onsdag, august 26, 2009

Fin tur rundt Drøna

Sørausten fekk ikkje tak på vestsida av Dronø, då ein fåtalling havstrilflåte var på fellespadling måndag. Me padla limt langs land, og duppa åra i tanga stort sett heile vegen. Tjeldane fauk opp rundt oss, og på vegen fekk me ein ung ærfugl til å forsøkja å ta til vengjene. Til slutt gav han opp og dykka under havoverflata.

Me trefte på ribbemanetar under skroga våre, medan små sølvglinsande fisk hoppa rett framfor oss, skremde av årene våre eller kanskje ein skummel predator som skaut opp frå djupna.

Etterkvart vart det tid for å padla inn i Drønspollen, der det ikkje var ei sjel å sjå. Rolege tak i den tidlege haustsjøen, som enno var varm.

Til slutt padla me litt inn i Busepollen, forbi Trollholmen og innatt til Beinskrokjen, akkurat i det det var i ferd med å mørkna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar