torsdag, mars 22, 2007

Straumane i vald

Sesongens første torsdagspadling starta tidleg. Litt før klokka fire frå Heimark. Me leika oss stort sett i Småstraumane - som var veldig sterke i dag. Den nye Buccaneer-en fekk sjø under kjølen for første gong, men me hadde visse problem med roret, som me må sjekka opp i før han er klar for generelt medlemsbruk.

Turen på akkurat to timar var uansett kjempeflott - knallsol på ein varm ettervintersdag. Kva anna kan ein gjera enn å sei seg hjartans samd med Rune "Detta e' livet!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar