tirsdag, juli 07, 2009

Storkos i duskregnet


Fire havstrilar og to havstrilar in-spe tok turen frå Gråsidalen i går. Me padla nordover, under Storholmbrua, kryssa leia til Hundvåkøylandet. I Osen såg me ein stim med niser som sikkert var travle med å forsyna seg av makrellstimane i området.

Me duppa forbi Haugagut sin kai, vidare forbi Torangsvågen, i retning Skår. Mykje fin skjergard å sjå, og me merka oss alle dei pittoreske hyttene her og vidare i rundt Skårøysundet. Eigentleg hadde me tenkt oss til Ryarbåsen på Krossøy, men då klokka begynte å bli mange og einskilde litt møre hist og her etter den fyrste padleturen sin, tok me vendereis sørover att.

På vegen trefte me "Rygerstril" som laga bylgjer akkompagnert av frydefulle kvin frå nokre av oss. Totalt padla me rett i overkant av 15 kilometer på temmeleg nøyaktig tre timar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar