lørdag, januar 31, 2009

Årsmelding 2008

Havstril padleklubb

Styret i Havstril padleklubb bestod i 2008 av Trond Hagenes (leiar), Camilla Solbakken (nestleiar), Rune Hugøy (styremedlem/internettansvarleg) og Malin Sjursen Sørvik. Det var avheldt to styremøte, og elles hadde styret kontakt per e-post, telefon eller SMS når noko skulle avgjerast. Havstril sin representant til Austevoll idrettsråd var tidlegare styremedlem Liv Bente Storebø.

Ved utgangen av 2008 hadde me 53 betalande medlemmar. Dette er ein betydeleg frå året i førevegen (38). Likevel hadde me stor avskalling av medlemmar. 10 personar som var medlemmar i 2007 fornya ikkje kontingenten sin i fjor.

Hovudaktiviteten til padleklubben var som i tidlegare år torsdagspadlingane. Spesielt i sommarmånadane var det mange som var med, både ti og tolv medlemmar. Gledeleg var det også at svært mange av klubbkajakkane var i bruk ved mange av desse høva. Havstril arrangerte to lengre dagsturar utanom desse turane. Den eine var ein tur til dei ytre øyane med utspring på Rostøy, medan den andre var ein tur til Fitjarøyane. Alle desse aktivitetane er dokumentert på klubbens blogg.

Nytt i 2008 var at Havstril fekk sin fyrste eigne aktivitesleiar. Dette var ein ubetinga suksess, og har resultert i auk inntekter til klubben, høgare nyrekruttering og positive attendemeldingar frå dei som var med på kursa. Kurs er blitt enklare å koordinera, og me slepp dei store kostnadane med eksterne kurshaldarar. På kurssida prøvde me for andre året på rad å arrangera teknikkurs. Det tok lang tid å få ein stadfesta dato på plass, og det kan vera noko til grunnen til at nesten ingen var interesserte. Kurset måtte difor utgå. Det same skjedde med rockhoppingkurset me planla på hausten, men har var interessen større. Kanskje noko å prøva på ved eit seinare høve. Eskimorullekurs med Eilert Winther vart ein suksess i mai.

Me var òg å besøkte Trolandshamar skule før sommarferien, med fleire kajakkar. Dette fekk me særs positive attendemeldingar på. Truleg resulterte besøket vårt i innmelding av to nye medlemmar i den yngste aldersgruppa.

På materiellsida gjekk me til innkjøp av to nye kajakkar. Ein Boreal Design Baffin og ein Seda Ikkuma 17. Spesielt sistnemte har falt i smak hos medlemmane, der to av dei aller ivrigaste har kjøpt seg same modellen. Av anna utstyr har me kjøpt inn fleire spruttrekk av gode kvalitet, fem par årer i ulik kvalitet, isoporadapter til takgrind (tre stykk), to hjelmar, GPS med bluechart for vårt område, slepeliner og anna tryggleiksutstyr og tre tørrdrakter av typen NRS. Desse har ikkje vore nok utlånt, trass i at dei er eit godt tilbod for folk flest til å forlenga sesongen utan å måtta investera mange tusenlappar.

I løpet av året inngjekk me klubbavtale med God Tur i Bergen. Dei fører mellom anna Valley og Riot. Medlemmane vår får 10 prosent i bonus ved kjøp av utstyr. Eit godt tilbod. Fleire medlemmar nytta seg òg av å kjøpa tørrdrakt gjennom klubben til ein redusert penge.
Utanom klubbturane, vart det registrert 25 uttak av klubbkajakkar i andre halvår. Det vart òg utleigd kajakkar til ikkje-medlemmar for nærare 1 500 kroner i fjoråret.

Klubben trykte på ei rekkje hettegensarar og t-skjorter med klubbemblem og teikning av Lena Haukanes. Me har selt ut nesten alle gensrane, men har framleis att t-skjorter. Me har òg delt ut ein del t-skjorter i marknadsføringssamanheng. Dette gjeld t.d. til Sparebanken Vest, God Tur, Ut i Naturen og Aktiv i Bergen.

På hausten gjekk me inn i eit uformelt samarbeid med Austevoll uv-jegarar om å pussa opp og drifta huset ved badeplassen på Sveholmen/Spissøy. Leiar Hagenes hadde møte med Bergen og omland friluftsråd ved Åge Landro, Austevoll kommune ved Karl Johan Haugland og undervassjegarane ved Olav Jarnes og Stig Storebø. Det resulterte i ei sterk oppmoding frå BOF om å inngå eit samarbeid. På eit seinare arbeidsmøte var felles idear mellom dei to laga diskutert. Ved årsskifte hadde Uv-jegare skrive kontrakt med BOF, men ikkje med Havstril pk. Truleg kjem Hpk til å disponera motorrommet til utstyret sitt og ha tilgang til dujsa i hovudhuset. Staden er òg særleg eiga til sosiale samankomstar på sommarstid og midt i blinken for ulike kurssituasjonar.

Padlebloggen vår hadde omlag 1 600 treff i fjoråret. Me har ikkje statistikk for heimesida.

Valnemnda for nytt styre i 2009 er Liv Bente Storebø 91 66 10 20 og Margrethe Østervold 91 66 10 71.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar