fredag, mars 30, 2007

Brufeste, Råtapollen, Rostøy og tilbake til Gråsidalen



Perfekt vårsol og eit hav roleg som eit stovegolv, gav oss gode ramer til å verta litt varme under skjorta etter ein altfor lang vinter i padleopplag. Me sette ut frå Gråsidalen klokka fem, og navigerte nordover for å bisnast litt på bruarbeida mellom Austre bakholmen og Hundvåko. Me la oss å venta på at anleggsferja la seg til før me sprinta fordi straumvirvlane frå propellane i det "Tjelden" òg kom forbi, utan å laga bølgjer grunna den låga farten sin. Me tok strekket sørover langs land og inn i Råtapollen, som alltid er idyllisk. Me skoda ein mann og Kongsvarden ved Melinga, før me la i veg austover til Rostøy, der Rune gav seg for dagen (måtte rekkja volleyballtreninnga, må vita). Dei fire som var att heldt fram i Rostøysundet, og beundra Jostein Blænes sine skjeringar på Bjånesøyi. Til slutt kom me oss inn til Storebø att, og me nytta nokre minutt til inspeksjon av lagringsplassen til kajakkane i seglarnaustet. Her kjem me nok til å få plass til seks til åtte kajakkar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar