mandag, januar 15, 2007

Bli sett på sjøen

Å vera usynleg for førarar av skjergarsjeepar og andre snøgge båtar er eit mareritt for ein havpadlar. Ein skipper me kjenner meiner at padlarar ofte ikkje har nok fokus på dette. Når du kjøper padleutstyr som årer, vestar og tørrdrakter - tenk alltid på å få dei i så synlege fargar som mogleg - gul, oransje, raud eller andre fargar med "knesj". Brukar du karbonårer (som ofte er svarte, grå) kan det vera ein idé å spraylakkera dei i ein god farge.



(Foto: Tenk på å vera synleg når du padlar - slike fargar hjelper. (Palm Eq.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar