torsdag, januar 25, 2007

Gullkyst for padling

Stranda ligg skjerma for vinden og dei moderate bølgjene. Det er lett å setja seg ned i kajakken, ordna med spruttrekket og ta dei første frigjerande åretaka ut på sjøen. Og kva stad er vel betre enn øyane våre for akkurat dette?

Kajakken glir elegant gjennom vatnet. Eg kjenner ei svak murring i skulderblada som er sjølve motoren når ein padlar. Rytmen er sett og konsentrasjonen lagt mot eit punkt omlag ein kilometer borte. Trass i at det er store bølgjer og mykje vind berre nokre kilometer unna, er denne pollen så og seia alltid som er dorsk innsjø på Austlandet. Naturen er likevel fantastisk. Første gong eg padla gjennom straumane med forsiktige åretak kunne eg beundra det rike livet under kjølen, snika meg innpå ein og annan fugl og jammen kom ikkje sjølvaste havørna òg glidande rett over tretoppane.

Gleda med kajakk er kanskje størst når du voggar med havet og kajakken skjerer seg grasiøst gjennom bølgjekammane, eller når du endeleg roen og glede ved å få bølgjene inn frå sida av båten.

Det aller kjekkaste med å padla i Austevollskjergarden er at du alltid kan finna passande utfordringar. Om du er nybyrjar, kan det vera aller best å halda seg ein stad der du unngår for mykje store bølgjer og skjergardsjeepar som freistar å renna deg i senk. Slik sett kan Heimarkpollen med det unike økosystemet sitt, eller liknande pollar ved Drøno eller Haukanes vera ideelle.

Kjekke turar
Spennvidda for padling er stor her ute. Ein fin dags- eller overnatting tur for dei meir røynde, kan vera å setja kursen frå Rostøy til Horgo. Denne øya har mykje å by på, og du kan sova trygt og godt i ei seng i horgehuset til Bergen og omland friluftsråd. Om du kryssar eller padlar langs skipsleia, bør du alltid vera varsam. Det er slett ikkje gitt at han som står ved brua har sett det vesle fartøyet som duppar i bølgjene. Å ha ein lett synleg kajakk og tilsvarande klede er ei god hjelp. Om du padlar når det mørknar, bør du alltid ha ei eller anna lyskjelde festa på padlevesten eller på dekket av båten din.

Sjølvaste Møkstrafjorden og kyssing av større fjordar bør du vera forsiktig med om du ikkje er røynd, eller i selskap med nokon som er det. Likevel, mange meiner at skjergarden mellom Møkster og Litlakalsøy er noko av det vakraste Austevoll har å by på. Fuglelivet er spesielt rikt her, og om hausten kan nok sjøfugljakt frå kajakken by på mange spanande opplevingar. For dei av oss som føretrekkjer fuglane levande, er det både alkar, ender, grågås og rovfuglar å få auge på. Men sjølv på rolege dagar kan det vera ein og annan havdønning som bryt mot land. På slike plassar opplever du ofte såkalla refleksbølgjer, og då kan det vera enklast å gå eit stykke frå land. Store bølgjer og bratte berg er oftast den verste kombinasjonen.
På dei finaste godvêrsdagane er omtrent heile øyriket tilgjengeleg for kajakken. Hugs berre å unngå område med undervasskjer og der det er mykje drag i sjøen. Om du er usikker på kvar det er trygt, bør du rådføra deg med folk som er lokalkjende.

Tryggleik, tryggleik, tryggleik
Inngangsbilletten til å padla treng ikkje vera høg. Du kan få kjøpt gode padlepakkar for under 10 000. Hugs likevel på tryggleiken. Ei god investering for alle padlarar er eit nybyrjarkurs. Det finst ei rekkje kajakklubbar i nærleiken som kan hjelpa deg med dette, som understrekar at padleforbundet tek sikker padling seriøst. Også mange av butikkane som sel kajakkar, tilbyr kurs slik at folk finn seg til rette i den nye farkosten sin. Eskimorulla treng du likevel ikkje bry deg så mykje med. Ho er meir eigna til å imponera motsett kjønn med enn til normal havpadling. Om ein ser bort frå dei aller raskaste havracarane, vert kajakkane laga slik at dei er svært stabile. Kunsten er berre å vera lett og ledig og nytta hoftene som balansepunkt. På desse kursa får du òg gjennomgang av teknikk, noko som er eit må ha for ein fersk padlar.
Hugs at du alltid kler deg etter temperaturen i vatnet. Går du rundt, må du alltid vita korleis du skal redda seg sjølv. Du bør ikkje padla langt frå land før du har øvd inn sjølvredding- eller kameratredding. Uansett er ein årepose og ei pumpe for å tømme vatn frå cockpiten naudsynt når du padlar åleine. På dei finaste sommardagane kan likevel solbriller - og krem og ei god skuggelue vera like essensielt for ei god oppleving på fjorden. Og det er sjølvsagt galskap å ikkje nytta redningsvest. Denne skal på sjølv om du berre tek to tak utanfor bryggja.
Padling kan vera alt frå lett rekreasjon til gode treningsøktar, gjerne i kombinasjon. Med litt fokus på tryggleik, har du mange gode opplevingar i vente.
(Stod på trykk i Marsteinen sitt sommarbilag 2006)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar