- og Kuleseid- kanalane på Bømlo. Me kjører over brua frå Stord og kan byrja padla nesten med ein gong. Ta med god niste (gjerne noko grillkol, pølser etc) for pause under vegs. Med mindre det vert ofseleg sterk sønnavind er dette som ein rein kosetur å rekna. Me legg opp til at du anten kan padla litt over ni kilometer, eller to timar i moderat padletempo, eller det dobbelte om du vil. Dei som padlar ni kilometer tek drosje attende for å henta bilane sine ved Spissøya. Klubbkajakkane er tilgjengeleg for dei som ønskjer å nytta dei. Me har sikkert avgrensa takstativplass, men Trond har i alle høve plass til ein ekstra kajakk på taket. (kart: faksimilie frå http://kart.kystverket.no)

1 kommentar:

  1. Eg kan opplysa om at det skal bli strålande vêr - Tørt og gode greier. Her er det berre å vera med (seks påmelde per tysdag kl 16).

    SvarSlett