fredag, oktober 01, 2010

10.000 frå Sparebanken Vest - og fin hausttur


Sparebanken Vest møtte opp på Sveholmen før klubbpadlinga i går, og hadde med seg godsaker i sekken. Avdelingsbanksjef Ragnhild H. Bjånesøy (i midten) og Turid Helen Gangsøy gav oss 10.000 kroner til klubbarbeidet vårt.

Havstril-leiar Trond Hagenes takka for støtta frå banken og for godorda. Samstundes understreka han at utan støtta frå Sparebanken og andre næringslivsaktørar i Austevoll hadde det ikkje sett ut slik det gjer i klubbnaustet.

Takk for støtta!

Me var seks som padla ut frå Sveholmen, mellom oss ein  svaksynt medlem som takla både drag og dønningar på framifrå måte. Imponerane.

Dessutan la me oss heilt stille og lèt lydane i naturen, frå dei nære skvulpa til drønnet av havet som slo mot land i vest og sør-vest.

Neste veke padlar me naturskjøne Haukanespollen. Kor me startar vert kunngjort på bloggen tidleg til veka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar