fredag, juni 11, 2010

Til Kalve og nesten Marstein


Eit halvt dusin havstrilar koste seg i finevêret i går. Me padla frå stranda på Spissøy, kryssa Kalsvika til skjera utanfor Indreøya, og gjekk sørvestom Ytterøy og følgde vikane langs Storekaløy heilt tilme runda Håneset. Her kom havsdønningane rusande inn, og me hadde flott utstikt til Marstein fyr medan me vurderte om me skulle leika oss rundt øya, eller ta den reine koseturen via ein kanal mellom Ytreøya og Kalvelandet. Me valde det siste, og fekk flott surf i hekken innover mot Sveneset, som ligg rett i nærleiken av loshytta på Kalve.

Så fekk me på nytt helsa på det to flotte hangeitene på den fyrste holmen innanfor Ytreøya. Dei er så sosiale at du får klappa dei, og det var på nippet til at dei hoppa om bord i eit par av kajakkane. Me padla vidare over Kalsvika att, forbi Bahus, Bakksund og sørsida av Spissøy.

Me padla totalt 13,2 kilometer, og bevega oss i to timar og 36 minuttar. Det gjev då ein bedageleg gjennomsnittsfart på i overkant av fem kilometer i timen.

Nok ein kjempeflott klubbtur, og det var ekstra kjekt å sjå nye andlet på denne aktiviteten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar